Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule. Nasjonal satsing på ungdomsskulen Støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing og grunnleggjande.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule. Nasjonal satsing på ungdomsskulen Støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing og grunnleggjande."— Utskrift av presentasjonen:

1 Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule

2 Nasjonal satsing på ungdomsskulen Støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing og grunnleggjande ferdigheiter; rekning, lesing og skriving Målet er å utvikle skulen sin samla kunnskap, haldningar og ferdigheiter når det gjeld læring, undervisning og samarbeid Alle skular med ungdomssteg får i perioden tilbod om å delta (4 puljer, vi er i pulje 2) Høgskular og universitet bidreg med fagleg støtte og nettressursar er tilgjengelige på udir.noudir.no

3 Mål for UIU ved Vus: At alle lærarane ved Vus skal sjå på sin eigen undervisningspraksis; reflektere over den, betre den ved å gjere den meir motiverande, praktisk og variert, og dermed auke elevane sitt læringsutbytte. Utvikle og betre skulen sin praksis innan satsingsområda klasseleiing, lesing, skriving og rekning i alle fag (revidert læreplan). Utvikle oss som lærande organisasjon, få betre kultur for deling og høve til å lære av kvarandre.

4 Ressurslærar Kurs «Profet i eige land» Forme eiga rolle…. Primæroppgåve: Støtte lærarane i utviklingsarbeidet, gjere det relevant, leggje til rette for erfaringsdeling, inspirere, observere, retteleie, leie møte osv. Rektor er leiar for arbeidet og har ansvaret for å få med alle…. Samarbeide/ planleggje ilag med administrasjonen ved skulen og eventuelt årstegsleiarar Samarbeide med ressurslærarar ved andre skular i lærande nettverk

5 Vi valde klasseleiing - læringsleiing Klasseleiingsbordet: Ein integrert kompetanse

6 Korleis skulle vi gjere dette? Høgskulen introduserte satsinga og tok opp temaet klasseleiing og aksjonslæring(planleggingsdag august 2014) Vi valde å fordjupe oss i temaet klasseleiing og bruke ei fellessamling på kvart bordbein i klasseleiingsbordet. Så velje eitt av bordbeina som vårt tema for aksjonslæring. Hugsar du dei fire bordbeina? RELASJONAR STRUKTUR OG RUTINAR LÆRINGSKULTUR OG LÆRINGSFELLESSKAP TYDELEGE FORVENTNINGAR OG MOTIVERING

7 1. bordbein: Relasjonar Lærar sitt ansvar å opprette ein positiv og støttande relasjon til alle elevar Kjenneteikn på god relasjon sett frå eleven si side: Denne læraren likar meg Denne læraren får meg til å tru at eg kan meistre utfordrande oppgåver Denne læraren trur eg alltid omtaler meg positivt Denne læraren vil aldri seie noko sånn at eg føler meg dum Denne læraren likar og kan faget sitt Denne læraren er interessert i meg og ønsker at eg skal ha det bra Denne læraren fortel meg kva eg er flink til i faget Med denne læraren kan eg snakke om vanskelege ting. Ho/han snakkar om ting som ikkje er så lett på ein ufarleg måte Erik Nordgreen

8 Vi innførte tenkjeskriving- lekse: å prøve ut TENKJESKRIVING- SKRIVE FOR Å LÆRE PRESENTASJONSSKRIVING- FAGSKRIVING/ LÆRE Å SKRIVE Utforske og prøve ut tankar Alt er lov Få fram idear For meg sjølv Uorden Dele det eg vil For ein mottakar Formidle tankar Form og rettskriving viktig Orden

9 Tenkjeskriving(refleksjonsskriving) Du skal skrive i 3 minutt Blyanten/penn skal berre gå ukritisk, skriv det som fell deg inn Oppgåve: Beskriv eigenskapane til din «draumekollega» Deling i par Deling i plenum

10 2. Bordbein: Læringskultur og læringsfellesskap Læringskultur i ditt klasserom er avhengig av deg som leiar. Korleis du brukar mogelegheitene til å skape ein kultur som støttar og oppmuntrar til læring: Tenk igjennom og førebu deg godt ikkje berre fagleg, men også på arbeidsmåten og det sosiale du vil elevane skal lære. Ver proaktiv, snakk på førehand om kva ein skal lære, kvifor, arbeidsmåte og kva som er forventa åtferd. Det skaper høve til å rose og forsterke! Ver ekstra nøye første gongen du gjer noko, då du legg grunnlaget! Skap høve til å reflektere kring eiga læring, som klasse, gruppe og åleine. Tilbakemelding på arbeid er motiverande for elevane og viser dei at det er viktig. Arbeid med å få til ein god dialog med elevane i klasseromet og ha fokus på å få med alle. Forventningar til alle.

11 3.bordbein: Struktur, reglar og rutinar Kva er kva? Reglar: Uttrykkjer standardar for korleis ein vil ha det, td. ordensreglar. Rutinar: Skildring av forventa åferd som ein lyt øve på. Desse kan vere knytt til oppstart, avslutning og ulike aktivitetar, td. våre skal-reglar og rutinar. Struktur: Sosial struktur seier noko om korleis handlingane i ei gruppe er bygd opp og styrt, medan fagleg struktur handlar om korleis læraren legg det faglege stoffet til rette for at elevane skal lære.

12 Kvifor er struktur, reglar og rutinar viktig for god klasseleiing? Det motsette av struktur er kaos. Verkemiddel for å få til god læring og effektivitet i klassa. Viktig fordi det gir gruppa felles referanse, skaper dermed fellesskap og normer for samhandling. Gjer undervisningssituasjonen framsynt og gjer det lettare for elevane å innordne seg. Bidreg til eit inkluderande fellesskap, skaper integrasjon og gir signal om ønska sosialt samspel. NB! Ein positiv relasjon mellom lærar og kvar enkelt elev er ein føresetnad for å lukkast med velfungerande reglar og rutinar!

13 Elevkollektivet – Erling Roland Sosialt vakuum Kort periode når ei klasse møtest for første gong der sosialt handlingsmønster og normer ikkje er etablert endå. Sterk og tydelig leiing frå første stund gir læraren ein optimal sjanse til å setje preg på det sosiale samspelet i klassa. Gir høve til å innføre reglar og rutinar og stå fram som autoritet i klasseromet. Om ikkje lærar grip sjansen, vil elevane gjere det… Roland snakka om den omsorgsfulle læraren med autoritet - tillit frå elevane. Fagleg struktur Ein dyktig lærar legg det faglege stoffet til rette slik at elevane ser samanheng mellom ulike delar og det dei har lært før. Repetisjon skaper struktur- er all god læring si mor.

14 4. bordbein: Tydlege forventningar og motivering Motivasjon: Den pris ein person er villig til å betale for å få eller oppnå noko(Smith 2007). Læringsutbytte i form av ny kunnskap, høve til vidare utdanning, status hos jamaldra, det å tilfredsstille lærar/foreldre, gleda over å meistre og liknande, må vere så attraktivt at ein er villig til å yte for å oppnå dette. Utfordringa i skulen er at måla knytt til læring ikkje alltid er like attraktive for alle elevar. Derfor er det ulikt i kva grad elevar er villig til å yte ein innsats for å få eit godt læringsutbytte. Her vil sjansane for å meistre/ lukkast vere avgjerande. Snakkar gjerne om indre og ytre motivasjon, begge er like viktig.

15 John Hattie: suksessfaktorar i høve læring Eit trygt og positivt læringsmiljø Tydlege og tilpassa læringsmål Tilbakemeldingar på arbeid Elevmedverknad Variasjon og struktur i organisering av undervisninga Lærar sine faglege kunnskapar over minstekrav spelar liten rolle... ”Lærarens mål skal ikkje vere å ha spennande undervisning, å kome igjennom stoffet(boka) eller å oppnå gode prøvekarakterar, men å oppnå ønska læringseffekt hos kvar enkelt elev.” «Skal ein observere kvarandre som lærarar skal ein ikkje sjå på undervisninga, men læringseffekten, poenget er kva elevane får ut av det…»

16 Skilnad på ein god og «dårleg» time Den gode time Hyggjeleg oppstart av timen. Faglege mål formidla (på tavla). Kollektiv formidling i starten med tydelege beskjedar og instruksjonar. Elevene vert engasjert, alle er med, fokus på læring. Sjekk på om elevar forstår, tilbakemeldingar. Bruk av ros og oppmuntring. Klar avslutning med oppsummering. Den «dårlege» time Fråvær av faglege mål og lite fokus på innhald, vert til der og då…. Vektlegging av aktivitetar og utydelege beskjedar. Einsidige aktivitet, berre ind. arbeid, berre formidling, osv. Lærar skiftar ikkje strategiar. Elevane som skal tilpasse seg. Lite/ ingen respons, ros og oppmuntring. Lærar går i diskusjon med elevar. Mykje negativ korrigering då reglar ikkje vert følgt.

17 Vårt tema for aksjonslæring: Tydelege forventningar og motivering- korleis drive god og motiverande undervisning. Klasseteama valde utviklingsområde og skreiv refleksjonsnotat i november Dette vart tema på dialogseminaret vi hadde på Nordfjordeid i januar I tillegg hadde vi i haust tre økter om rekning, lesing og skriving i alle fag Hugs «Skylappjenta» aksjonslæring Vus

18 Noko av det som vart prøvd ut: Loop Exit-pass Alias Min favorittfeil Quiz Finn bevis for at du kan det Gjenforteljing Act it out Ordliste Cahoot Friformkart Fokus på å få til gode mål og oppstart på timar Gode oppsummeringar og sjekk på kva elevane har fått med seg Observasjon og tilbakemeldingar til kvarandre i teamet Innføring og bruk av læringsstrategiar Tilrettelegging av arbeidsplanar Praktisk og variert gjennomgang av stoff Nye arbeidsmåtar for å skape meistring for alle i høve prøver Tenkjeskriving og refleksjonslogg Gode arbeidsmåtar i høve repetisjon Læringspartner, og utvikling av godt samarbeid Korleis få til gode fagsamtalar i klassa der alle deltek Motiverande arbeidsplanar for svake elevar Betre samarbeid heim-skule Korleis få til systemetisk tilbakemeldingar til kvar enkelt elev

19 Avslutta fjoråret med vurdering for læring og gruppearbeid i seksjonar Sterk tradisjon i skulen: Prøver etter kvart emne som viser kva eleven har lært. Resultat slått saman og utgjer grunnlag for standpunktkarakter. Slik kan vi ikkje gjere det lenger… Vurdering for læring: Undervegsvurdering skal gi informasjon om kvar eleven står i høve kompetansemåla i faget, skal vere grunnlag for vidare jobbing og læring for å nå måla. Endeleg vurdering ved slutten av opplæringa skal vise kvar elevane står i høve kompetansemåla på det tidspunktet (standpunkt- karakter). Alle elevar skal ha høve til å betre kompetansen sin gjennom heile opplæringa. Vi må heile tida ha i tankane og vise elevane kva dei skal kunne til slutt.

20 Prøver/testar er berre er læringsfremjande dersom: 1. Oppgåvene krev tenking og forståing(ikkje berre oppgulp) 2. Elevane veit kva som er kriterium for godt arbeid udir vurdering udir vurdering 3. Vurderingsinformasjonen vert brukt aktivt i vidare arbeid Det er kompetansemåla i K06 som skal liggje til grunn for vurderinga. Er det slik hos oss, eller er det det vi kan måle, magekjensla, det som står i boka, det vi gjorde «før», eller kanskje det lærar likar? O. Dysthe: «Det er eit viktig poeng at klasseromsvurdering handlar om å innarbeide rutinar som gjer at både lærar og elevar kontinuerleg sjekkar forståing og læring, i staden for å vente til at prøver og testar på seinare tidspunkt avslører manglande læring.» Kanskje kan tema for neste runde med aksjonslæring ligge her? UIU vert avslutta med nytt dialogseminar i november


Laste ned ppt "Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule. Nasjonal satsing på ungdomsskulen Støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing og grunnleggjande."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google