Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Ei kvinne får lån i Grameen Bank Forskarmøtet, Tromsø, 4-5. januar 2007 Magnus Hatlebakk, CMI.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Ei kvinne får lån i Grameen Bank Forskarmøtet, Tromsø, 4-5. januar 2007 Magnus Hatlebakk, CMI."— Utskrift av presentasjonen:

1 Ei kvinne får lån i Grameen Bank Forskarmøtet, Tromsø, 4-5. januar 2007 Magnus Hatlebakk, CMI

2 Oversikt Imperfeksjonar i den uformelle kredittmarknaden Korleis Grameen Bank kan løyse desse Potensielle effektar av Grameen Bank Målte effektar av Grameen Bank –Seleksjonsproblemet –Kvifor høg tilbakebetaling? –Når ein dei fattige? –Er GB subsidiert? –Effektar på inntekt, utdanning, helse Konfliktreduserande? Framlegg til supplerande kredittprogram

3 Fakta om Grameen Bank 7 millioner låntakarar i Bangladesh, 97% kvinner Nye utlån siste år: 700 millioner USD Lån på Tk 1000 vert betalt med Tk 1100 over 50 veker. Dette gjev ei rente på ca. 20%. Andre produkt: –Sparing i forkant av første lån, eller seinare ved innbetaling utover lånebeløpet –Livsforsikring –Mobiltelefoni!

4 To observasjonar inspirerte GB 1) Fattigfolk har avgrensa tilgang til formell kreditt, grunna mangel på pant 2) Dei må derfor betale høge renter i den uformelle marknaden Mohammad Yunus sin ide: Gruppeansvar kan erstatte pant Gruppeansvar vert ikkje lenger brukt i GB Gruppepress, og betaling kvar veke er truleg avgjerande for suksessen

5 Den lokale kredittmarknaden Høge renter på uformelle lån utan pant Lokale pengelånarane har: –Anten løyst informasjons og enforcement problemet utan pant, eller –Dei dekkjer lånekostnader ved høge renter Potensielle kostnader: –Default: Empiri tyder på lite misleghald –Søkekostnader: Problematisk studie av Aleem (1990), WBER

6 Lokale pengelånarar har normalt løyst informasjon og enforcement problema Informasjonsproblemet: –Repetert interaksjon med låntakar gjennom transaksjonar i andre marknader Enforcementproblemet: –Uformell pant i form av langsiktige arbeidskontrakter –Trussel om utestenging frå sosiale og økonomiske relasjonar

7 Oppsummering om den lokale kredittmarknaden Høg rente skuldast mangel på kreditt og/eller monopolprising, ikkje default eller søkekostnader (Hatlebakk, 2005) Viss søkekostnader er forklaringa, då vil GB møte minst like høge kostnader GB kan utnytte lokale aktørar sin informasjon og makt til utestenging

8 Potensielle effektar av GB Låg default rate, som for uformelle lån Kva skuldast det? Har det gitt auka tilgang på kreditt? Når ein dei fattige? Har det styrka kvinnene si stilling? Har det gitt andre gevinstar?

9 Korleis vert låna brukt? Erstatte banklån (og dermed ingen effekt) Erstatte dyre (konsum) lån Auka konsum (mat, hus, helse, utdanning) Redusert tidsforbruk (sykkel, som kan generere inntekt) Lån til varelager (grønsaker, klede) Erstatte leige med eige (oksar, plog, rickshaw) Auka produktiv kapital (utdanning, verktøy)

10 Seleksjonsproblem Val av landsbyar er ikkje tilfeldig Val av hushald innan landsby er ikkje tilfeldig Estimeringsproblem: Låntakarane ville truleg ha gjort det bra også utan lån Teknisk estimeringsproblem: Deltakarane har uobserverbare karakteristika, som også påverkar suksess-indikatorane

11 Løysing på estimeringsproblema Landsby fast-effekt (landsby dummyar) fjernar uobserverbare landsby karakteristika IV-estimering kan korrigere for endogent val av hushald innan landsby Utfordringa er å finne gode instrument Studiane nedanfor tek omsyn til seleksjonsproblema

12 Kvifor høg tilbakebetaling? Gine and Karlan (2006): –Ingen effekt av gruppeansvar Alternativ forklaring: –Gruppepress og tilbakebetaling kvar veke –Lovnad om framtidige (større) lån Omfattande teoretisk litteratur: –Ghatak and Guinnane (1999), JDE: Gruppeansvar –Wydick (2001), RDE: Gruppepress –Egli (2004), RDE: Progressive utlån –Rai and Sjöstrom (2004), RES: Gjensidig forsikring –Wiig (1997): Progressive utlån

13 Når ein dei fattige? Coleman (2006), WD, Thailand: –Dei rike får lettare lån. Amin, Rai and Topa (2003), JDE, Bangladesh: –76% av medlemmene var fattige i forkant, mot 57% blant ikkje-medlemmer –Dette inneber: 21% av dei rike vert medlem, mot 40% av dei fattige. God targetting? Hatlebakk (2000): –Høg rente kan utelukke rike låntakarane, som har lettare tilgang til ordinære banklån

14 Subsidiert? Kredittprogram får ofte subsidierte lån Dekning av faste kostnader Teknisk assistanse Subsidierte renter på utlån Morduch (1999), JDE: –Subsidiane i GB utgjorde 11% av lånebeløpet i perioden 1985-96 –I følge Yunus er ikkje GB lengre subsidiert

15 Empiriske impact studiar Oversiktsarbeid: –Armendáriz de Aghion and Morduch (2005). The Economics of Microfinance. MIT-Press –Karlan and Goldberg (2006). The impact of Microfinance –Morduch (1999). JEL Pitt and Khandker et al. har dominert med avanserte økonometriske metodar Coleman gjorde eit tidleg eksperiment, nye er på gang

16 Pitt and Khandker (1998), JPE Denne, og oppfølgarane er svært grundige Kumulative lån som endogen variabel Identifisering: –Eligibility kriterium som eksogent instrument: –Berre hushald med jord under ei grense får lån (JPE, 1998) (EDCC, 2006) –Når det gjeld helseutfall måtte dei løyse identifikasjonsproblemet ved å legge struktur på restledda (IER, 2003)

17 Funn hjå Pitt et al. JPE, 1998: –Kreditt er ikkje fullt fungible: –Kreditt til kvinner aukar årleg konsum. 100 Taka ekstra lån til kvinner gir 18 taka auka konsum per år (11 viss menn lånar). –Kreditt til kvinner aukar skulegangen for jenter IER, 2003: –Kreditt til kvinner betrar helsa til ungane EDCC, 2006: –Kredittprogram i landsbyen aukar subjektive mål for kvinners ”empowerment”, som i neste runde kan forklare resultata over

18 Coleman (1999), JDE Eksperiment: –Kontrollgruppa var også sjølvselektert inn i programmet, men oppstart vart utsatt eitt år. –Landsby fasteffekt kontrollerer for at sekvensieringa av oppstart ikkje var tilfeldig Funn: –Tilgang til program har minimal effekt Forklaring: –Thailand har relativt velfungerande kredittmarknader, og låna er (for) små for dei fleste Coleman (2006), WD: –Programmet har effekt for dei rikaste, som lurer til seg større lån, og som i større grad enn andre deltek i programmet

19 Karlan and Zinman (2006), WP Eksperiment: –Tilfeldig utval av låntakarar, vurdert som marginale av bankstaben, fekk lån likevel Funn: –Kontrollgruppa viste seg (framleis) å vere rasjonert –Dei som fekk lån hadde redusert sjanse for sult og fattigdom

20 Pågåande eksperimentelle studiar Banerjee and Duflo (MIT): –100 slumområder i Hyderabad valt av ein NGO, så randomiserte forskarane kven som fekk lån først Gine and Karlan: –Landsbyar på Filipinene vart valt av banken, så randomiserte forskarane kven som fekk lån først Randomiseringa er ei forbetring samanlikna med Coleman (1999)

21 Oppsummering av impact Få studiar, men funna så langt viser: Mikrokreditt ser ut til å auke tilgangen på kreditt Kvinner sin posisjon vert styrka Kombinasjonen av desse to effektane gjev: –Redusert fattigdom –Investering i helse og utdanning for ungane

22 Konfliktreduserande? Litteraturen fokuserer på to effektar: –Fattigdom kan føre til misnøye, mens –Inntekstvekst kan gjere opprør mogleg –Teoretisk er det dermed fare for at GB vil auke konfliktnivået Empirisk må me basere oss på anekdotar: –I Nepal ser det ut til at maoistane aksepterer GB –Kan hende fordi det gjev auka inntekt for dei fattige –Eller fordi det gjev auka inntekt for forretnigsføretak som vert ”skattlagt”

23 Framlegg til nytt program Det er problematisk at ein i GB må betale første avdrag etter ei veke, og siste etter eitt år, og at låna er små Skal ein supplere med meir langsiktige, og større lån? Kva då med pant? Jordbank er eit alternativ som er tenkt implementert i Nepal: Lån vert gitt berre til kjøp av jord, som dermed også vert pant

24


Laste ned ppt "Ei kvinne får lån i Grameen Bank Forskarmøtet, Tromsø, 4-5. januar 2007 Magnus Hatlebakk, CMI."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google