Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Lokalbasert akuttpsykiatri - eit samhandlingsprosjekt Overlege Rune Mjanger Bjørgvin DPS Avd Nordhordland.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Lokalbasert akuttpsykiatri - eit samhandlingsprosjekt Overlege Rune Mjanger Bjørgvin DPS Avd Nordhordland."— Utskrift av presentasjonen:

1 Lokalbasert akuttpsykiatri - eit samhandlingsprosjekt Overlege Rune Mjanger Bjørgvin DPS Avd Nordhordland

2 ”Ola” – eit døme Tlf frå bakvakt i sjukehuset fredag kl 15: Fastlege ….har ringt og vil leggja inn…deprimert – suicidale tankar - kan de sjå på dette? For eit år sidan: Eit håplaust spørsmål – alle veit at DPS stengjer fredag kl 15.30 og opnar først mandag kl 08.00! Men kva skjedde no i Nordhordland?

3 Bjørgvin DPS – ein del av Helse-Bergen Avdeling på Tertnes i Åsane bydel Arna og Åsane bydelar i Bergen, samt Osterøy kommune 45000 innbyggjarar over 18 år Avdeling Nordhordland – Knarvik og Manger Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy kommunar 23000 innbyggjarar over 18 år

4 Bjørgvin DPS, Avd Nordhordland Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk Knarvik gruppebehandling Knarvik ambulant team Manger døgnbehandling Tett kontakt, fleksibilitet, felles inntaksvurdering av alle søknader

5 Nordhordland 7 kommunar Grisgrendt område med nokre tettstader Minste kommune: 350 innbyggjarar Største kommune: 15000 innbyggjarar Store avstandar – men stadig betre kommunikasjonar med vegar, bruer og tunnelar Stabile fastlegar Felles døgnopen interkommunal legevakt Godt utbygde pleie- og omsorgstenester Psykiatrisk(e) sjukepleiar(ar) i alle kommunane

6 Bakgrunn - overordna Kommunen har primæransvar for å syta for at alle innbyggjarane får sine grunnleggjande behov for helsetenester dekka Fastlegen er krumtappen i systemet Legevakta syter for døgnberedskap for alle akutte sjukdomar

7 Bakgrunn - overordna DPS-rettleiaren: DPS skal vera lokalsjukehus for vaksenpsykiatri DPS skal vera hovudveg inn i psykiatrisk spesialisthelseteneste Befolkningsansvar Kontinuitet Tilgjenge

8 Bakgrunn lokalt ”Utvikling av desentraliserte psykiatritenester i Nordhordland” Prosjekt som starta sommaren 2006 Samarbeidspartar: Bjørgvin DPS Avd Nordhordland Kommunane i Nordhordland Mental helse / LPP

9 Resultat hittil… Etablering av Radøy interkommunale busenter (RIB) oktober 2008 – 9 plassar, p.t. 8 i bruk Omstilling av Bjørgvin DPS – Manger døgnbehandling til allmennpsykiatrisk post med 8 senger – gradvis – mest etter okt. 2008 Utvida akuttfunksjon i DPS på dagtid frå 01.09.09 – psykiater /psykologspesialist tilgjengeleg på telefon for 1.linja heile dagen kvar arbeidsdag, med same handlingsalternativ som er etablert i den nye prosjektordninga Oppstart ambulant akuttfunksjon på kveld og i helgene i samarbeid med Nordhordland legevakt frå 01.03.10

10 Akutt psykiatri Fins det?? Kan ”akutt” psykiatri avvergast? Er samhandling og tilgjenge god nok? Kan våre ressursar brukast betre?

11 Ambulant akuttfunksjon i Nordhordland Eit prosjekt for betre samhandling mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta

12 Prosjektet - Rammer 3-5 år – start 01.03.10 Tilskot frå Hdir på kr 1.000.000 pr år i 3 år (krav til årleg rapportering og rekneskap) Årsbudsjett 2010 er kr 1.900.000 – dvs 900.000 frå Helse-Bergen i tillegg til statstilskotet. Prosjekteigar: Gro Fanebust – Direktør Bjørgvin DPS Prosjektleiar: Sissel Horten – Avdelingssjef Bjørgvin DPS Avd Nordhordland Fagleg leiar: Rune Mjanger – Overlege Bjørgvin DPS Avd Nordhordland Styringsgruppe med repr frå Bjørgvin DPS, NLV, Regionrådet (fagfolk) og brukarrepr Prosjektgruppe med DPS- og NLV-tilsette Evaluering: Samarbeid med Kompetansesenter for legevaktsmedisin

13 Prosjektet - Målsetjing Auka kvalitet på psykiatriske akuttvurderingar Auka grad av rett tiltak på rett nivå til rett tid Tidleg intervensjon ved alvorleg psykisk sjukdom Auka kontinuitet i behandlingstilbodet ved at DPS tek større ansvar Om mogeleg bruka DPS som alternativ til PAM ved trong for akutt-innlegging Sikra at DPS i større grad er første-kontakt i spesialisthelsetenesta – reell 2.linje, og at sjukehusavdelingane fungerer som 3.linje-teneste Ordninga vil styrkja samhandlinga mellom 1. og 2-linjetenestene, vera tverrfagleg, ha i seg mulighet til oppsøkjande verksemd og kan medverka til tidleg intervensjon med frivillege tiltak ved alvorleg psykisk liding

14 Innhald i tilbodet (1) Velfungerande NLV som førstelinjetilbod – veloppdragen befolkning – alle spørsmål om akutt helsehjelp utanom kontortid kjem hit i dag og i framtida Psykiatrisk spesialisthelseteneste for vaksne blir meir tilgjengeleg for førstelinja

15 Innhald i tilbodet (2) Utvida tilgjenge til akutt vaksenpsykiatrisk spesialisthjelp i Nordhordland utover ordinær arbeidstid gjennom samarbeid med Nordhordland interkommunale legevakt DPS / lokalsjukehuset blir tilgjengeleg kl 08-23 på kvardagar og kl 12-20 laurdagar/søndagar/helgedagar Psykolog(-spesialist) med vurderingskompetanse og beslutningsmynde i 7-delt beredskapsvakt kan tilkallast utanom vanleg kontortid. Overlege i DPS-bakvakt for telefonkonsultasjon – heile døgnet. På dagtid også tilgjengeleg for å delta i konsultasjon. Bjørgvin DPS stiller til rådvelde akuttseng på Manger som alternativ til innlegging i PAM Styrkja primærhelsetenesta slik at pasientane i større grad er sikra nødvendig hjelp og samhandling lokalt Tverrfagleg samarbeid ved at spesialistar (psykologar/legar) frå Bjørgvin DPS arbeider saman med personale frå legevakten/kommunane

16 Innhald i tilbodet (3) Legevaktslegen vurderer pasienten først, og ringjer til vakthavande psykolog i Bjørgvin DPS, Avd Nordhordland, når spesialisthjelp blir vurdert som nødvendig Psykologen kan medverka med Telefonkonsultasjon /råd (tilgang til Dips på bærbar pc) Oppmøte på NLV Heimebesøk saman med legevaktslege eller annan kommunal helsearbeidar Kriseintervensjonar der ein blir samde om at spesialisthelsetenesta må inn Akutte vurderingar av suicidalitet Vurderingar av uklare tilstandar med spørsmål om psykose Tilby frivilleg innlegging på Manger når innlegging er vurdert nødvendig, og pasienten ikkje treng lukka post og/eller svært tett oppfølging – Vurderingsnotat blir også innkomstjournal på Manger Somatisk vurdering gjer legevaktslegen Avtala forpliktande vidare oppfølging på DPS etter vurderinga på NLV, om nødvendig Legevakta legg som før direkte inn i PAM (psykiatrisk akuttmottak Sandviken sjukehus) når det er innlysande nødvendig Legevakta er styrka og sikrar kommunal oppfølging neste dag/veke for dei som berre treng det

17 Kva gjorde vi med ”Ola” Vurdert på legevakt kl 16 av vår psykolog reiste heim med familien (som var med i samtalen) tilbod om oppfølging laurdag og søndag om ønskjeleg tilbod om innlegging i DPS på Manger time på poliklinikken mandag kl 12 følgd opp poliklinisk etter det

18 Utviklingstrekk etter 6 mnd prosjekt Fleire pasientar får behandling på DPS, færre i sentralsjukehus. DPS er ”hovudveg inn i spesialisthelsetenesta” – meir tilgjengeleg for 1. linja Betre bruk av PAM Meir samhandling mellom PAM/sjukehuset og DPS-sengepost DPS involvert i fleire akuttinnleggingar - mindre ”forbishunting” direkte mellom 1. linja og 3. linja Forsvarleg kvalitet på vurderingar i vaktordninga Mindre bruk av tvang? Tidlegare intervensjon ved alvorleg psykisk sjukdom? Befolkningsansvaret er ivareteke i større grad Betre samhandling med førstelinja – gode tilbakemeldingar frå fastlegar og legevakt

19 Sideeffektar i DPS Fagleg akuttforum internt i Bjørgvin DPS Avd Nordhordland 45 min møte kvar veke Erfaringsutveksling Jobbar med akutthandbok Drøftar kliniske problemstillingar Entusiasme – dette er gøy! Eit fellesprosjekt - alle seksjonane deltek Større fleksibilitet i vår organisasjon

20 Eit døme: Tre samtidig…torsdag kl 12 3 pasientar vurdert til å trengja akuttvurdering samtidig i vår dagvakt Ein vurdert av psykiater i poliklinikken– tvangsinnlagt på PAM/Sandviken Ein vurdert av psykolog i poliklinikken – frivilleg oppfølging i poliklinikken Ein vurdert av psykolog og vernepleiar i heimebesøk – oppfølging i kommunen

21 Sideeffektar i samhandlinga Tverfagleg møteserie/forum på Nordhordland legevakt (fastlegar, kommunale psykiatritenester, DPS) 3 møte hittil med opptil 40-50 deltakarar Tema til no: Den nye akuttfunksjonen Rusmedisin Samhandlingsreforma

22 Dette er ikkje…. Open telefon for folk flest Erstatning for kommunalt organisert krisearbeid / kriseteam Å ta frå kommunen ansvaret for å organisera akuttilbod i førstelinja

23 Men dette er.. Psykiatrisk spesialisthelseteneste for folk flest når førstelinja ber om det som all anna spesialisthelseteneste er Meir tilgjengeleg spesialisthelseteneste for førstelinja God hushaldning med knappe ressursar – ved å bruka 3-4 % av DPS sitt budsjett er opningstida meir enn dobla. Lett å utvida til døgntilbod

24 Lokalbasert akuttpsykiatri Kortreist og økologisk

25 Takk for meg!


Laste ned ppt "Lokalbasert akuttpsykiatri - eit samhandlingsprosjekt Overlege Rune Mjanger Bjørgvin DPS Avd Nordhordland."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google