Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Ålesundsutvalet Overlevering av rapport frå utvalet som har gjennomgått skredulykka i Ålesund 26. mars 2008 Oslo, 17. november 2008 Også vist under 50-årslaget.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Ålesundsutvalet Overlevering av rapport frå utvalet som har gjennomgått skredulykka i Ålesund 26. mars 2008 Oslo, 17. november 2008 Også vist under 50-årslaget."— Utskrift av presentasjonen:

1 Ålesundsutvalet Overlevering av rapport frå utvalet som har gjennomgått skredulykka i Ålesund 26. mars 2008 Oslo, 17. november 2008 Også vist under 50-årslaget for naturskadelova i Ålesund, 8. juni 2011

2 Ålesundsutvalet 2 Utvalet sine konklusjonar: Ulykka vart handtert på ein god måte. Det er også klart at ingen fleire kunne blitt redda.

3 Ålesundsutvalet 3 Utvalet Oppnemnd av Kommunal- og regionaldepartementet og Justis- og politidepartementet 9. mai 2008.  Ottar Befring, fylkesmann i Møre og Romsdal (leiar)  Lars Harald Blikra, forskar, NGU  Marit Heggstad, avdelingsdirektør, Fylkesmannen i Møre og Romsdal  Finn Mørch Andersen, seniorrådgjevar DSB, Tønsberg  Gustav Pillgram Larsen, ass. direktør, BE  Ketil Matvik Foldal, fylkesberedskapssjef, Fylkesmannen i Møre og Romsdal  Espen Waleur, rådgjevar, Fylkesmannen i Oslo og Akershus

4 Ålesundsutvalet 4 Utvalet sitt arbeid  Utvalet vart oppnemnd 9. mai 2008  Utvalet hadde første ordinære møte 23. mai 2008  Utvalet har hatt 13 utvalsmøte med til saman 23 møtedagar  Utvalet har hatt samtalar og møte med om lag 50 eksterne personar  Utvalet leverte rapporten til trykking fredag 14. november 2008  Utvalet overleverer rapporten til kommunal- og regionalministeren og justisministeren måndag 17. november 2008  Utvalet har overhalde budsjettet som vart gitt

5 Ålesundsutvalet 5 Utvalet sine konklusjonar: Ulykka vart handtert på ein god måte. Det er også klart at ingen fleire kunne blitt redda.

6 Ålesundsutvalet 6 Utvalet sine konklusjonar: Ålesund kommune sin innsats for å ta vare på dei som på ulike måtar vart råka framstår som eit føredøme. Utvalet har spesielt merka seg det gode samarbeidet og den gode samhandlinga med andre beredskapsetatar og frivillige organisasjonar.

7 Ålesundsutvalet 7 Utvalet sine konklusjonar: God samhandling prega heile aksjonen, og er etter utvalet si vurdering den viktigaste grunnen til at krisehandteringa framstår som god. Samhandlinga bygde på Politiet si gode og tydelege aksjonsleiing og lokale aktørar sin vilje og initiativ til å trekkje inn ekstern fagekspertise.

8 Ålesundsutvalet 8 Utvalet sine konklusjonar: Media fylte si rolle som informasjonsformidlar på ein god måte, og med få unntak innanfor sine eigne etiske grenser.

9 Ålesundsutvalet 9 Utvalet sine konklusjonar: I Fjelltunvegen 31 var det nedgrave ein gasstank på 6400 liter. Gasstanken var på ingen måte årsak til ulykka, men tanken var likevel direkte årsak til den omfattande evakueringa som vart gjennomført. Utvalet meiner at problematikken rundt gasstanken vart handtert på ein profesjonell måte, men rår likevel til at det vert iverksett tiltak som kan redusere risiko og som kan styrke beredskapsetatane sin kompetanse til å handtere slike situasjonar.

10 Ålesundsutvalet 10 Utvalet sine konklusjonar: Det er utvalet sin konklusjon at skredet var eit direkte resultat av at terrenget vart endra før bygging av bustadblokka. Skråninga i Fjelltunvegen 31 var i utgangspunktet stabil. Utsprenginga av tomta gav ein endra stabilitetssituasjon som igjen førte til skredet.

11 Ålesundsutvalet 11 Utvalet sine konklusjonar: Det har ikkje vore utvalet si oppgåve å ta stilling til om skredulykka kunne vore unngått. Ein grundig gjennomgang av den aktuelle byggesaka og grunn- og sprengningsarbeida er likevel, saman med ein gjennomgang av relevant regelverk, lagt til grunn for utvalet sine vurderingar av tiltak som kan iverksetjast for å redusere risikoen for at liknande hendingar skjer i framtida.

12 Ålesundsutvalet 12 Utvalet sine hovudtilrådingar: (1/6) Plan- og bygningslovgjevinga må stille krav om at det vert gjennomført geologiske undersøkingar ved utbygging av areal som kan bli usikre som følgje av inngrep. Slike undersøkingar må gjennomførast som del av byggesaka før utbygginga startar, og om nødvendig under og etter utbygginga.

13 Ålesundsutvalet 13 Utvalet sine hovudtilrådingar: (2/6) Grunnlaget for relevante risiko- og sårbarheitsanalysar etter plan- og bygningslova må betrast. Informasjon om område der inngrep i samband med bygge- og anleggsverksemd kan medføre ny eller auka risiko for skred må gjerast tilgjengeleg.

14 Ålesundsutvalet 14 Utvalet sine hovudtilrådingar: (3/6) Utvalet sluttar seg til regjeringa sitt forslag om lovfesting av kommunal beredskapsplikt, herunder plikt til å gjennomføre sektorovergripande risiko- og sårbarheitsanalysar. Kommunane må gjevast føresetnader for å imøtekome krava.

15 Ålesundsutvalet 15 Utvalet sine hovudtilrådingar: (4/6) Statleg fagstyresmakt må få motsegnsrett i arealplanlegging etter plan- og bygningslova ut frå vurdering av skredfare.

16 Ålesundsutvalet 16 Utvalet sine hovudtilrådingar: (5/6) Eksisterande busetnad som er trua av ustabile skjeringar etter terrenginngrep, må identifiserast. Risiko må avdekkjast og avbøtast.

17 Ålesundsutvalet 17 Utvalet sine hovudtilrådingar: (6/6) Den rettslege reguleringa av gassanlegg i bustader bør skje gjennom plan- og bygningslovgjevinga. Det må stillast krav om uavhengig kontroll for slike anlegg.

18 Ålesundsutvalet 18 Utvalet sine andre tilrådingar: (1/5) Sikringstiltak som vert utført for å gi tryggleik mot skred må ha kvalitet og varigheit som tilfredsstiller krav til langsiktigheit. (2/5) Det må sørgast for at nødvendig fagkompetanse innan geologi er tilgjengeleg for utbyggarar og styresmakter.

19 Ålesundsutvalet 19 Utvalet sine andre tilrådingar: (3/5) Beredskapsstyresmakter og kommunar må få tilgang til ressursar med nødvendig spesialkompetanse ved handtering av vanskelege ulykker. (4/5) Brannvesenet sin kompetanse i å handtere ulykker med brennbar gass bør styrkast.

20 Ålesundsutvalet 20 Utvalet sine andre tilrådingar: (5/5) Gasstankar i område der konsekvensane for liv og helse kan bli store ved ulykker, bør ligge nedgravne eller vere verna mot ytre påverknad på tilsvarande måte. Utvalet sine tilrådingar er utdjupa i rapportens kapittel 21.


Laste ned ppt "Ålesundsutvalet Overlevering av rapport frå utvalet som har gjennomgått skredulykka i Ålesund 26. mars 2008 Oslo, 17. november 2008 Også vist under 50-årslaget."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google