Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Elevperspektiv på overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule Del 1: Om bakgrunn for val til vidaregåande opplæring Rådgjevarkonferansen Sogn og Fjordane.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Elevperspektiv på overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule Del 1: Om bakgrunn for val til vidaregåande opplæring Rådgjevarkonferansen Sogn og Fjordane."— Utskrift av presentasjonen:

1 Elevperspektiv på overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule Del 1: Om bakgrunn for val til vidaregåande opplæring Rådgjevarkonferansen Sogn og Fjordane Loen november 2015 Ann Karin Sandal

2 Fokus på konferansen  Elevane sitt perspektiv på overgangen - deira handlingsrom og «verktøy»  Rådgjevingstenesta sitt handlingsrom og verktøy

3 Å velje utdanning (og yrke)  Gjennom ti år i skulen - skulen sine mål, innhald og organisering - planlagt, bestemt og styrt av andre  10. klasse - forventningar til elevane om å vite kva ein vil og er interessert i, kunne reflektere over og realisere personlege utdanningsplanar og mål

4 Å velje utdanning (og yrke)  Krev stor grad av tryggheit og sikkerheit med tanke på - eigne interesser og korleis desse korresponderer med tilbodet i vidaregåande skule - motivasjon - verdiar og prioriteringar  Krev kunnskap om - utdanningsvegar og alternativ - arbeidsliv og ulike bransjar

5 Samstundes….  Utvikling på mange område (emosjonelt, biologisk, kognitivt etc)  Identitetsdanning - får nye orienteringspunkt - bort frå foreldre og mot jamnaldringsgruppa  Utvikle sjølvstende - evne til å planlegge - utvikle interesser

6 ”Psykososialt moratorium” Ei viktig fase mellom barndom og vaksenlivet, prega av utprøving av identitetar og sosiale roller

7 Kva skal eg bli – kven skal eg vere  Identitetsutvikling - oppleving av kven ein sjølv er - måten ein definerer seg sjølv på - kven ein ynskjer å vere

8 Anthony Giddens (1938 -)  Identitetsutvikling = resultat av det seinmoderne samfunn si individualisering  Gjennom refleksive val konstruerar ein seg sjølv og sin identitet

9 Seinmodernitet  Moderniseringa har ført til ei forvitring av samfunnsinstitusjonar og kollektive tradisjonar  Oppløysinga av samfunnsmessige strukturar og svekking av handlingsfellesskap (disembedding mechanism) fordrar ei evne til refleksivitet hjå det enkelte mennesket, ei evne til å ta stilling til alternativ og gjere sjølvstendige val

10 Sjølvrefleksjon Ei tilpassing til det seinmoderne samfunn og nødvendig for å meistre - kva vil eg gjere kven vil eg vere, korleis vil eg framstå - ”iscenesetjing” av seg sjølv

11 Identitet  Pågåande refleksjon over kven ein er og kven ein vil vere  Rekonstruksjon av sjølvoppfatning i lys av impulsar og påverknad frå miljøet rundt  Refleksjonar over fortid, notid og framtid

12 Kulturell frisetjing  Finns i mindre grad eintydige, gyldig normer og reglar for adferd  Normer vert oppfatta som relative og er i rask endring  Konsekvensar for t.d. - val av utdanning, yrke - kvar ein buset seg - sosial gruppe - religion, livsstil, verdiar osv

13 Risiko  Når utvikling av identitet, sosialisering osv eit aktivt, individuelt val utset seg for risiko sjølvbilete Sårbarheit i høve til grunnlag for val støtte frå signifikante andre evne til refleksivitet

14 Frå Utdanningsspeilet, 2015  72 % fullfører vgs i løpet av 5-6 år (70 og 74 % sidan 1994-kullet)  83 % av elevane som begynte i eit studieførebuande utdanningsprogram i 2007, fullførte innan 5 år.  61 % av elevane som begynte eit yrkesfagleg utdanningsprogramm fullførte innan 6 år (snittet innafor OECD-landa: 79 %)

15 Kva verkar inn på utdanningsval: Sosiale og strukturelle faktorar Sosio-økonomisk bakgrunn - foreldra si utdanning, yrke og inntekt - engasjement og identifisering med skule og utdanning og praktisk og emosjonell støtte til barna - kulturell og sosial kapital Sosial bakgrunn – skuleprestasjonar - utdanningsval

16 Skulen si rolle  Sosial utjamning og minske sosial reproduksjon  Bidra til fagleg og personleg utvikling  Skape meistringstru

17 Fullført vgs innafor normert tid

18

19 Overgangar i utdanningsløpet

20 Elevar innafor OT

21 Foreldra sin innverknad på yrkesval  Foreldre har større innflytelse over yrkesval enn skulen  Foreldre av same kjønn som eleven har større innverknad enn omvendt  Relasjonar mellom foreldre og barn som er prega av openheit, emosjonell støtte og forståing  Dess lenger opp i utdanningssystemet elevane kjem, dess mindre i stand vurderer foreldra seg sjølve til å hjelpe elevane med skulerelaterte spørsmål

22 Kva verkar inn på utdanningsval: Individuelle faktorar  Kjønn  Skuleprestasjonar  Verdiar og verdsetjing  Grad av modenheit  Fagleg meistring

23 Kjønn og utdanningsval

24 Elevane sine føresetnader  Stor variasjon i mellom anna - motivasjon - kunnskapar - ferdigheiter - tidlegare prestasjonar - foreldrestøtte

25 Å vere moden for å velje  Informasjon  Vurdering  Avgjersle/ bestemme seg  Usikre elevar kan ha svakare utgangspunkt i sjølve valprosessen i høve til å skaffe seg informasjon, vurdere den og realisere sine utdanningsmål, og har dermed òg auka risiko for å velje feil

26 PhD- prosjekt om Ungdom og utdanningsval  10. klassingar sine opplevingar av å velje vgs, yrkesfaglege program Open spørjeundersøking i tre 10. klassar: 33 som ville velje yrkesfag Djubdeintervju med 6 elevar (to frå kvar skule)  Møtet med yrkesfagleg utdanning, 1. året i vgs Djubdeintervju med 6 elevar  Formativ vurdering i faget Prosjekt til fordjuping og innverknad på val av vg 2 og framtidig yrke Fokusgruppeintervju med 12 elevar (i to grupper) på vg1 Helse og oppvekstfag

27 Presentasjon av delstudiane  Kva kjenneteiknar elevar i 10. klasse sine opplevingar av overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring, yrkesfaglege program?  Korleis opplever elevar møtet med yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande skule?  Korleis erfarer elevar formativ vurdering i Prosjekt til fordjuping i praksisperiodar på arbeidsplassar?

28 Grunnlag og bakgrunn for val av yrkesfagleg utdanning  Motivasjon og interesser - meistringsforventning - sjølvbestemming  Utdjupe begrepa – kva er motivsjon og kva er interesser, korleis vert danna, vedlikehalde og vidareutvikla

29 Mesitringsforventning  Å ha tru på eiga evne til å prestere i konkrete situasjonar  Tidlegare erfaringar med ei oppgåve legg grunnlag for forventning om framtidig meistring  Meistringstru har innverknad på kva aktivitetar og handlingar elevar engasjerer seg i (Bandura, 1997; Zimmerman, 2000)

30 Ulike typar forventningar  Meistringsforventing - vurderingar av og tru på eigne evner til å utføre bestemte oppgåver  Forventningar om resultat - vurdering av sannsynlege konsekvensar av handlingar  Verdien av å meistre ei oppgåve verke òg inn på meistringstru og innsats

31 Kva kan skape meistringstru?  Autentiske meistringserfaringar  Modell- læring - å sjå andre ein samanliknar seg som lukkast  Sosial og verbal overtaling om at ein har føresetnader til å greie oppgåva, støtte frå lærar  Kontroll med stressnivå og negative følelsar, korleis ein tolkar «påkjenningar»

32 Variasjonar…  Knytt til kva type oppgåver elevane skal gjere (interesse, motivasjon)  Vurdering av verdien av å lukkast  Dei sosiale rammene aktivitetar skjer innafor - t.d. kan kvalitetar ved samspelet mellom elevar og læraren i ein undervisningssituasjon kunne påverke elevane sine meistringsforventningar og åtferda deira

33 Motivasjon  Har eit mål ein ynskjer å nå  Prisen ein er villig til å betale for å nå målet  Drivkraft bak all handling  Indre – ytre motivasjon

34 Teori om sjølvbestemming  Å vere engasjert i aktivitetar som er sjølvvalte og er uttrykk for personleg involvering  Motivasjon for å aktivisere seg kan ha - ulik styrke (ulike grader av motivasjon) - ulik form (indre/ ytre motivasjon) - vere orientert i ulike retningar (gjerne styrt av mål og haldningar/innstillingar til aktiviteten) (Ryan & Deci, 2000)

35 Teori om sjølvbestemmingsteori  Kompetanse – oppleve å meistre, kome vidare  Sjølvbestemming – kontroll, eigarskap  Å høyre til – anerkjennande sosialt miljø  Tillit – bli trudd på og sett krav til

36 Meistringsforventning i yrkesval  Realistiske vurderingar av eigne evner og interesser, evne til å setje seg mål, planleggje eit løp fram til målet og skaffe seg informasjon om utdanninga og yrket) - gjere eigne erfaringar - få støtte frå signifikante andre i valprosessen  Heng òg saman med utvikling av identitet knytt til framtidig utdanning og yrke - utvikle interesser - ha tru på eigne moglegheiter (Gushue et al., 2006)

37 Grunnlag for val Praktiske interesser utvikla på fritida  Meistring av praktiske ferdigheiter  Det kroppslege, fysiske «bruke hendene»  Kreativitet, vere skapande Praktiske aktivitetar og arbeidsmåtar i skulen  Kreativitet, vere skapande  Læring

38 Praktiske interesser  Elevane omtalar sine interesser som meiningsfulle, lystprega  Sjølvregulerte fritidsaktivitetar som grunnlag og praktiske arbeidsmåtar i fag i ungdomsskulen  Sterk indre motivasjon knytt til det bruke kroppen, utføre praktiske oppgåver og arbeid Meining – skape - engasjement

39 Eg vil velje teknisk og industriell produksjon på vg1 og sannsynlegvis bilmekanikar, lette kjøretøy vg2, fordi eg elskar å mekke på bilar og er maksimalt interessert i bil og motor

40 Motivasjon  Elevar med akademisk meistringsforventning ser gode faglege resultat som middel til å komme inn på det yrkesfaglege programmet dei ynskjer, meir enn som fagleg grunnlag for eit yrkesfag  Elevane opplever ikkje skulefaga som fagleg relevante for yrkesutdanning og yrke  Elevane skildrar mellom anna faga naturfag, norsk, engelsk og matematikk i 10. klasse som abstrakte og teoretiske, og dei har vanskar med å relatere faga i ungdomsskulen til faga dei skal bli undervist i på yrkesfaglege utdanningsprogram

41 Motivasjon  Interesser og motivasjon for yrkesfag - er i liten grad basert på innhald i skulefag - er i liten grad blitt påverka av faglærarar men - er i stor grad inspirert av støttespelarar i det sosiale miljøet rundt elevane utanfor skulen

42 Grunnlag for val Behov for mindre teori Studiespesialisering = teoretisk Yrkesfag = praktisk Stereotypisk syn på teoretiske/ abstrakte og praktiske kunnskapar i skulen og i arbeidsliv?

43 Utvikle interesser og motivasjon  Korleis kan skulen leggje til rette for å stimulere til interesse for yrkesfaglege program - gjennom innhald i teoretiske fag - gjennom arbeidsmetodar og læringsaktivitetar i ungdomsskulen?  Korleis skape autentiske læringssituasjonar og læringsaktivitetar som kan skape ein kontekst for læring som gjev meining, òg utover den aktuelle situasjonen? Utfordrar vårt syn på kunnskap og læring

44 Meld. St. 22 (2010 – 2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter— Ungdomstrinnet  En praktisk og variert opplæring på ungdomstrinnet kjennetegnes ved at elevene får møte variert læring fra en lærer som behersker mange metoder og kjenner elevenes behov for allsidig og tilpasset opplæring  Læring foregår på ulike arenaer og med elevenes medvirkning. Alle aktiviteter skal ha et klart mål for læring.

45 Meld. St. 22 (2010 – 2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter— Ungdomstrinnet  En utfordrende opplæring på ungdomstrinnet gir alle elever noe å strekke seg etter, den krever at de yter en innsats for å bli bedre, og den byr på oppnåelige mål slik at alle elever kan oppleve mestring  En utfordrende opplæring forutsetter også en god prosess med tilbakemelding til elevene på deres faglige utvikling.

46 Meld. St. 22 (2010 – 2011) Motivasjon – Mestring – Muligheter— Ungdomstrinnet  En relevant opplæring på ungdomstrinnet kjennetegnes ved at alle elever opplever at læringen er meningsfull, og at de kan relatere den til sitt eget liv  Opplæringen må også gi dem tro på at kompetansen de får, kan brukes videre i utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.

47 Fornying av ungdomssteget  Styrke opplæringa i dei grunnleggjande ferdigheitene  Praktisk, variert, relevant, utfordrande utdanning = bidra til å gi bedre læring for alle Gode grunnleggende ferdigheter skal gjøre veien til å løse praktiske oppgaver i skole og yrkesliv lettere

48 Og frå mine funn…  Ynskje om ”noko anna” - fagleg innhald - arbeidsmåtar - andre læringsarenaer Eg er litt lei av vanleg skule. Skulen eg vil søkje på er ein yrkeskule og då kan eg få vere ute i vanlig arbeid og få prøve det.

49 Når ein ikkje har noko val…  Elevar som er usikre på sine interesser og kva dei vil  Elevar som er heilt sikre på at dei ikkje vil ta studiespesialisering!  Risiko ved usikkerheit og lav meistringsforventing! Val av yrkesfag eit «negativt» val?

50 Eigentleg vil eg ikkje nokon ting, eg synst ikkje det er noko som ser spennande ut, som er noko. Eg veit ikkje kva eg skal velje. Eg visste ikkje kva eg skulle velje, og ville helst at alle jentene skulle gå på det same, men det gjekk jo ikkje …

51 Lærings- og meistringserfaringar i ungdomsskulen  Elevar som er fagleg sterke vurderer gode faglege resultat som middel til å kome inn på det yrkesfaglege programmet dei ynskjer, meir enn som fagleg grunnlag for eit yrkesfag  Få elevar ser fagleg nytte av faga i ungdomsskulen for framtidig utdanning og yrke  Elevar med god meistring på kreativitet og praktiske ferdigheiter relaterer dette til yrkesfag som mogeleg utdannings- og yrkesveg

52 Andre faktorar  Ein del elevar grunngjev utdanningsvalet med mulegheiter på arbeidsmarknaden, gjerne knytt til heimstaden  Kjønnsskilnader - løn er viktigast for gutane - trivsel med arbeidsoppgåver og arbeidsmiljø er viktigast for jentene

53 Faget Utdanningsval Alle elevane var svært positive til både hospitering i vgs og til utplassering på arbeidsplassar - observere og snakke med andre elevar - gjere eigne erfaringar - møte med arbeidslivet og eit arbeidsmiljø - ynskje om lengre og fleire periodar/dagar

54 Dei tok veldig godt i mot oss då, dei hadde gjort ting klart og me fekk gjere kva me ville. Same kva me ville prøve så fekk me prøve det Me skulle hatt meir utplassering, det er … dei kunne hatt ei utplassering som var over lengre tid, det hadde ikkje vore så dumt. For då kunne ein ha utforska fleire yrke, ikkje berre det som var lokalt her.

55 Teoretisk – praktisk tilnærming?  Kva er teori og kva er praksis?  Faga i skulen - kunnskapssyn og læringssyn  Dekontekstualisering av kunnskap?

56 Fagleg interesse og identitet  Gjennom utforsking og utprøvingar skape fagleg og yrkesmessig identifisering Få fram elevane sine læringserfaringar og tankar om faglege interesser og framtidig utdanning - oppleve relevans til sitt eige liv - som identitetsdanningsprosess

57 Meld. St. 22 ( ): Motivasjon – mestring - muligheter  Praktisk opplæring - vere fysisk aktive (rollespel eller eksperiment) - prosjektarbeid eller gruppearbeid - praktiske aktivitetar - konkretisering  Praktiske og estetiske fag si rolle  Abstrakt kunnskap – praktisk kunnskap

58 Utvikle interesser og motivasjon Korleis kan skulen leggje til rette for å stimulere til interesse for yrkesfaglege program gjennom teoretiske fag gjennom andre arbeidsmetodar og læringsaktivitetar i ungdomsskulen og vg1?

59 Utfordringar  Korleis forankre faget Utdanningsval i dei andre faga i skulen, - eit tverrfagleg arbeid fokusert på elevane sitt utdanningsløp vidare?  Arbeidslivsfaget – ikkje berre for elevar som ikkje meistrar så godt det teoretiske i fag?  Korleis bruke valfag som arena for interesseutvikling?  Korleis bruke FYR-arbeidet for å skape interesser og motivasjon?

60 Utfordringar  Rådgjevinga - knyte an til elevane sine mangfaldige læringserfaringar  Vanskeleg for elevane å utvikle identitet til utdanning og yrkes når resonansen til eige liv er svak  Å ta refleksive val når ein har fylgd straumen i 10 år…  Yrkesvalmodnad  Gushue et al. (2006) peikar vidare på at elevane treng å oppleve meistring i utprøving av ulike yrke, og til å utvikle strategiar for å utvikle meistring og auka tryggleik på seg sjølv innafor yrkesspesifikke oppgåver. Å prøve ut seg sjølv i ulike roller gjennom hospitering på arbeidsplassar og å få respons frå signifikante andre vert av mange elevar trekt fram  som viktig for å utvikle interesser og refleksivitet (Hidi & Renninger, 2006).

61 Meistringsforventningar i utdanningsval  Realistiske vurderingar av eigne evner og interesser, evne til å setje seg mål, planlegge eit løp fram til målet og skaffe seg informasjon om utdanninga og yrket  Korleis få høve til å utvikle (yrkes)interesser og bli motivert for framtidig yrkesutdanning og yrke?  Gjere eigne erfaringar – møte med arbeidslivet

62 Støttespelarar  Foreldre, familie  Venner  Skulen Sjølvstende Det er mitt val, eg bestemmer Eg skal velje det som eg trivst med, og ikkje kva dei andre seier

63 Utfordringar  Behov for å synleggjere tradisjonelle skulefagas relevans for yrkesfagleg utdanning og for deltaking i framtidig arbeids- og samfunnsliv  Behov for møteplassar mellom lærarar og mellom skule og lokalsamfunn/ arbeidsliv  Behov for ei breiare tenking rundt yrkesorientering og utdanningsval som kan skape betre grunnlag for elevane sine val for elevane


Laste ned ppt "Elevperspektiv på overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule Del 1: Om bakgrunn for val til vidaregåande opplæring Rådgjevarkonferansen Sogn og Fjordane."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google