Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

ÅRSMELDING FOR FITJAR SOKNERÅDSBARNEHAGE BAKKEN 2015 EIGAR: Fitjar soknerådsbarnehage Bakken, er ein kyrkjelydsbarnehage med utvida kristen formålsparagraf.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "ÅRSMELDING FOR FITJAR SOKNERÅDSBARNEHAGE BAKKEN 2015 EIGAR: Fitjar soknerådsbarnehage Bakken, er ein kyrkjelydsbarnehage med utvida kristen formålsparagraf."— Utskrift av presentasjonen:

1 ÅRSMELDING FOR FITJAR SOKNERÅDSBARNEHAGE BAKKEN 2015 EIGAR: Fitjar soknerådsbarnehage Bakken, er ein kyrkjelydsbarnehage med utvida kristen formålsparagraf. Eigar er Stiftinga Fitjar soknerådsbarnehage. Fitjar sokneråd vel styret for stiftinga og har barnehagen som tema på eit soknerådsmøte om våren. Soknerådet og styret for stiftinga har kvar sitt medlem i samarbeidsutvalet for barnehagen. ÅRET 2015 : Årsplan for Bakken barnehage 2015/16 har fylgjande tema: ”Snakkepakken året rundt” med vekt på eventyr, og hovudfagområde er Kunst, kultur og kreativitet. Dette er eit kjekt års-tema som engasjerer alle avdelingane. Kreativiteten blømer hos barn og vaksne! Barnehagen har vore i ein byggeperiode heile 2015. Småbarnsavdelinga,Sommarfuglen,som heldt til i idrettshuset, har no flytta inn i nytt påbygg til barnehagen. Store, gode og tenlege lokale! Vi har også fått ny personalavdeling med kontorplass til alle pedagogane, nytt styrarkontor og stort personalrom! Det har også blitt fleire nye fellesrom: bibliotek og formings- rom. Barnehagen har fått 2 nye kjøken med steamer-oppvaskemaskin og god plass til at borna kan vera med på matlaging. Uteleikeplassen er også blitt oppgradert, nye leikeapparat og asfaltert sykkelbane. AVDELINGAR /PLASSAR: Me har 3 avdelingar med til saman 72 plassar for born i alderen 0-6 år. Eit barn under 3 år tel for 2, så tal på born i barnehagen varierer med alderen på borna. Avd. Blåklokka (4-6 år) : 24 plassar Avd. Marihøna (2-4 år) : 24 plassar Avd. Sommarfuglen (0-2år) : 24 plassar= 12 småborn Born pr. 15.desember 2015: 61 born 53 born (52 i 2014) har fulltidsplass 8 born (9 i 2014) har deltidsplass( 60%) 16 born er under 3 år (fødd i -13 og -14) 45 born er over 3 år (fødd 10,11 og 12) Fitjar kommune har samordna opptak, og skulekontoret administrerer dette i lag med styrarane i barnehagane. Me har heile året hatt fullt belegg. * PERSONAL-RESSURS Styrar : 1,00 årsverk Styrarassistent : 0,10 årsverk Ped.leiar/førskulelærar : 5,00 årsverk Assistentar /fagarb. : 7,00 årsverk Ekstra-assistent : 0,80 årsverk Reinhald : 0,40 årsverk Totalt antal årsverk : 14,40 årsverk Barn med særskilde behov: Spes.ped. tilsett av kommunen har timar i barnehagen kvar veke. Vi samarbeidar med PPT og Barneverntenesta og har ”Fasttid- møte” 2 gonger pr halvår. Årsmelding 2014, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken 22.09.2016 1

2 TILSETTE I 2015 Styrar Torunn K. Aarskog, 100% Styrarassistent Serina Sørfonn 10% Barnehagelærarar Serina Sørfonn, ped.leiar 2-4 år 90% Else F. Sortland, ped.leiar 1-2 år 90% Arnhild J. Raunholm, ped.leiar, 4-6 år 90% Else-Beth Bjønvik 100% Else Marit M. Koløen 50% Mari-Anne Tislevoll 80% Assistentar Anita Havn 80% Liv Berit Siglen 100% Tone Henriksen, fagarb.barn/ungd. 100% Marit Nilsine Tislevoll 80% Laila Thomassen 60% Mai Britt Solli 60% Mai Helene Korsvik, fagarbeidar 100% Gjertrud Strand 100% Sonja Pedersen, ekstra-assistent 100% Reinhaldar Joanna Sawicka ca. 40% STYRET FOR STIFTINGA Erling Prestbø (leiar) Rasmus Fitjar Frøydis Almås Torunn K. Aarskog (skrivar) SAMARBEIDSUTVALET 2015 Eigar: Frøydis Almås og Lilli Ann Drønen Tilsette: Serina Sørfonn Else-Beth Bjønvik (vår) Sonja Pedersen (haust) Foreldre: Hilde Førre og Tora Gerhardsen (vår) Jan Thore Josdal og Lillianne Drønen Jeger (haust) Skrivar : Torunn K. Aarskog ØKONOMI Frå 2011 overtok kommunane ansvaret for barnehagefinansieringa. Frå 1.januar 2015 skal driftstilskot til private barnehagar reknast ut frå rekneskap i den kommunale barnehagen, ikkje budsjetterte kostnadar som i 2014. I Fitjar får dei private barnehagane 99% av kostnadane pr plass i den kommunale barnehagen. Driftstilskotet pr heildagsplass under 3 år var : 175.053,- (165.640 i 2014)) og 83.983,- pr heildagsplass over 3 år (79.798 i 2014)). Tilskot til kapitalkostnadar, rekna ut med grunnlag i kapitalkostnader for den kommunale barnehagen utgjorde kr. 4.404,- pr heiltidsplass (nasjonal sats 12.000,-) Men med god og nøktern økonomistyring har me hatt overskot i 2015, noko me vil bruka til nedbetaling av gjeld. Me har god personal-ressurs med 4 heile stillingar på kvar avdeling, dvs. ein vaksen pr. 6. barn over 3 år. Dette er personal-normen som regjeringa ynskjer skal bli lovfesta i 2020. KURS/ VIDAREUTDANNING Me fylgjer ”Plan for kompetanse- utvikling ”, utarbeidd av kommunen, og ” Fitjar soknerådsbarnehage sin Plan for kompetanseutvikling” og har i 2015 delteke på desse kursa:  Kompetanseheving, teori fagprøve - 3 ass.  Styrarkonferanse (IKO, Oslo) styrar  Førstehjelpskurs, vår Alle  Være Saman, kompetanseløft Kurs og nettverksamlinger Alle  Kurs ved Bedriftshelsetenesten Psykososialt arbeidsmiljø Alle FORELDREGRUPPE/ ICDP Barnehagen vår ynskjer kvar haust å gje foreldra tilbod om å vera med i ei samtalegruppe (ICDP), der me brukar opplegget ”8 tema til godt samspel”. Me opplyste om dette opplegget på foreldremøte i september, men det blei for få påmeldte til at det vart gruppe. På foreldremøte i september opplyste me kompetanseheving-programmet: ”Være Sammen”, viste materiell som barnehagen har kjøpt inn + foreldrepakken. Årsmelding 2014, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken 22.09.20162

3 PEDAGOGISK ARBEID / SATSINGSOMRÅDE Rammene for vårt arbeid er ”Rammeplan for barnehagen” og ”Årsplan for Bakken barnehagen”. Visjonen vår er: ”Me vil barnet det beste!”. Og hovudmottoet vårt er ”Tryggleik, glede, leik og rørsle.” Dette ynskjer me borna skal oppleva ved å møta vaksne i barnehagen som viser omsorg og som legg til rette for leik og læring i barnehagekvardagen. Våre satsningsområde er: *Kristne høgtider og bibelforteljing *Sosial kompetanse/ vennskapsbarnehage i Egypt *Språk/kommunikasjon *Fysisk fostring, Joggespretten Barnehagen som kulturarena. Vår identitet med ”utvida kristen formålsparagraf” gir oss mange moglegheiter innan område kulturformidling. Me har i 2015 hatt eit nært samarbeid med kyrkja/ prestane. Me har hatt påskevandring og pinsevandring i kyrkja, delteke på familiegudstenesta Hausttakkefest, og hatt julegudsteneste med julespel i kyrkja. I tillegg har prestane og kyrkjelydspedagogen vore i barnehagen og formidla Bibelforteljingar etter oppsett plan. Dette er eit samarbeid me får gode tilbakemeldingar på frå born og foreldre. Barnehagen skal gi borna sosial kompetanse. Innan dette område har me jobba med:  Å bevisstgjera personalet/foreldre som rollemodellar (kurs, møte, ICDP))  Opplegget ”Truls og Trine”(5-6 åringar)  Øva inn gode vanar /høfleg framferd ved måltid, rutinesituasjonar, samspel.  Prosjektet: Vennskapsbarnehage, Stefanusbarnehagane i Egypt. Utlodding på Vennskapsfesten 1 des. gav det flotte resultatet kr 27.234,- som er sendt til dei via Stefanusalliansen. Ny rekord!  Samarbeidsprosjekt med musikkskulen. Barnehagen skal gi borna språkleg kompetanse. Her har me jobba med :  Vera bevisste og bruka dei naturlege situasjonane i kvardagen  Opplegget ”Språksprell”  Registreringsverktyet ”TRAS”  Me har hatt ”Vennskapsfest” på Bedehuset. Julespel med drama, song og musikk.  Daglege samlingsstunder med fokus på dag, dato, årstid, gamle/ nye songar, rim og regler, bøker, samtale  Bibelforteljingar Årsmelding 2014, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken 22.09.2016 3

4 RAMMEPLANEN SINE 7 FAGOMRÅDE : ”Kommunikasjon, språk og tekst”, ”Kropp, rørsle og helse”, ”Kunst, kultur og kreativitet”, ”Natur, miljø og teknikk”, ”Etikk, religion og filosofi”, ”Nærmiljø og samfunn”, ”Tal, rom og form”. Desse fagområda blir det arbeida med i samlingsstunder, gruppeaktivitet, rutinesituasjonar, leik og turar. I årsplanen vår tydeleggjer me korleis tema og fagområde heng saman. I års og månadsplanen skriv me om tema og dei fagområda som er i spesielt fokus, men kvar barnehagedag inneheld moment frå kvart fagområde. MER –barnehage Me er innmeldt i dette opplegget der me er oppteken av sunt kosthald og meir frukt i barnehagen. Frukt inngår i matprisen og vert servert kvar dag. Barnas gebursdagar vert feira med fruktfat, smoothy eller milkshake (gebursdagsbarnet vel). Dette er noko som foreldra er oppteken av og gir positive tilbakemeldingar på. Dokumentasjon/ vurdering Korleis me har jobba med dette: Årsplan: dokumenterer kva me skal jobba med. Årsmelding: Dokumenterer kva me har gjort. Månadsplan/tilbakeblikk: dokumenterer kva me skal jobba med kommande månad, og kva me har gjort i månaden som gjekk. Månadsevaluering. Dagen i dag blir dokumentert på tavla og med digital fotoramme. Borna sine permar: bilete, teikningar, førskuleopplegg. Nettsida: bakken.barnehage.no Vurderingsarbeidet /Brukarmedverknad Korleis me har jobba med dette: Personalet:  Avdelingsmøte/ personalmøte  Medarbeidarsamtale Born:  Tilrettelagte barnesamtalar (5-6 åringar)  Observere trivsel  Lytte til kva dei gir uttrykk for Foreldre:  Evalueringsskjema om våren  Foreldresamtalar: startsamtale + 1 samtale  Foreldrerepresentant i Samarbeidsutvalet  Kontakt ved henting/bringing Vurderingsarbeidet viser ein stor grad av trivsel, og me opplever at det er veldig god søknad til barnehagen vår. Vårt mål er å vera førstevalet til flest mogleg foreldre. Kva me skal jobba vidare med Fortsetja mykje bra arbeid innan kulturformidling, språkleg og sosial kompetanse. Fortsetja samarbeidet med musikkskulen og kyrkja. Fortsetja prosjektet ”Vennskapsbarnehage” Jobba vidare med vurderingsarbeidet og synleggjera dette. Starte kursing av personalet i ”Være Sammen” og implementere dette i barnehagen. Sakshandsaming Årsmeldinga har vore handsama i desse rådsorgana: Personal-avd.møte 23.02.16 Samarbeidsutval 07.04.16 Styret for stiftinga 12.04.16 Fitjar 05.02.16 Torunn K. Aarskog Årsmelding 2014, Fitjar soknerådsbarnehage Bakken 22.09.2016 4


Laste ned ppt "ÅRSMELDING FOR FITJAR SOKNERÅDSBARNEHAGE BAKKEN 2015 EIGAR: Fitjar soknerådsbarnehage Bakken, er ein kyrkjelydsbarnehage med utvida kristen formålsparagraf."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google