Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Vatn Foto: Wouter. Vatn  Vatn er det vanlegaste stoffet på jorda si overflate.  Det aller meste av vatnet på jorda er saltvatn.  Mesteparten av ferskvatnet.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Vatn Foto: Wouter. Vatn  Vatn er det vanlegaste stoffet på jorda si overflate.  Det aller meste av vatnet på jorda er saltvatn.  Mesteparten av ferskvatnet."— Utskrift av presentasjonen:

1 Vatn Foto: Wouter

2 Vatn  Vatn er det vanlegaste stoffet på jorda si overflate.  Det aller meste av vatnet på jorda er saltvatn.  Mesteparten av ferskvatnet på jorda finst som is og brear. Vassdrag, fossar, elvar, vatn og innsjøar utgjer berre 0,02 prosent av jorda sitt vasslager. Illustrasjon: Rainmaker

3 Vatn  Vassmolekylet går under nemninga H 2 O  Dette fortel oss at molekylet består av to hydrogenatom og eitt oksygenatom. + = Eitt oksygenatom slår seg saman med to hydrogenatom og dannar eit vassmolekyl.

4 Vatn  Når fleire vassmolekyl opptrer saman, grip kvar av dei tak i fire andre vassmolekyl.  Desse bindingane er ikkje like sterke som dei vi finn i kvart enkelt molekyl. Når du slår på springen og tek litt vatn i handa di, bryt du bindingane mellom mange vassmolekyl.

5 Vatn  Vassoverflata er som ei tynn og elastisk hinne.  Dette gjer at vatn kan bere lette objekt som for eksempel insekt.  Den tynne hinna i vassoverflata blir kalla overflatespenning. Overflatespenning oppstår fordi molekyla i vassoverflata blir trekte mot molekyla lenger ned.

6 Vatn Alle atom og molekyl kan opptre i tre ulike former. Desse er: Fast form Flytande form Gassform Foto: Kim Hansen Trykk og temperatur avgjer kva form atoma og molekyla opptrer i til eikvar tid.

7 Vatn  Eit heilt spesielt trekk ved vatn er at det utvidar seg i fast form.  Det betyr at is er lettare enn vatn.  Dette kan vi sjå ved at isen på innsjøar legg seg på vassoverflata om vinteren. Dersom vatn hadde oppført seg som andre stoff, ville isen sokke til vassbotnen om vinteren. Då ville større delar av innsjøen ha frose til is. Foto: Paul Downey

8 Vatn  Når vatn blir opp varma til 100°C, tek det gassform.  Då blir bindingane mellom molekyla brotne.  Temperaturen der ei væske går over til gassform, blir kalla kokepunktet. Dersom vatn hadde vore likt mange andre stoff, ville det kokt ved atskilleg lågare temperatur. I så fall hadde det ikkje eksistert flytande vatn på jorda. Kokande vatn i ein geysir på Island. Foto: Ville Miettinen

9 Vatn  Vatnet sitt krinsløp er ein kontinuerleg prosess som finn stad i jordatmosfæren.  Sola varmar opp vatnet til damp.  I atmosfæren blir dampen avkjølt, før han fell til jorda som nedbør. Når vatnet går frå gass - til flytande form, seier vi at det blir kondensert.

10 Vatn  Vatn er spesielt godt eigna til å halde på varme.  Dette gjer at havområda aldri blir ekstremt varme eller kalde.  Hava stabiliserer derfor klimaet og temperaturen på jorda. På breiddegradane våre blir kystnære område kjenneteikna av kjølige somrar og milde vintrar. Innlandsområde er derimot prega av varme somrar og kalde vintrar. Korleis kan vi forklare det? Foto: Clemensfranz

11 Vatn  Vatn speler ei heilt avgjerande rolle for livet på jorda.  Etter oksygen er vatn det næringsstoffet vi er mest avhengige av.  Kroppen treng mellom to og tre liter væske kvar dag for å oppretthalde alle dei livsviktige funksjonane sine. Foto: Third Eye

12 Vatn  Menneska har alltid busett seg i nærleiken av vatn.  Vatnet var viktig som drikke og til vatning innanfor jordbruket.  I Romerriket bygde ein akveduktar som frakta vatn til byane. Romarane hadde flotte bad. Her kunne dei nyte oppvarma vatn, damp, massasje og oljar.

13 Vatn  I delen vår av verda har vi god tilgang på reint vatn.  Vatnet kjem ferdig reinsa til heimane våre.  Vi har varmtvasskjelar som varmar opp vatnet for oss. Kvar dag bruker ein nordmann i gjennomsnitt 230 liter vatn. Foto: Tanakawho

14 Vatn Mangel på reint vatn er eit problem i mange av dei fattigaste områda i verda. Mange menneske har berre tilgang på vatn som er skite, forureina eller forgifta. Foto: hdptcar I følgje FN døyr det kvart år fleire titals millionar menneske som ein følgje av at sjukdomar blir spreidde gjennom ureint vatn.

15 Vatn  Vatn har lenge vore ein viktig ferdselsveg for menneska.  I Noreg gjorde kombinasjonen av elvar og hav at ein kunne frakte og selje store mengder tømmer til utlandet. Tømmerfløyting gav arbeid til mange nordmenn gjennom fleire hundre år. Mange stader og byar på Sør- og Austlandet voks - og tente gode pengar som ei følgje av handelen med tømmer. Risør i Aust-Agder voks fram som utskipingshamn for trelast på 1600-talet.

16 Vatn  Vatn kan brukast til å produsere elektrisk energi.  Vatnet blir samla i eit magasin.  Frå magasinet blir vatnet sendt til ein turbin som roterer. Rotasjonen til turbinen blir overført til ein generator. Denne lagar elektrisk energi av rørsla.

17 Vatn Bilete:Lenkje:Rettar: Vann, foss, skyerhttp://farm1.static.flickr.com/147/335640243_8d78d020e1_o.jpghttp://creativecommons.org/licenses/by/2.0/deed.en Vann, jordenhttp://farm3.static.flickr.com/2183/1798824344_d4951982bb.jpg?v=0http://creativecommons.org/licenses/by/2.0/deed.en MolekylerRogersolhaug@powerped.comrogersolhaug@powerped.com Vannløperhttp://no.wikipedia.org/wiki/Bilde:Wasserl%C3%A4ufer_bei_der_Paarung_crop.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/GNU_Free_Documentation_License Frosset innsjøhttp://farm1.static.flickr.com/212/506462836_4e6c2c6466.jpg?v=0http://creativecommons.org/licenses/by/2.0/deed.en Geysirhttp://farm1.static.flickr.com/69/201305722_2c83637176.jpg?v=0http://creativecommons.org/licenses/by/2.0/deed.en Ålesundhttp://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/0/0a/Aalesund_Stadtbild.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/GNU_Free_Documentation_License Røroshttp://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/51/R%C3%B8ros.jpg/800px-R%C3%B8ros.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/Public_domain Dråpehttp://farm1.static.flickr.com/196/484776493_3be68a1693_o.jpghttp://creativecommons.org/licenses/by/2.0/deed.en Akvedukthttp://no.wikipedia.org/wiki/Bilde:Pont_du_gard.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/GNU_Free_Documentation_License Skittent vannhttp://farm2.static.flickr.com/1151/797338005_056e893e57.jpg?v=0http://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.0/deed.en Dusjhttp://farm1.static.flickr.com/159/407834432_452ee26d63.jpg?v=0http://creativecommons.org/licenses/by/2.0/deed.en Risørhttp://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d1/Risor2.jpg/120px-Risor2.jpghttp://en.wikipedia.org/wiki/GNU_Free_Documentation_License Kraftverkhttp://commons.wikimedia.org/wiki/Image:Hydroelectric_dam-letters.svghttp://en.wikipedia.org/wiki/GNU_Free_Documentation_License


Laste ned ppt "Vatn Foto: Wouter. Vatn  Vatn er det vanlegaste stoffet på jorda si overflate.  Det aller meste av vatnet på jorda er saltvatn.  Mesteparten av ferskvatnet."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google