Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE. Program Vågsøy Velkomst og innleiing frå ordføraren Presentasjon av dei andre ordførarane som er tilstade (Selje,

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE. Program Vågsøy Velkomst og innleiing frå ordføraren Presentasjon av dei andre ordførarane som er tilstade (Selje,"— Utskrift av presentasjonen:

1 KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE

2 Program Vågsøy Velkomst og innleiing frå ordføraren Presentasjon av dei andre ordførarane som er tilstade (Selje, Vanylven) Informasjon om: Bakgrunn for reforma Alternativ I: Intensjonsavtalen mellom Selje, Vågsøy og Vanylven Økonomi Alternativ II: Å stå åleine Fylkestilknyting Innlegg ved ungdomsrådet Spørsmål og synspunkt frå salen

3 Samfunnet vårt endrar seg raskare enn nokon gong. Vi må sjå på korleis vi kan løyse alle oppgåvene som ligg framfor oss. Målet med ei samanslåing er betre tenester til innbyggarane, ei meir effektiv forvaltning og eit sterkare lokaldemokrati. Kommunane skal bestemme meir enn før. 1964 2016 1837

4 FRÅ FYSISK FRAMMØTE TIL DIGITALE TENESTER - FRÅ FÅ OPPGÅVER TIL MANGE OPPGÅVER

5 Færre og større kommunar skal: Gje betre kapasitet til å ivareta og vidareutvikle lovpålagde oppgåver Gje betre høve til å utvikle berekraftige og gode lokalsamfunn Ivareta viktige frivillige oppgåver Som eit generelt prinsipp skal reforma leggje grunnlaget for at alle kommunar kan løyse sine lovpålagde oppgåver sjølv

6

7

8 Intensjonsavtale Vågsøy – Selje – Vanylven Forhandlingsutvala for Vågsøy har bestått av ordførar, Morten Hagen og Edvard Iversen Utvalet har drøfta ei rekke viktige punkt som har enda opp i ein intensjonsavtale. Den seier noko om korleis ein ønskjer det skal vere etter ei samanslåing: Vågsøy, Selje og Vanylven kommunar tek sikte på å slå seg saman til ein kommune frå 01.01.2020. Det er kommunestyra i kommunane som gjer vedtak om kommunane skal slå seg saman eller ikkje.

9 Vi er samde om at kommunesenteret blir lagt til Måløy. Den nye kommunen skal arbeide aktivt for å få ei god spreiing av kommunale arbeidsplassar og funksjonar i heile kommunen. Kommunesenteret bør innehalde den strategiske leiinga: ordførar, rådmann, kommunalsjefar, fagstab, økonomisjef og personalsjef, overordna plan- og utviklingsarbeid, service. Det skal etablerast ein kommunedelsadministrasjon med publikumsretta oppgåver, slik at sentra vert stimulert gjennom å vere lokale knutepunkt ved bruk av servicetorg. Ein skal ha gode, tilfredstillande digitale løysingar, slik at ein kan kommunisere på ein effektiv måte trass avstandane.

10 Prinsippet er å fordele oppgåver – alle kommunane må ved ei samanslåing få tildelt oppgåver. Verdien av dette må vurderast i høve til ulempene (kva det må takast omsyn til). Måløy kommunesenter Selje og Fiskå kommunedelsenter Heimetenesta, barnehagar, skular, bibliotek, omsorgsenter geografiske tenesteområde

11 Tverrfaglege kompetansemiljø skal organiserast slik at dei ulike tenestene er lett tilgjengelege for brukarane. Den nye kommunen skal ha formannskapsmodellen som styringsform, etter KL. §8. Kommunestyret skal ha 45 medlemmer. Ein vil ivareta lokaldemokratiet ved å ha eit høgt tal medlemmer i kommunestyret. Fellesnemnda (FN – jf. inndelingslova § 26) har ansvar for å styre og følgje opp samanslåingsprosessen i perioden frå det er gjort vedtak og fram til samanslåinga vert sett i verk. Det operative arbeidet skal utførast av ein prosjektorganisasjon og vere beskrivande i ein prosjektplan. Politikarar, administrasjon og tillitsvalde skal ha definerte roller i prosjektorganisasjonen.

12 Vi skal orientere kvarandre om kommuneplanen sin arealdel og samfunnsdel. Kvar kommune skal peike ut sine viktigaste tiltak, slik at dei andre kommunane får innsyn i dei innan 01.07.2016. Alle juridisk bindande planar vert overført til den nye kommunen og gjort gjeldande. Planane vert samla og gjennomgått i tida fram til den nye kommunen er formelt skipa. Alle tilsette sine noverande rettar vert aksepterte i ein ny kommune i samsvar med lov- og avtaleverk. Alle tilsette vil få tilbod om stilling i den nye kommunen i tilsvarande storleik og tidsperiode som ein har i noverande kommune. Dersom det vert overtalige, vil den nye kommunen gje tilbod om anna passande arbeid i rimeleg avstand.

13 Fellesnemnda skal gå gjennom samarbeidet med andre kommunar (som ikkje vert del av den nye kommunen) for å endre vedtekter, kostnadsfordeling m.m. og/eller avvikle/melde oss ut av samarbeidet. Målet er at den nye kommunen tek flest mogleg av oppgåvene. Vi er difor alt no samde om å avvikle, endre eller rydde samarbeid. ØKONOMI Denne delen av avtalen gjeld frå 01.07.2016 til Fellesnemnda er etablert. Vi er samde om å vise varsemd og berre gjennomføre tiltak som er i samsvar med kommunane si økonomiske bereevne. Vi skal: Orientere kvarandre gjennom styringsgruppa om investeringar slik dei ligg i vedteken budsjett- og økonomiplan. Peike ut dei viktigaste tiltaka slik at dei andre kommunane får innsyn i dei. Nye investeringar må sjåast i eit regionperspektiv.

14 Viktige samferdselsprosjekt Stad skipstunnel Kystvegen: Rovdefjordsambandet 45-minuttsregionen

15 Det er nokre utfordringar ved at kommunane høyrer til to ulike fylke, der vidaregåande skular og sjukehus er dei viktigaste. Det vert utført ei utgreiing om fylkesoverføring, og ein vil søkje å finne dei beste løysingane for innbyggjarane. Fylkestilhøyrigheit

16 Vi er samde om at hovudmålet med samanslåinga er å : Sikre gode tenester med høg kvalitet for innbyggarane. Attraktiv lokaliseringsstad for næringsverksemd og sentrale tenester. Sterkare gjennomslagskraft utad. Behalde stadidentiteten til innbyggjarane.

17 ØKONOMI

18 Regjeringa la den 16. desember 2015 fram forslag til eit nytt inntektssystem for kommunane. Dei kan forvente endringar i basistilskotet, som i dag er på omlag kr 13 000 000 til alle kommunane: “Etter departementets vurdering bør ikke kommuner kompenseres for frivillige smådriftsulemper på kommunenivå. Det foreslås derfor at det gjøres endringer i kompensasjonen for små- driftsulemper i inntektssystemet, slik at det ikke lenger blir gitt full kompensasjon for frivillige smådriftsulemper gjennom basiskriteriet. Basiskriteriet dekker i hovedsak administrative kostnader i kommunen. Det skal fortsatt gis full kompensasjon for smådriftsulemper på tjenestenivå grunnet bosettingsmønster.”

19 Forslag til endringer i inntektssystemet Oppdatering av kostnadsnøkkel – basert på nye analyser Gradering av basistilskuddet – ikke lenger full kompensasjon for frivillige smådriftsulemper Ny retning for regionalpolitiske tilskudd – knyttes sterkere opp til distriktspolitiske utfordringer Et inntektssystem som er mer nøytralt ved kommunesammenslåinger

20 Smådriftsulemper i utgiftsutjevningen I dag: Full kompensasjon for smådriftsulemper –Basiskriteriet: 13,2 mill. per kommune i 2016 To typer smådriftsulemper: –På tjenestenivå –På kommunenivå Regjeringens forslag: Tjenestenivå: mål på bosettingsmønster fanger opp smådriftsulempene, som i dag Kommunenivå: ufrivillige smådriftsulemper fanges opp ved å differensiere basistilskuddet 7

21 Differensiert basistilskudd – strukturkriteriet Mål på bosettingsmønster – uavhengig av kommunegrenser Måler gjennomsnittlig reiseavstand for innbyggerne i kommunen for å nå 5000 innbyggere Kan brukes for å gradere kompensasjonen gjennom basistilskuddet 8

22

23 Nokre utfordringar ved å stå aleine vil vere å: Rekruttere nok og rett kompetanse. I pleie og omsorg vil vi til dømes dei neste tjue åra trenge dobbelt så mange sjukepleiarar som i dag. Ei lita kommune vil vere svært sårbar i høve tilgangen på spesialkompetanse. Dette gjeld dei fleste sektorar. Ha eit avgrensa fagmiljø, der ein må kjøpe tenester frå andre kommunar Ha mindre slagkraft inn mot regjering og fylke i høve store satsingar som er viktige for arbeidsmarknad og næringsutvikling. Her kan vi nemne vegbygging og kommunikasjon på kysten.

24 Utfordringar vidare Innbyggarane og næringslivet skal ha rettsriktige avgjerder og lik handsaming. Dei føreset upartisk og effektiv sakshandsaming. Teieplikt og anonymitet er meir krevjande i mindre einingar. Utføre lovpålagde tenester innafor eiga kommune. I dag har vi ein stor del tenester ein må løyse interkommunalt.

25 Kompetansebehov i åra som kjem: Vågsøy kommune

26

27 FOLKERØYSTING VALDAG 25. april 2016 Førehandsrøysting frå og med 14. mars 2016 på Vågsøy rådhus På valdagen: Bryggja grendahus kl. 12.00 - 18.00 Skavøypoll skule kl. 12.00 - 18.00 Frelsesarmeen i Måløy kl. 12.00 - 18.00 Raudeberg skule kl. 12.00 - 18.00 Merk: i påskeveka er rådhuset ope for førehandsrøysting mandag/tirsdag, kl 08-15.30, onsdag kl. 08-12.00. I tillegg vert det mogleg å førehandsrøyste torsdag 21. april til kl. 18.00 og laurdag 23. april kl. 10.00 -14.00 Røystealder 16 år

28 KOMMUNE UTAN RÅDHUS https://www.youtube.com/watch?feature=player_detailpage &v=myIM30Q2H5o https://www.youtube.com/watch?feature=player_detailpage &v=myIM30Q2H5o

29 Dei som seier nei no – seier nei til å diskutere moglegheiter for framtida – og framtida kjem uansett. Då kan det vere lurt å bli med å påverke og ha «ei hand med på rattet»! Sitat: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

30 KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE


Laste ned ppt "KOMMUNEREFORM VELKOMEN TIL FOLKEMØTE. Program Vågsøy Velkomst og innleiing frå ordføraren Presentasjon av dei andre ordførarane som er tilstade (Selje,"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google