Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

OM FORSTÅING OG OPPFØLGING AV OPPLÆRINGSLOVA § 2-15, om RETT TIL GRATIS OFFENTLEG GRUNNSKOLEOPPLÆRING (”GRATISPRINSIPPET”) Gjennomgang/drøfting på skoleleiarmøte.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "OM FORSTÅING OG OPPFØLGING AV OPPLÆRINGSLOVA § 2-15, om RETT TIL GRATIS OFFENTLEG GRUNNSKOLEOPPLÆRING (”GRATISPRINSIPPET”) Gjennomgang/drøfting på skoleleiarmøte."— Utskrift av presentasjonen:

1 OM FORSTÅING OG OPPFØLGING AV OPPLÆRINGSLOVA § 2-15, om RETT TIL GRATIS OFFENTLEG GRUNNSKOLEOPPLÆRING (”GRATISPRINSIPPET”) Gjennomgang/drøfting på skoleleiarmøte 25.09.07

2 Opplæringslova § 2-15  Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med grunnskoleopplæringa, til dømes utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

3 Opplæringslova § 2-15 – presiseringar I  Kommunen kan ikkje krevje betaling frå elevane for korkje undervisningsmateriell eller faglege eller sosiale aktivitetar som går føre seg i skuletida, og som er ein del av grunnskuleopplæringa i samsvar med lov og forskrift  Forbudet mot å krevje eigenbetaling gjeld all verksemd i samband med opplæringa, også aktivitetar som går føre seg utanom ordinær skuletid når desse aktivitetane er eit ledd i at skulen gjennomfører grunnskuleopplæring i samsvar med lov og forskrift  Lova regulerer ikkje aktivitetar som ikkje er ein del av grunnskuleopplæringa, d.v.s. aktivitetar som fell utanfor verkeområdet til opplæringslova

4 Opplæringslova § 2-15 – presiseringar II  Gåver, dugnader –Opplæringslova er ikkje til hinder for at skulane kan ta imot ulike former for gåver, anten dette er frå foreldre, næringsliv, venneforeningar eller andre. For at ikkje gåver skal komme i konflikt med retten til gratis grunnskuleopplæring, gjeld følgjande:  Gåver og andre bidrag må vere reelt frivillige  Det kan ikkje stillast krav til motytingar  Gåver o.a. bidrag må brukast slik at dei kjem heile gruppa eller fleire til gode. Alle må få høve til å delta, uavhengig av kven som har bidratt til aktiviteten

5 Tilbakemeldingar på ”levd liv” AktivitetFinansieringsmåteKostnad Avsluttande skuletur i 10. Elevsparing, ulike arr., elevbedrift, 1000  6000 JuleballInngangspengar 100  Aktivitetsdagar/skidagEigenandel/heiskort 100  200 Overnattingsturar Eigenandel mat/opphald 100  Friminuttaktivitetar Eigenandel div. utstyr til ”klassekasse” 50  100 Fellesmåltid, ”kosetimar” Eigenandel til ”klassekasse” 50  100 Fadderbarn Eigenandel til ”klassekasse”  100

6 Sentral problemstilling i samband med turar -Er turar i regi av skulen eller er dei å oppfatte som foreldrestyrt eller av andre? Moment til vurdering i samband med dette:  Har skuleeigar ansvar dersom det oppstår uhell i løpet av turen?  Er det utarbeidd reglement for turen?  Er det utarbeidd sanksjonar for t.d. heimreise?  Er turen lagt inn i skulen sin årsplan?  Er det organisert opplæringstilbud til evt. andre elevar som ikkje deltek på turen?

7 Vurdering av eigenandelar  Udir vurderer dette slik at dersom det er eitt eller fleire av momenta som er til stade, vil arrangementa kunne sjåast som ein del av grunnskuleopplæringa og dermed omfattast av gratisprinsippet!  Er dessutan lærarane med på turen – og mottar lønn frå kommunen – er dette å forstå som grunnskuleopplæring!

8 Om permisjonar  § 2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa  § 2-11. Permisjon frå den pliktige opplæringa Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.

9 Avgrensing mot anna regelverk  § 13-1. Plikt for kommunen til å sørgje for grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring og spesialpedagogisk hjelp etter denne lova for alle som er busette i kommunen. Ansvaret gjeld ikkje elevar og andre som fylkeskommunen har ansvaret for etter §§ 13-2 og 13-3 a. Departementet gir forskrifter eller pålegg i enkelttilfelle om kven som skal reknast som busett i kommunen, og om refusjon av utgifter som andre kommunar har til grunnskoleopplæring. Offentlege grunnskolar skal vere kommunale. I særlege tilfelle kan staten eller fylkeskommunen drive grunnskolar. Fylkeskommunen må ha godkjenning frå departementet. Kommunen skal ha skolefagleg kompetanse i kommune- administrasjonen over skolenivået.

10 Barnelova § 30  § 30. Innhaldet i foreldreansvaret. Barnet har krav på omsut og omtanke frå dei som har foreldreansvaret. Dei har rett og plikt til å ta avgjerder for barnet i personlege tilhøve innanfor dei grensene som §§ 31 til 33 set. Foreldreansvaret skal utøvast ut frå barnet sine interesser og behov. Dei som har foreldreansvaret, er skyldige til å gje barnet forsvarleg oppseding og forsyting. Dei skal syte for at barnet får utdanning etter evne og givnad. Barnet må ikkje bli utsett for vald eller på anna vis bli handsama slik at den fysiske eller psykiske helsa blir utsett for skade eller fare. Om retten til å ta avgjerd for barnet i økonomiske tilhøve gjeld reglane i verjemålslova 22. april 1927 nr. 3.

11 Konsekvensar for Raumaskulen  Leirskuleopphald vert finansiert av kommunen utan eigenandel  Turar/uteaktivitetar som inngår i skulen sine planar skal finaniserast av kommunen utan bruk av eigenandelar  Nødvendig utstyr til bruk i friminutt/uteaktivitetar skal finansierast av kommunen utan bruk av eigenandelar  Gåver og andre bidrag skal vere reelt frivillig og komme grupper eller fleire til gode.  Klassekasser må vere elev- og foreldrestyrt.  Spørsmål kring forståing og praktisering av gratisprinsippet må drøftast i skulen sine rådsorgan  Innskjerping vil krevje budsjettmessige konsekvensar?


Laste ned ppt "OM FORSTÅING OG OPPFØLGING AV OPPLÆRINGSLOVA § 2-15, om RETT TIL GRATIS OFFENTLEG GRUNNSKOLEOPPLÆRING (”GRATISPRINSIPPET”) Gjennomgang/drøfting på skoleleiarmøte."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google