Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

© ULSTEIN KOMMUNE SIDE 1 © ULSTEIN KOMMUNE Helse og omsorg Oppvekst og kultur Nivå 1 Universielle tiltak Gjeld alle i aldersgruppa Nivå 2 Selektive tiltak.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "© ULSTEIN KOMMUNE SIDE 1 © ULSTEIN KOMMUNE Helse og omsorg Oppvekst og kultur Nivå 1 Universielle tiltak Gjeld alle i aldersgruppa Nivå 2 Selektive tiltak."— Utskrift av presentasjonen:

1 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 1 © ULSTEIN KOMMUNE Helse og omsorg Oppvekst og kultur Nivå 1 Universielle tiltak Gjeld alle i aldersgruppa Nivå 2 Selektive tiltak Retta mot grupper med risiko Nivå 3 Indikative tiltak Ved høg risiko eller kjente vanskar Tiltak for born og unge-samhandling på tre nivå Helse PPT/skule/bhg Barnevern Helse PPT/skule/bhg Barnevern MarteMeo Foreldrerettlleing-forenkla versjon av PMTO Helsestasjon for ungdom Forsterka helsestasjon Foreldreførebuande kurs Informasjonsmøter på skulane PMTO-terap i Tverrfaglege samarbeidsmøte i skular og bhg DUB/kompetanseløftet Trinnmøter/kompetansehev.tiltak Rutiner for overgang barnehage-skule EPDS kartlegging MOT Systemarbeid i skule/bhg DU-kurs Psykologisk førstehjelp MarteMeo Koordinerande eining (ansvarsgrupper og individuell plan) Individuelle samtaler MarteMeo Psykologisk førstehjelp PMTO-terap i MarteMeo Individuelle samtalarIndividuelle samtalar Samarbeidsmøter Barselgrupper Kulturskulen Bell

2 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 2 © ULSTEIN KOMMUNE Nivå 3 Indikative tiltak Nivå 2 Selektive tiltak Nivå 1 Universelle tiltak Folkehelsearbeid, gode leve og oppvekstvilkår, opplysningsarbeid, screening og foreldrerådgjeving. Tidleg intervensjon; kartlegging, grupper Utgreiing, behandling, habilitering, rehabilitering, individuell plan, miljøterapi

3 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 3 © ULSTEIN KOMMUNE Denne modellen er utvikla med utgangspunkt i Lier-modellen og Fjellmodellen. Modellen er nytta i framstillingar knytt til Modellkommuneprosjektet og KS-nettverk om «Samhandling for utsette barn/unge 0-18 år» Mål for modellkommuneprosjektet var «tidleg intervensjon og langsiktig oppfølging av sårbare barn og familiar-som lever med psykisk sjuke foreldre og/eller foreldre med rusmisbruk» For Ulstein kommune er det tenkt at modellen skal vise kva type tiltak vi har utover kjerneoppgåvene (skule/barnehage/helsestasjonsverksemd) for å stimulere til gode oppvekstforhold og førebygge helseplager. Dokumentet skal vise kva vi har no, og kanskje også vere til hjelp for å sjå kva vi manglar og kva vi kan bli betre på. Bakgrunn for modellen

4 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 4 © ULSTEIN KOMMUNE MarteMeo er ei metode for å betre samspelet med barn utvikla av den nederlandske terapeuten Maria Arts. Metoden er mest nytta til born under 10 år, men også nyttast på eldre born. Metoden nyttar videofilmar for å sjå på og utvikle samspelet mellom foreldre/fagpersonar og born Ulstein kommune har tilsett ein MarteMeo terapeut i 50% stilling. Alle som ønsker veiledning og er busett i kommuna kan få tilbodet, barnevern, helsestasjon, barnehage og foreldre sjølve har søkt og fått tilbod. Barnevernet har også ein terapeut tilsett i familieteamet, men til denne kan ikkje andre tilvise til. MarteMeo

5 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 5 © ULSTEIN KOMMUNE PMTO står for Paren Management Traning Oregon PMTO er eit tilbod til foreldre som har born i alderen 3-12 år med adferdsvanskar PMTO har fokus på samspelsmønster som fremjar samarbeid og positiv utvikling mellom foreldre og barn, og å bygge gode relasjonar. Tema som blir jobba med er positiv involvering, samarbeidsfremmande kommunikasjon, ros og oppmuntring, grensesetting, problemløysing og tilsyn. Ulstein kommune har fleire PMTO rådgjevarar på helsestasjonen og to PMTO terapeutar. PMTO terapeutane har 50% stilling og er interkommunale (Hareid, Herøy, Sande og Ulstein). Tilvising frå PPT, barnevern og helsestasjon. Barnevernet har også to PMTO terapeut i familieteamet, men her kan ikkje andre tilvise. PMTO

6 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 6 © ULSTEIN KOMMUNE Gratis lavterskeltilbud til ungdom mellom år. Lege og helsesøster 2t/veke Ingen timebestilling Vanlege problemstillingar: prevensjon, seksuelt overførbare sjukdommar, fysisk og psykisk helse, Helsestasjon for ungdom

7 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 7 © ULSTEIN KOMMUNE Rustesting for gravide og småbarnsforeldre Samarbeid med NAV, barnevern og fastlege. Tverrfagleg ressursgruppe: jordmor, lege, barnevern, tenesta for psykisk helse og rus, helsesøster, barnehagekonsulent Tverrfagleg ressursgruppe har utarbeida rutiner og skriftlege samarbeidsprosedyrer for oppfølging av gravide og småbarnsforeldre med rusmiddelproblem Forsterka helsestasjon

8 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 8 © ULSTEIN KOMMUNE Foreldreførebuande kurs er eit tilbod til gravide og partneren. Det er først og fremst førstegongsfødande som nyttar tilbodet. Det blir arrangert fire kurs kvart år. Kvart kurs inneheld to-tre kveldar: ein kveld med tema fødsel ved jordmor og ein med tema barseltid med ei helsesøster. Foreldreførebuande kurs

9 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 9 © ULSTEIN KOMMUNE Mandat: Teamet skal ha fokus på barn og unge, og deira livssituasjon, for å avdekke behov og setje inn tiltak tidleg. Teamet skal utveksle informasjon både på saksnivå, samt på personnivå primært etter skriftleg samtykke. Dei skal elles nytte den felles kompetansen til å finne løysingar som kan hjelpe barnet. Mål: 1.Raskare avdekking av vanskar hos enkeltbarn og grupper, fagleg og sosialt. 2.Tidlegare innsats, med nødvendig oppfølging i skule/barnehage, heim og fritid. 3.Færre barn med omfattande tiltak. 4.Koordinerte tiltak i kommunen Organisering: Rektor/styrar ved den enkelte skule/barnehage har ansvaret for gruppa, med innkalling og oppfølging. Møta skal haldast minimum ein gong per halvår. Rektor/styrar skriv eit kortfatta notat/referat Faste deltakarar er leiinga ved skulen/barnehagen og fagpersonar frå barnevern, helsestasjonen og PPT. Ved behov skal også fagområde/personar som gruppa meiner vil kunne tilføre nyttig informasjon i saka, til døme kontaktlærer, NAV, psykolog, lege, tannlege, BUP etc. Tverrfaglege samarbeidsmøter i skular og barnehagar

10 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 10 © ULSTEIN KOMMUNE Fleire i kommunen er kurs i bruk av verktøya frå psykologisk førstehjelp. Verktøyet kan nyttast i enkelt samtaler med lege på helsestasjonen, psykiatritenesten eller helsesøster på skulen. Også PPT og barnevern tilbyr støttesamtaler til enkeltbrukarar ved behov. Ved behov kan det også arrangerast gruppetilbod der ein nyttar verktøy frå psykologisk førstehjelp i skulen og i barnehagane har PPT utstyr og kompetanse til å bruke «Grønne tankar, glade barn» Psykologisk førstehjelp/støttesamtalar

11 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 11 © ULSTEIN KOMMUNE Brukarar med behov for koordinerte tenester skal vite kvar dei skal vende seg for å få hjelp og skal oppleve tenestetilbodet som samordna, koordinert og individuelt tilpassa Oppgåver:  Vere fast adresse og knutepunkt for samarbeid mellom kommunen, fylket og dei statlege institusjonane for å sikre brukarane sine behov for teneste  Sikre gode rutinar for opplæring og utarbeiding av individuell plan og ha oversikt over oppretta individuelle planar i kommunen  Ha oversikt over ansvarsgrupper i kommunen  Sikre brukarperspektiv  Vere lokal pådrivar for kompetanseheving av habiliering og rehabilitering  Ha oversikt over behov og kapasitet i kommunen si rehabiliteringsavdeling Koordinerande eining

12 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 12 © ULSTEIN KOMMUNE DUB er eit kompetansehevingsprosjekt i samarbeid mellom Nasjonalt Senter for Læringsmiljø og Atferdsforskning (Læringsmiljøsenteret) i Stavanger, Statped, Fylkesmannen og PPT. Hovudmålet Å utvikle trygge psykososiale skule- og barnehagemiljø, auke handlingskompetanse til å førebyggje, avdekke og avhjelpe psykososiale vanskar hjå barn i barnehage og skule. Delmål: * Å auke kompetansen i systemretta arbeid * Skape forståing for systemets innverknad på individet * Finne formålstenlege tilnærmingar i møte med barna * Utvikle verkty til variasjon og i utfordringar og aktivitetsformer * Sjå samanheng mellom dei ulike læringsarenaene (heim, fritid, barnehag, skule) * Utvikle kompetanse til å bli betre «iakttakarar» Utforme modellar, tiltak og arbeidsformer som fremjar samhandlinga mellom barnehage, skule og PPT DUB prosjektet er vidareført vidare gjennom eit fire åring kompetanseløft i 4 barnehagar i Hareid og Ulstein som har desse hovudmålala:  Bidra til å bygge flest mogeleg trygge og glade barn i eit mangfaldig og inkluderande barnehagemiljø  Vidareutvikle gode utviklings- og læringsmiljø i barnehagen  Utvikle autoritative vaksne  Vidareutvikle barnehagen som lærande organisasjon  Innovasjon/ Endring av praksis DUB/Kompetanseløftet «Dei barna som utfordra oss»

13 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 13 © ULSTEIN KOMMUNE Kurset bygg på kognitiv sosial læringsteori som legg vekt på korleis tanke- og handlingsmønster verkar inn på kjensler. For at kurset skal ha effekt er det naudsynt å tileigne seg metodane som kan føre til endring. Det er behov for å øve inn strategiar for meistring. Tema i kurset: Hvordan følelser oppstår, Situasjoner og tanker som kan gi tristhet, Å styre følelser med tanker og handlinger, å tenke på bedre måter, trening i uvante tanker: positiv tenkning og kontakt, bedre kontakt med andre, mestring og kognitive teknikker, daglig bruk av metodene: arbeid og øvelse, daglig bruk av metodene: arbeid og øvelse- avslutning. Kurset passar for: Ungdom år som har/hatt subkliniske eller milde til moderate depresjonar. Normal fungering intellektuelt, lesedugleik som gjer at ein forstår kursmaterialet. Praktisk gjennomføring: Kurset består av 10 samlingar på omlag to timar kvar, inkludert pause med litt å bite i Ein møter kvar veke på dei 8 første samlingane Så er det opphald tre –fire veker mellom 8. og 9., og mellom 9. og 10. samling. Til saman veker Kurset har ein kursleiar og ein ko-leiar Intervju med aktuelle kursdeltakarar før oppstart (bruk av BDI) Ein må ha 8-13 deltakarar for å gjennomføre kurset (NB! fråfall 15%) DU-kurs

14 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 14 © ULSTEIN KOMMUNE The Edinburgh Postnatal Depression Scale (EPDS) er eit spørreskjema som er utvikla for å oppdage pasienter/kvinner med depresjon etter fødsel (barselsdepresjon). EPDS kan også nyttast til gravide. Informerer om dette på foreldreførebuande kurs Helsesøster deler ut skriftleg informasjon på heimebesøk Kvinnen gjennomfører kartlegginga på 6 vekers kontrollen med barnet Dei som skårar høgt får tilbod om oppfølgingssamtalar med helsestasjonslege, helsesøster eller fastlege. EPDS kartlegging

15 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 15 © ULSTEIN KOMMUNE Trinnmøter med skulane er faste møtepunkt og samarbeidsavtalar som PPT har utarbeida med alle skulane, der PPT t.d bidreg med kompetanseheving/ kollegarettleiing/ reflekterande team eller råd og rettleiing i høve til ulike tema/ problemstillingar skulen set med. Trinnmøter/kompetanshevande tiltak

16 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 16 © ULSTEIN KOMMUNE Det er utarbeida ei rutine for overgangen mellom barnehage og skule. Rutina omfattar blant anna innhenting av løyve til overføring av informasjon, samarbeidsmøte mellom fagfolk og besøk i skulen for førskuleborna. Rutiner for overgang barnehage-skule

17 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 17 © ULSTEIN KOMMUNE Lokalsamfunn med Mot: I denne avtalen er det krav om å ha ein koordinator i 20% stilling, skulerte informatørar som skal gjennomføre ca.15 Mot-besøk med ulike tema i ungdomsskulen. Ungdom med Mot: Utvalde 9.klassingar, etter søknad og skulering, gjennomfører 2-3 Mot-besøk i 7.klasse og 8.klasse. Dette programmet har som eit av sine hovudmål å gjere overgangen frå barne- til ungdomsskule enklare og tryggare. Mot i fritid: Lag og organisasjonar som har med ungdom (frå 12 år og oppover) å gjere blir invitert med som aktive medspelarar (kostnadsfritt). Trenarar/lagleiarar gjennomfører ei skulering som Motivatørar. Målet at ungdommane skal møte gode verdiar både i skulen og på fritidsarenaen for å skape eit varmare oppvekstmiljø med robust ungdom. Mot til å sei nei og vere seg sjølv. Mot til å ha trua på eigne og andre sine krefter. Mot til bry seg om kvarandre og akseptere ulikheiter. MOT

18 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 18 © ULSTEIN KOMMUNE PPT tilbyr ulike kurs til skulane: korleis utvikle gode læringsmiljø, generelt om Asperger ADHD, Tourette m.m gode beskjedar kartleggingsverkty/ opplæring av fleirspråklege korleis førebygge lese- og skrivevanskar/ fagvanskar reaktiv tilknytingsforstyrring sosiale historier nonverbale lærevanskar korleis førebygge og handtere mobbing skulevegring Tilpassa opplæring, leiing og åtferd autoritativ leiing reaktiv og proaktiv aggresjon språkvanskar m.m Systemarbeid i skule/barnehage

19 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 19 © ULSTEIN KOMMUNE Grønne tankar – glade barn er eit verkty til bruk for dei yngste barna i bhg i forhold til å stimulere barna til å sette ord på tankar og kjensler. Inngår i psykologisk førstehjelp (norskutvikla sjølvhjelpsmatriell) Det er ikkje noko som blir nytta heile tida, men ved behov. PPT har kompetanse og utstyr til gjennomføring. Grønne tankar, glade barn

20 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 20 © ULSTEIN KOMMUNE I grunnskulen blir det informert frå tenestene på foreldremøte (barnevern, PPT og skulehelsetenesten). Dette er ikkje satt i system, og blir derfor ikkje konsekvent gjennomført etter ein plan. I den vidaregåande skulen blir det arrangert to faste informasjonsmøter åreleg til elevane. Om psykisk helse på første trinn i samarbeid med ein psykolog og om russetida til avgangselevane i samarbeid med politiet. Informasjonsmøter på skulane

21 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 21 © ULSTEIN KOMMUNE Det finnast ei rekke samarbeidsmøter i kommunen mellom avdelingane som har med tenestane gitt til born og unge. Helse-flyktning/asyl, ressursteam i skulane, koordinerande team, torsdagsmøtet, bustadmøte, tiltaksmøtet m.fl. Samarbeidsmøter

22 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 22 © ULSTEIN KOMMUNE Mål å gi foreldre trygging på foreldrerolla gjennom gruppesamtaler og foreldrerettleiing at foreldra sitt nettverk vert styrka gjennom gruppekonsultasjonar Gjennomføring Vi har i dag gruppekonsultasjonar ved følgjande alderstrinn:2, 4, 7, 9 mnd. I samarbeid med tannpleiar, fysioterapeut, samspelsrettleiar og ernæringsfysiolog Viss foreldre ikkje ønskjer gruppekonsultasjonar, får dei tilbod om individuelle konsultasjonar ved same alder Barselgrupper

23 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 23 © ULSTEIN KOMMUNE Kulturskulen tilbyr undervisning i dei fire kunstartane musikk, dans, drama og biletkunst. Opplæringstilbodet er retta mot barn og ungdom. Prosjekt, førestellingar, konsertar og utstillingar er ein viktig del av det heilskaplege undervisningstilbodet. Undervisninga skjer både individuelt og i grupper. Kulturskulen

24 © ULSTEIN KOMMUNE SIDE 24 © ULSTEIN KOMMUNE Bell ungdomsklubb er ein uformell og rusfri treffstad for, av og med ungdom i alderen år. Klubben er open to kveldar i veka. Aktivitetar I hovudetasjen på Bell er det kjøkken/kafé med kiosksal. I kjellaretasjen er det scenerom/diskotek, samt øvingslokale Hjalmar, som på klubbkveldar er ope for alle. Vi har mellom anna biljard, airhockey, ping pong, dart, PlayStation med ulike spel, brettspel, storskjerm, musikk - og ikkje minst ungdommar og vaksne som bryr seg! Ungdomsklubben Bell


Laste ned ppt "© ULSTEIN KOMMUNE SIDE 1 © ULSTEIN KOMMUNE Helse og omsorg Oppvekst og kultur Nivå 1 Universielle tiltak Gjeld alle i aldersgruppa Nivå 2 Selektive tiltak."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google