Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

8 0 - TALET NYARE MUSIKKHISTORIE, DEL 2:. Dette tiåret blir sterkt prega av resirkulering og mykje fokus på andre ting enn sjølve musikken. Mange ser.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "8 0 - TALET NYARE MUSIKKHISTORIE, DEL 2:. Dette tiåret blir sterkt prega av resirkulering og mykje fokus på andre ting enn sjølve musikken. Mange ser."— Utskrift av presentasjonen:

1 8 0 - TALET NYARE MUSIKKHISTORIE, DEL 2:

2 Dette tiåret blir sterkt prega av resirkulering og mykje fokus på andre ting enn sjølve musikken. Mange ser ikkje på dette som musikkhistoria sitt mest spennande tiår. Andre er ueinige.. Ein viktig aktør for utviklinga var at vi i 1981 fekk verdens første internasjonale TV- kanal for musikk MTV (music television). Der sendte ein musikkvideoar o.l. 24 timar i døgnet – sjølv om utvalet var særs begrensa i byrjinga. Her er den første musikkvideoen som vart sendt når kanalen gjekk «online»: https://www.youtube.com/watch?v=W8r-tXRLazs

3 HIP HOP Sjangeren vart skapt i undergrunnsmiljøet (på gata) i New York allereie på slutten av 70-talet, men Hip Hop vart først eit internasjonalt fenomen på byrjinga av 80- talet. Denne subkulturen (ein del av noko større som skiljer seg tydeleg ut) omfatta ikkje berre musikken, men og ulike teknikkar (rapping, turntableism, sampling, beatboxing..), breakdance og streetart (grafitti). Bruken av digitale hjelpemiddel var sentralt – artistane «lånte» frå tidlegare artistar gjennom å plukke delar av deira songar for omarbeiding (sampling). Sentrale artistar var Sugarhill Gang (først?), Public Enemy, Beastie Boys, Run DMC, Salt ‘n Pepa mm. LYTTEDØME: https://www.youtube.com/watch?v=rKTUAESacQM (Rapper’s delight – Sugarhill Gang) https://www.youtube.com/watch?v=rKTUAESacQM https://www.youtube.com/watch?v=9vQaVIoEjOMhttps://www.youtube.com/watch?v=9vQaVIoEjOM (Don’t believe the hype – Public Enemy)

4 HEAVY METAL Hardrocken vart vidareutvikla – tempoet og volumet vart skrudd vidare opp og ein fekk etter kvart ein haug med undersjangrar (Speed, Trash, Hardcore, Power, Black…). Motstanden mot denne typen musikken var stor i USA – puritanske krefter frå bibelbeltet meinte dei lefla med onde makter og var veldig dårleg påverkning på dei unge og påverkelege. Motstanden frå foreldregenerasjonen vart sjølvsagt elska av ungdommen. Venom, Slayer, Iron Maiden, Ozzy Osbourne, Mötorhead, Metallica, Van Halen, Dio, Judas Priest er sentrale aktørar. LYTTEDØME: https://www.youtube.com/watch?v=FL7-sbiGlzw https://www.youtube.com/watch?v=FL7-sbiGlzw (Killed by death – Mötorhead) https://www.youtube.com/watch?v=iT6vqeL-ysI (One – Metallica) https://www.youtube.com/watch?v=mEV4Tov1GBM https://www.youtube.com/watch?v=mEV4Tov1GBM (The last in line – Dio)

5

6 GLAM METAL Glamrocken vart litt «sintare» og vi fekk mange halvsinte gutar med høgt hår og sminke som song om enkle ting. Det vart litt konkurranse om å ha det verste bandnamnet òg – berre høyr her: Enuff Z’nuff, Cyclesluts from Hell, Pretty Boy Floyd, Faster Pussycat, White Lion.. Namna vi hugsar frå perioda: Bon Jovi, Poison, Kiss (utan sminke!!), Europe, Mötley Crüe, Def Leppard m.fl. LYTTEDØME: https://www.youtube.com/watch?v=7Sq0GswTlFs (Looks that kill – Mötley Crüe) https://www.youtube.com/watch?v=9jK-NcRmVcw (The final countdown – Europe) BILETE: PRETTY BOY FLOYD… OMG.

7 ROCK Bill Haley og Elvis Presley spelte rock. Slektstreet til denne musikken vart veldig fort schizofrent – det fins veldig mange ulike variantar. På 80-talet var det mange artistar som ikkje passa i verken pop eller den hardare rocken. På engelsk kalte dei det “contemporary rock” (rock frå samtida). Her fann vi artistar som: Tom Petty, Bruce Springsteen, Queen, Dire Straits, Billy Joel, Paul McCartney, Joan Jett m.m. LYTTEDØME: https://www.youtube.com/watch?v=129kuDCQtHs https://www.youtube.com/watch?v=129kuDCQtHs (Dancing in the dark – Bruce Springsteen) https://www.youtube.com/watch?v=wTP2RUD_cL0 https://www.youtube.com/watch?v=wTP2RUD_cL0 (Money for nothing – Dire Straits)

8 POP Omgrepet POP står eigentleg berre for populærmusikk.. noko som ein på 1800-talet kunne ha kalla musikken til Beethoven. Likevel vart det ein eigen sjanger – med mange undergrupperingar (som vi ikkje skal gå inn på i denne omgang). Synthesizer og tekniske hjelpemiddel i staden for berre musikarar var sentralt for poppen på 80-talet. Sentrale artistar: Michael Jackson, Aha, Elton John, David Bowie, Tina Turner, Bonnie Tyler, Duran Duran & Wham. I denne perioden fekk vi ein nymoderne versjon av 60-talets hitfabrikk Brill gjennom mellom anna Stock, Aitken & Waterman som poppa ut med artistar som ofte vart døgnfluger (ein hit – så borte) – den meste kjente (suksesshistoria) er Kylie Minouge. LYTTEDØME: https://www.youtube.com/watch?v=djV11Xbc914 (Take on me – Aha) https://www.youtube.com/watch?v=Ym0hZG-zNOk (Beat it – Michael Jackson)

9 PUPPEPOP Dette vert ofte klassifisert som ein eigen sjanger – sikkert nok fordi ingen andre sjangrar ville bli satt i «same bås».. Dette er musikksjangeren der coveret var det absolutt viktigaste.. Ord blir overflødige. Men det må nemnast.. for i mange år var dette ein stoooor del av musikkindustrien.. Sentrale.. artistar: Samantha Fox, Kylie Minouge, Madonna (jauda.. i starten må ein kunne seie det), Sabrina, Kim Wilde.. LYTTEDØME: https://www.youtube.com/watch?v=x6xzllOTCC8 (Touch me – Samantha Fox) https://www.youtube.com/watch?v=e2whTQgYHOs (Boys, boys, boys – Sabrina)

10 NEW WAVE Punken var heller ikkje død, men no var det meir akseptert at ein faktisk kunne å spele på instrumentet sitt. New wave tok over punken, roa den litt ned og produserte den litt meir («flinkare», «finare» og med betre lyd). Mange aktørar inkluderte òg synthesizeren og andre digitale hjelpemiddel. Tekstane etterlyste ikkje lengre anarki, heller ei meining med livet. Seinare fekk vi det ein kallar emo (frå emosjonell) – dette har nok si rot innan 80-talet sin New wave. The Cure, U2, The Smiths, Talking Heads, Frankie Goes To Hollywood, Culture Club.. https://www.youtube.com/watch?v=a90_d_tPhBshttps://www.youtube.com/watch?v=a90_d_tPhBs (Boys don’t cry – The Cure) https://www.youtube.com/watch?v=JmcA9LIIXWwhttps://www.youtube.com/watch?v=JmcA9LIIXWw (Karma Chameleon – Culture Club)

11 KJELDELISTE: https://en.wikipedia.org/wiki/Hip_hop_music http://www.stud.hio.no/lu/it20/01_02/gr3/80- tallet/ressurs/frameset_info80.htm https://no.wikipedia.org/wiki/New_Wave http://80music.about.com/od/genresmovements/a/80smusicgenres.htm


Laste ned ppt "8 0 - TALET NYARE MUSIKKHISTORIE, DEL 2:. Dette tiåret blir sterkt prega av resirkulering og mykje fokus på andre ting enn sjølve musikken. Mange ser."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google