Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Ove Eide Dokumentarfilm og kritisk journalistikk – nokre historiske linjer fram mot dagens dokumentarsjanger.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Ove Eide Dokumentarfilm og kritisk journalistikk – nokre historiske linjer fram mot dagens dokumentarsjanger."— Utskrift av presentasjonen:

1 Ove Eide Dokumentarfilm og kritisk journalistikk – nokre historiske linjer fram mot dagens dokumentarsjanger

2 A - Omgrepet dokumentarfilm: - handlar om røyndommen – på eitt eller anna vis - «verkelegheitskontrakt»: forventning om verkelege hendingar - ikkje oppdikta, «non-fiction» - vi har tillit til at framstellinga er «sann» - sjåaren ønskjer kunnskap om emnet - NB: ein påstand om røyndommen, ikkje røyndommen sjølv -«en kreativ behandling av virkeligheten» (Brinch 2001, etter Grierson)

3 «Gjennom dokumentarfilmen tar vi del i andre menneskers liv og erfaringer; vi får innblikk i historier om steder, ting og hendelser. Bilder av virkeligheten gjenfortelles ved hjelp av ord og bilder i bevegelse» (Brinch 2001, s12) «En filmtype som henter sitt materiale fra virkeligheten, men gir virkelighetsbildene en kunstnerisk form» (Brinch og Iversen 2001, s.9)

4 Til vanleg: større interesse for innhald enn for form (?) Ved analyse av dokumentarfilm: korleis vert røyndommen formidla, gjennom bildeutval, kamerabruk, stemme, musikk etc. Viktige spørsmål til filmen: kva formål, kva verknad, kva form?

5 Tidleg inndeling: -Skildrande / registrerande → historisk kjelde -Forteljande / tolkande(= dokumentarfilmen)

6 Tidleg ideal: dokumentarfilmen skal vere prega av sosialt ansvar og tydeleg standpunkt til tema – som skulle vere henta frå samtida.

7 Ei vanleg inndeling av dokumentarfilm byggjer på forholdet mellom filmskaparen og tema/sjanger (Bill Nichols, her etter Brinch 2001)

8 1.Den forklarande (ekspositoriske) ein styrande forteljarinstans, med autoritet, som gjev inntrykk av å formidle objektiv kunnskap røyndommen er logisk og samanhengande ein forteljar med tillit

9 2. Den observerande dokumentarfilmen - gir seg ut for å formidle objektivt, registrerer for oss, tilbaketrekt forteljar. Røyndommen taler for seg sjølv

10 3. Den interaktive Aktiv filmforteljar: deltakar, provokatør, iscenesetjar

11 4. Den refleksive dokumentarfilmen Viser fram prosessen bak, vala som er gjorde, drøfting om kva som er røyndom etc

12 I praksis: blandingsformer, ulike grep og holdningar gjennom ein film. I dag: påverknaden frå TV-mediet.

13 B: Norsk dokumentarfilm, historisk riss

14 Dokumentarfilm – ei lang og mangfaldig historie. Men mindre kjent enn spelefilmens historie (for dei fleste?) To sentrale problemstillingar: - kva slags røyndomsbilde finn vi i norske dokumentarfilmar? - kva slags form, tema og bodskap pregar norsk dokumentarfilm i ulike periodar?

15 Første norsk dokumentarfilm: frå eit vestlandsk turnstemne i Bergen i 1898. Første tida: ei kinoframsyning sett saman av korte innslag. Populært: kongereportasje og reiseskildringar

16 Frå 1920-åra: lange dokumentarfilmar -Reiseskildringar / ekspedisjonsfilmar: Carl Lumholtz: In Borneo – The Land of the Head- Hunters, 1920 Roald Amundsens ekspedisjonar Norges-filmane (nasjonalpatriotisme) Amerika-filmar

17 1930-åra: Arbeidarfilm – film som politisk instrument, ma valfilmar, reportasje. Dokumentarfilmen blir våpen i kultur- og samfunnskamp Natur- og dyrefilmar: Per Høst

18 Etterkrigstida – frå 40-tal til 1960-åra FILMAVISA: kvar veke frå 1946 til 1963, vanleg som forfilm på kino. Del av attreisingsarbeidet etter krigen, optimisme KRIGSFILMAR KONGEFILMAR Nb: Olympiafilmen, 1952

19 1950-åra er dokumentarfilmens gullalder på kino. Thor Heyerdahl: Kon-Tiki, 1950 Per Høst: Gjensyn med jungelfolket, 1950 Same Jakki, 1957 Sigurd Angell:Havråtunet, 1956

20 1960-åra: «Fri kunstnarleg kortfilm» - eksperimenterande, samfunnskritiske, engasjement (Arild Kristo: Undergrunnen, 1966) 1970-åra:politisk engasjement, ny interesse for dokumentarfilmen. Tydeleg politisk bodskap, kampfilmar (arven frå 1930-åra) Kampen om Mardøla, 1972 Hvem eier Tyssedal?, 1975

21 Frå 1960-åra blir NRK viktigaste kanalen for dokumentarisk kortfilm – størst interesse for opplysningsfilm, mindre for kunstnarleg kortfilm.

22 Frå 1980-åra Stort mangfald, eksperiment. Knut Erik Jensen – mange filmar med tema frå Nord-Noreg Heftig og begeistret (2001) Maria Fuglevaag Warsinski – Sigrid Undset – et kvinneliv (1993), krigen i tidlegare Jugoslavia Sigve Endresen – For harde livet (1989), Leve blant løver (1998) Margreth Olin – Dei mjuke hendene ( 1998), Ungdommens råskap (2004) Øyvind Sandberg – Folk ved fjorden (2011)

23 C. Undersøkande og kritisk journalistikk

24 Ideal og samfunnsmandat: Pressa som den fjerde statsmakta – kritisk og avslørande. Frå 1960-åra:dette presseidealet blir ført vidare i NRK, gjennom debattprogram og dokumentarprogram

25 Nokre programtitlar og personnamn i denne første TV-fasen: Åpen post (1966) På sparket (1975) Sosialkanalen (1984) Antenne ti (1988) Kjell Arnljot Wik Bjørn Nilsen Erling Borgen

26 «…den kritiske og undersøkende TV-dokumentaren (vokste) frem i NRK-fjernsynets avdelinger for opplysning og reportasje i 1960- og 70-årene. Deretter ble den videreført og fornyet i 1980-årene, men hadde fortsatt et stort og ubrukt potensiale på begynnelsen av 1990-årene.» (Bastiansen 2011: 301)

27 Gjennombrot for den gravande/undersøkande tv- journalistikken i 1990-åra: «Dokumentarduellen» mellom NRK (Brennpunkt) - TV2 (Dokument 2)

28 «Sjangermessig har utviklingen gått frå opplysning til dokumentar, yrkesmessig fra filologer til journalister – og oppdragsmessig fra folkeoppplysning til gravejournalistikk….En ny og ung generasjon TV-journalister presset grensene ved å ta opp stadig nye kontroversielle emner» (Bastiansen 2011: 302)

29 «….jo fortare overskriftene skifter på nettet, jo større bilde og mindre tekst det blir i papiravisa – di større trong er det for ein redaksjon som ikkje gir seg før alle steinar er snudde, alle stemmer er høyrde, og alle sider av ei sak er undersøkt. Vi treng innsikt og kunnskap, og hjelp til å sjå samanhengar. Brennpunkt skal gi den kunnskapen nokon ønskjer du ikkje fekk. Og vi skal vise deg samanhengar nokon prøver å halde skjult» (Håkon Haugsbø, i Bastiansen 2011: 314)

30 Den kritiske filmdokumentaren står i sterke tradisjonar: -Arven frå pressa sitt samfunnsoppdrag -Formspråk frå dokumentarfilmen (og spelefilmen) -Filmspråket i nyare spelefilmar Utfordringar: -Underhaldningspresset -Reality-seriar -Dramaseriar

31 Tre former dokumentarfilm i skulen (ei tilråding): -«Distriktsdokumentaren» Havråtunet, 1956 (Sigurd Angell) Livsstil på hell, 1989 (Øyvind Sandberg) Folk ved fjorden, 2011 (Øyvind Sandberg) Søsken til evig tid, 2013 (Frode Fimland) Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, 2002 – (Oddgeir Bruaset)

32 -Den personlege dokumentarfilmen Alt om min far, 2002 (Even Benestad) Kroppen min, 2002 (Margreth Olin) Den døende doktoren, 2008 (Nina F. Grünfeld) Min mors hemmelighet, 2009 (Ellen-Astrid Lundby) (NDLA) Flink pike, 2014 (Solveig Melkeraaen)

33 -Kritisk dokumentar Smaken av hund, 2006 (Syvertsen og Førland) De andre, 2012 (Margreth Olin) Pels, 2014 (Brennpunkt, NRK) Drone, 2015 (Tonje Hessen Schei)

34 LITTERATURLISTE Bastiansen, Henrik G. 2011: Vaktbikkjefjernsynet. Kritisk journalistikk og undersøkende dokumentar i norsk TV. Kristiansand, IJ-forlaget Bastiansen, Henrik og Pål Aam (red) 2014: Hvor går dokumentaren? Nye tendenser i film, fjernsyn og på nett. Bergen, Fagbokforlaget Brinch, Sara og Gunnar Iversen 2001: Virkelighetsbilder. Norsk dokumentarfilm gjennom hundre år. Oslo, Universitetsforlaget.


Laste ned ppt "Ove Eide Dokumentarfilm og kritisk journalistikk – nokre historiske linjer fram mot dagens dokumentarsjanger."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google