Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

1 ÅRSPLAN VIGRA BARNEHAGE 2015 / 2016 - EIN GOD STAD Å VERE, LEIKE OG LÆRE - ”Det er stort å vere liten i Vigra barnehage”

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "1 ÅRSPLAN VIGRA BARNEHAGE 2015 / 2016 - EIN GOD STAD Å VERE, LEIKE OG LÆRE - ”Det er stort å vere liten i Vigra barnehage”"— Utskrift av presentasjonen:

1 1 ÅRSPLAN VIGRA BARNEHAGE 2015 / EIN GOD STAD Å VERE, LEIKE OG LÆRE - ”Det er stort å vere liten i Vigra barnehage”

2 2

3 INNHALD s.3Vigra barnehage. s.4Tigergutt’s blinkskudd gjennom kamera. s.5Velkomen til barnehagen frå styrar. s.6Informasjon, pedagogisk dokumentasjon og vurdering. s.7Barnehagelova og rammeplan. s.8Barn og personale Nasse Nøff og Kengu. s.9Barn og personale Ole Brumm og Tigergutt. s.10Samarbeid barnehage – heim. s.11Dagsrytme. s.12Barnehagedagen vår. s.13Føresetnader for ein god barnehagedag s.14Kvalitetsutvikling. s.15Våre fokusområde med hovedmål frå Rammeplan. s.16Ut i naturen med opne sanser. s.17Barnehagen min. Felles mål og tiltak s.18Delmål og tiltak på Nasse Nøff. s.19Delmål og tiltak på Kengu. s.20Delmål og tiltak på Ole Brum. s.21Delmål og tiltak på Tigergutt. s.22Jul og påske. Felles mål og tiltak. s.23Overgang barnehage - skule s.24Tradisjonen tro. s.25Barnehageruta 2015/16. 3

4 4 VIGRA BARNEHAGE Vigra barnehage er blitt ein avdelingsbarnehage. Barnegruppa er delt inn etter alder. Alle borna høyrer til ei fast avdeling i kjernetida 9.30 – 14.00, men det er stor grad av samarbeid på tvers av avdelingane morgon og ettermiddag. Vigra barnehage har totalt 55 barn på huset dette barnehageåret. Viser forøvrig til ” Velkomstheftet” som inneheld anna generell informasjon. Eigar: Giske kommune Styrar : Ranveig Børø Szell Mob.nr : Baser: Adresse: Bakarvegen 8 Nasse Nøff : 9,6 plassar,alder 1-2 år 6040 Vigra E-post : Kengubarnet : 14,8 plassar,alder 2-3 Opningstid: Ole Brumm : 15,0 plassar,alder 4 år. Tigergutt : 13,2 plassar,alder 4-5 år. Tlf kontor : Stedfortreder: Sonja Skodje Nasse Nøff : Mob.nr : Kengubarnet: E-post : Ole Brumm : Tigergutt : Heimeside: Deler av innhaldet er passordbeskytta.http://www.vigra.barnehageside.no/ Foreldre kan kontakte personalet for passord. Transponder sms/epost-teneste: tlf.nr Det vert sendt ut både fellesbeskjedar og beskjedar til den enkelte via Transponder pr.dato. Alle foreldre er lagt inn som brukarar, og kan svare på og sende sms og/eller e-post til barnehagen via dette nummeret. Styrar og leiarane på den enkelte avdeling vil vere mottakarar. I løpet av oktober vil eit nytt system ; «hypernet direkte» bli tatt i bruk som kommunikasjonskanal. Alle foreldre vil få skriftleg informasjon om pålogging osv. når alt er klart. I ein overgongsperiode vil desse to systema overlappe kvarandre.

5 5

6 VELKOMEN TIL VIGRA BARNEHAGE Barnehageåret 2015/2016 er godt igong, og på vegne av personalgruppa vil eg ynskje alle velkomen til oss. Vi ser fram til eit år med mange spennande utfordringar. 55 barn og 20 vaksne er på plass i barnehagen. Det er færre barn over 3 år, og fleire under 3 år dette barnehageåret enn det som har vore vanleg dei siste åra. Dette heng saman med at vi hadde eit stort kull med 6-åringar som begynte på skulen i haust. Storleiken på årskulla varierer, og gruppesamansetninga vert dermed ulik frå år til år. Dette barnehageåret er gruppene meir aldersblanda enn dei har vore på nokre år. Personalet er fordelt etter beste evne, og vi meiner det er ei forsvarleg bemanning på alle avdelingane. Vi er godt nøgde med at barnegruppene ikkje er så store. Vigra barnehage har også ei stabil personalgruppe med høg kompetanse. Nytt og godt i haust er at det er sett opp ein skillevegg imellom avdelingane Kengu og Ole Brumm. No som begge har fått sine eigne lokale, vert dei ikkje så avhengige av kvarandre. Det er også meir skjerma for støy frå kjøkkenet etter at det kom dører der. Vi venter også på eit rullegitter som skal vere framfor kjøkkenopninga. Denne vil skjerme for uro frå kjøkkenet. Alt dette vil skape meir ro for begge gruppene. Samtidig har dei høve til å åpne opp og bruke heile rommet som før. Tidleg innsats. Vi legg vekt på å sette inn hjelp tidleg til dei barna som av ulike grunnar treng ekstra oppfølging. Å sette inn hjelp i barnehagealder, er ofte med på å forebygge lærevanskar og /eller andre vanskar seinare. PPT er vår viktigaste samarbeidspartner. I tillegg til å arbeide med enkeltbarn, er spesialpedagog sterkare inne som rettleiar for personalet enn tidlegare. Dette er eit viktig bidrag til målsettinga om tidleg innsats. Fagområda «Tal, rom og form» og «Natur, miljø, teknikk» er fokusområde dette barnehageåret. Val av fagområde/fokus heng saman med Realfagsprosjektet. Giske kommune er ein av 34 kommunar som har fått midlar frå Utdanningsdirektoratet til eit realfagsprosjekt. 3 barnehagar og to skular er i fyrste omgang med i prosjektet i vår kommune. Hovudmålsettinga med satsinga frå Utdanningsdirektoratet si side er at barn og unge si kompetanse i realfag skal styrkast. For oss er det meiningsfylt og gledeleg at tidleg innsats også på dette området er vektlagt ved at barnehagane er sterkt inne i satsinga. Vi ser fram til kompetansehevande tiltak og eit tett samarbeid i nettverk med både skular og barnehagar i kommuna i dette prosjektet! Sjølv om prosjektet vil ha stort fokus, arbeider vi heile tida med alle fagområder og ikkje minst med utvikling av sosial kompetanse. Vår interne plan for utvikling av sosial kompetanse ligg på heimesida vår. Den seier mykje om kva dei vaksne må gjere for at mål skal nås på dette området. Dei vaksne sin væremåte og kompetanse er barnehagen sin viktigaste ressurs, men vi kjem ikkje utanom at personale og foreldre må spele på lag for at vi skal oppnå mål som er sett. På dette området er det særs viktig å understreke betydninga av eit tett samarbeid! Vi ynskjer alle store og små eit spennande og utviklande barnehageår ! Med helsing personalet i Vigra barnehage ved styrar Ranveig Børø Szell 6

7 INFORMASJON, PEDAGOGISK DOKUMENTASJON OG VURDERING Personalet legg vekt på å informere om og dokumentere innhaldet i barnehagen. Dokumentasjonen er i stor grad retta mot foreldre, men all dokumentasjon er også verdifull i høve kvalitetsutvikling internt. Personalet har fokus på å forbetre rutinar og sikre kvaliteten på tenesta. Vi nytter ulike dokumentasjons-og vurderingsverktøy både i barnegruppa og personalgruppa. Dokumentasjon bidrar til å skape refleksjon. Vidare vert prosessane i barna sine aktivitetar dokumentert og vurdert både munnleg, skriftleg og som bildedokumentasjon undervegs. INFORMASJON, DOKUMENTASJONS – OG VURDERINGSMETODAR : Samtalar ved henting og bringing. White-boardtavler i garderoba til kvar avdeling der det kvar dag vert skrive om innhaldet i dagen. Bilete, viktige hendingar og beskjeder vert presentert på tavla. Evaluering av innhaldet i barnehagekvardagen skjer også gjennom uformelle samtalar med enkeltbarn og grupper av barn. Barnegruppa er med på planlegging og evaluering av aktivitetar på den enkelte avdeling. Medbestemmelse og aktiv deltaking i prosessar er ein av fleire måter å sikre barns medverknad på. ALLE MED – eit observasjonsskjema der den generelle utviklinga til alle barna vert registrert. Desse observasjonane er eit viktig utgangspunkt for foreldresamtalane. TRAS – (tidleg registrering av språkutvikling) vert brukt som eit supplement til ”ALLE MED” ved behov. Personalet reflekterer over eige praksis og nyttar ulike refleksjonsverktøy i vurderingsarbeidet. Refleksjon er sett på dagsorden på dei fleste interne møter; avdelingsmøter, leiarmøter og personalmøter. HEIMESIDE. Det er oppretta ei heimeside der ulik informasjon vert lagt ut og gjort tilgjengeleg for foreldre. Aktuell fellesinformasjon kjem i form av månadsbrev frå styrar. I tillegg vil det ut oktober bli gitt informasjon på sms og/eller epost via kommunikasjonskanalen : Transponder. Tlf. nr.: Foreldre er også oppretta som brukarar og kan svare på og sjølve sende sms og e- post via denne kanalen. Nytt system»hypernet direkte» i løpet av oktober. Dei ulike avdelingane gir ut månadsplaner og månadsbrev til foreldre. 7

8 8 BARNEHAGELOVA OG RAMMEPLAN § 1 Barnehagelova : ” Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene.” Rammeplan for barnehagen er ei forskrift til barnehagelova. Denne gir retningslinjer for barnehagen sitt innhald og oppgåve. Rammeplan skisserer m.a. 7 fagområde. Barnehagen skal gi grunnleggande kunnskap innan desse 7 fagområda : Natur, miljø, teknikk – Fokusområde 2015/2016. Tal, rom og form - Fokusområde 2015/2016. Kropp, rørsle, helse Kunst, kultur og kreativitet Kommunikasjon, språk og tekst Etikk, religion og filosofi Nærmiljø og samfunn Vigra barnehage har to fagområde som særskilte fokusområde dette barnehageåret. Fagområdet «kommunikasjon, språk og tekst» er gjennomgåande i alt arbeid i barnegruppa. i tillegg er sosial kompetanse eit overordna område vi vil arbeide med på tvers av alle fagområde. Vår interne plan for utvikling av sosial kompetanse ligg som eige dokument på heimesida. Arbeidet med dei særskilde fokusområda er fletta inn i det daglege arbeidet i barnehagen, gjennom kvardagsaktivitetane og i arbeid med ulike tema. I månadsplaner frå avdelingane vil vi kome nærare inn på innhaldet i dei ulike områda gjennom året.

9 BARN OG PERSONALE I VIGRA BARNEHAGE - Ranveig Børø Szell 100 % styrar - NASSE NØFF – BARNA 9,8 plasser : Elida Gustav Ole Alexander Christopher Sofie Maria Alice Lukas Selma Olave NASSE NØFF – VAKSNE : Cecilie Bakke Dyb – 70 % Pedagogisk leiar Tove Gjendem - 30 % Pedagogisk leiar - 70% Assistent Linda Haahjem - 76% Assistent Monica Roald – 76% Assistent Gunn Marit Iversen - 60% Assistent Astrid Skjong - 60% Assistent KENGU- BARNA 14,8 plasser : Karl Magnus Ane Sofie Karoline Odin Marius Marte Berit Live Sander Emilian Maya Emmelin Alexander Lilly Marie Marie KENGU – VAKSNE Camilla Skjong Valderhaug – 80 % Pedagogisk leiar Janne Slyngstad - 100% Barne og ungd.arbeidar Janne Molnes - 80% Assistent Svava Molnes - 50% Assistent Zofia McBain - 56 % Assistent 9

10 10 OLE BRUMM – BARN 15 plasser : William S Magnus William A Emma Karoline Liv Tuva Andreas Anton Kasper Leah Kristina Jakob Anna Edvin Johan Jenny OLE BRUMM – VAKSNE : Sonja R.Skodje – 80 % Pedagogisk leiar Anne Inger Rendal - 50% Pedagogisk leiar Caroline O. Giske % Barne-og ungd.arbeidar Reidun F.Rørvik - 80 % Assistent Turid Sødergren - 50% Assistent TIGERGUTT – BARN 13,2 plasser: Carmen Millian Mikael Jo David Christoffer Ana Jørgen Simon Sofia Espen Frida Nikolai Miriam TIGERGUTT – VAKSNE : Jeanette G.Hjelle - 80% Pedagogisk leiar Randi Sæther - 100% Barne-og ungd.arbeidar Inger Valderhaug - 80% Assistent Lise Mari R.Dahl - 100% Lærling

11 11 SAMARBEID FESTKOMITE : Foreldre : Elisabeth Haram Ellen Mari Hermansen Anne Sofie Kirkevåg Arnt Erik Blindheimsvik Personale : Svava Molnes Janne Slyngstad Festkomiteen har ansvar for organisering av julefesten. Personalet siner representantar kaller inn til møte i desember. FORELDRERÅDET : Foreldrerådet består av alle foreldre i barnehagen, og er det formelle organet som skal fremje fellesinteressane til foreldrane og bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Foreldrerepresentantane som er valgt inn i Samarbeidsutvalet er kontaktpersonar alle foreldre kan henvende seg til med saker dei vil ha belyst. SAMARBEIDSUTVALET : Foreldre : Kristin Valderhaug Martinsen Gjermund Tomta Vara Jannicke Jarnes Birgit Hildre Personale : Sonja R. Skodje Tove Gjendem Vara Anne Inger Rendal *Giske kommune : Asbjørn Røsvik Jan Nordstrand Vara : Thoril Presterud Roald Anne – Lise Roald *Det kan verte nye kommunale representantar når gruppene i det nye kommunestyret er etablert.

12 12 DAGSRYTME VIGRA BARNEHAGE TID MANDAGTYSDAGONSDAGTORSDAG ODDETAL TORSDAG PARTAL FREDAG ODDETAL FREDAG PARTAL BHG ÅPNER FROKOST PÅ T OG NN / FRILEIK ØKT NN UTE/INNE K INNE OB TURDAG TG INNE NN UTE/INNE K INNE OB INNE(TG) TG TURDAG NN UTE/INNE K TURDAG O.B INNE TG INNE NN UTE/INNE K INNE OB INNE(TG) TG TURDAG NN UTE/INNE K INNE O.B TURDAG TG INNE NN UTE/INNE K INNE OB UTE TG INNE NN UTE K TUR OB INNE TG INNE 1130 FORMIDDAGS- MAT ØKT NN INNE K INNE OB TURDAG TG UTE NN INNE K UTE OB INNE/UTE TG TURDAG NN INNE K TUR OB UTE TG INNE NN INNE K UTE OB INNE(TG) TG TURDAG NN INNE K INNE OB TURDAG TG UTE NN INNE K INNE OB UTE TG UTE NN INNE K TUR OB INNE TG UTE 1415 FRUKTMÅLTID 1430 SAMLING/ KVILESTUND ØKT NN UTE/INNE K UTE OB INNE TG INNE BHG.STENGER NN UTE/INNE K INNE OB UTE TG INNE NN UTE/INNE K INNE OB INNE(TG) TG UTE NN UTE/INNE K INNE OB UTE TG INNE NN UTE/INNE K UTE OB INNE TG INNE NN UTE/INNE K UTE OB INNE TG INNE NN UTE/INNE K INNE OB UTE TG INNE Der det er satt opp innetid til kl.14.00, er vi nødvendigvis ikkje det. Vi er fleksible og har t.d. høve til å gå turer i nærmijøet eller nytte uteområdet. …

13 BARNEHAGEDAGEN VÅR 13 LEIK MÅL : Barna skal utvikle sosial kompetanse. Knyte venskapsband. Barna skal utvikle kreativitet og fantasi. Språkleg utvikling. Kroppsleg meistring. SAMLINGSTUND MÅL : Skal gi kjensle av samhald og fellesskap. Språkstimulering. Lære å vente på tur. Lære å lytte til andre. Øving i å vere i sentrum / midtpunkt kvar sin gong. Formidle kunnskap. Oppøve konsentrasjon. TOALETT / BLEIESKIFT MÅL : Lære gode rutiner for hygiene. Oppleve nærleik, ro og omsorg. SOVE / KVILESTUND MÅL : Gi barna ro / kvile i løpet av dagen. Skape ei god og trygg rutine for kvile / sovestunda. MÅLTID MÅL:. Sunt kosthald. Sosialt samlingspunkt for barn og vaksne. Lære bordskikk. Barna skal medverke ved førebuing til og opprydding etter måltidet. Lære å vente på tur, øve på å smøre maten sjølve. GARDEROBE MÅL : Finne plassane sine. Øve på påkledning ut frå sine føresetnader. Hjelpe kvarandre. «UT PÅ TUR» MÅL : Faste turdagar på kvar avdeling.Turdagane skal vere godt planlagt og ha ei fagleg forankring. Barna skal vere deltakande i høve innhaldet på turdagane. Barna skal bli kjende med nærområdet. Skape tilhørigheit til «Markeskogen» og vere med «å passe på» den. Barna skal få utfordringer motorisk, og oppleve glede og meistring i samspel med kvarandre ute i naturen.

14 FØRESETNADER FOR EIN GOD BARNEHAGEDAG BARNS MEDVERKNAD Barnehagelova § 3 : ” Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barna skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet.” Barns medverknad er eit område som har vore sterkt vektlagt i barnehagen dei siste åra. Barns medverknad er ikkje berre medbestemmelse. Det omfattar også å lære å ta omsyn til andre; tolerere og akseptere dei grensene som er sett av vaksne. Barna skal medverke i takt med sine føresetnader, og aktiv medverknad vert derfor ulikt for aldersgruppene. Det vert arbeidd parallellt med bevisstgjering av dei vaksne og deira rolle i dette arbeidet. Dette er eit arbeid ein aldri kan seie seg ferdig med. Det handler om å ta det enkelte barn og barnegruppa på alvor og gi høve til å påverke sin eigen kvardag. FORHOLDET MELLOM VAKSNE OG BARN Barnehagelova § 3 : ” Barns rett til medvirkning krever kompetente voksne som har gode og oppdaterte kunnskaper om og respekt for barn! ” Barns medverknad krev vaksne som er tilstades med heile seg. Vaksne som har tid til å lytte, prate, oppmuntre, leike og skape lærelyst hos barna. God kommunikasjon mellom barna og personalet, og mellom personalet og foreldrene, er ein føresetnad for sikring av barns medverknad. PERSONALET I VIGRA BARNEHAGE SKAL : Vere aktive, engasjerte og lyttande i møte med barna. Opptre anerkjennande og ta barna på alvor. Ta seg tid og finne rom i kvardagen til å samtale med barna. Oppmuntre barna til å uttrykke tankar og eigne meiningar. Ha respekt for og ta omsyn til at barn er ulike, uttrykker seg ulikt og har ulike behov. Ha ein open dialog med foreldre om barnet sine behov. Reflektere over eigen praksis. 14

15 15 KVALITETSUTVIKLING Personalet ved Vigra barnehage vil gjere sitt beste for å skape ein stadig betre barnehage for barn, foreldre og personale. Å utvikle kvaliteten på tenesta er ein kontinuerlig prosess som står sentralt i alt arbeid som vert gjort. Vi har dei siste åra arbeidd mykje med barns medverknad og vaksenrolla. LØFT-metoden har også hatt stort fokus. Vi tør påstå at det har blitt eindel av kulturen å ha fokus på det positive framfor det negative. Vi har lagt eit godt grunnlag på desse områda og meiner dei mål og metodar vi har arbeidd med er blitt eindel av vår kultur. No er vi klare for utfordringar innafor fleire områder. Dei to fyrste er nært knytta til Kvalitetsplan for barnehage, SFO og skule i Giske kommune. Realfagsprosjektet er eit prosjekt Giske kommune har fått midlar til frå Utdanningsdirektoratet. Det er i fyrste omgang 3 barnehagar og to skular som er aktivt med i prosjektet. Dette er dei 3 områda vi vil ha størst fokus på dette barnehageåret. * Kreativ bruk av IKT i barnehagen. * Sosial kompetanse. * Realfagsprosjekt. BRUK AV DIGITALE VERKTØY I BARNEGRUPPA Mål : Barna skal få erfaringar og kunnskap om korleis digitale verktøy fungerer og kan brukast som verktøy for samarbeid, leik og læring. Tiltak : Implementere plan for barnehagane i Giske: «Kreativ bruk av IKT i barnehagen». Vaksenstyrt aktivitet i små grupper der valg av digitale verktøy er tilpassa alder/modningsnivå. Bruk av digitale verktøy som kamera, IPAD, PC,lamineringsmaskin, fargeskrivar, CD-spelar og GPS. Utvide bruken av digitale verktøy i samband med realfagssatsinga. REALFAGSPROSJEKTET. «Kvifor det? Frå det undrande til det problemløysande barnet» Mål: Styrke barna si interesse og kompetanse i realfag ved å: Legge til rette for gode naturopplevingar med fokus på barna si undring. Skape spennande og motiverande prosessar der bevisstgjering og praktisk problemløysing står sentralt. Tiltak: Kompetanseheving for personalet som ulike kurs og konferansar knytt til prosjektet. Legge til rette miljøet og dagsrytma slik at realfag vert ein naturleg del av leiken og kvardagsaktivitetane; både ute og inne. Bli kjent med og bruke aktivt materiell og idear frå Matematikksenteret og Naturfagsenteret. Ta i bruk samtaleguide for dei eldste barna der forståing og motivasjon for realfaglege emne vert dokumentert. Samarbeid på tvers av einingar; erfaringsdeling.

16 VÅRE FOKUSOMRÅDE MED HOVUDMÅL FRÅ RAMMEPLAN: FAGOMRÅDET NATUR, MILJØ OG TEKNIKK : Barnehagen skal bidra til at barna : Opplever naturen og undrar seg over kor mangfaldig han er. Opplever glede ved å ferdast i naturen og får grunnleggjande innsikt i natur, miljøvern og samspelet i naturen. Får erfaring med og kunnskap om dyr og vekstar og at dei er avhengige av kvarandre og viktige for matproduksjonen. Lærer å observere, undre seg, eksperimentere, systematisere, beskrive og samtale om fenomen i den fysiske verda. Erfarer korleis teknikk kan brukast i leiken og kvardagslivet. 16 FAGOMRÅDET TAL, ROM OG FORM: Barnehagen skal bidra til at barna: Opplever glede over å utforske og leike med tal og former. Tileignar seg gode omgrep som er greie å bruke. Erfarer, utforskar og leikar med former og mønster. Erfarer ulike typar storleikar, former og mål gjennom å sortere og samanlikne. Erfarer plassering og orientering og slik utviklar lokaliseringsevner. SOSIAL KOMPETANSE: Barnehagen skal: Møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens eigenverdi. Bidra til trivsel og glede i leik og læring. Vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Fremje demokrati og likestilling. Motarbeide alle formar for diskriminering. Arbeide kontinuerleg og målretta for å støtte og fremje barnets og barnegruppa sine sosiale ferdigheiter.

17 Dette er vår visjon for barnehageåret 2015/2016 Med utgangspunkt i realfagssatsinga skal barn og vaksne ut i naturen med åpne sansar. Fokuset skal vere undring i fellesskap gjennom gode og lærerike prosessar. Det barna erfarer av realfaglege tema i barnehagen danner eit viktig grunnlag for forståing, interesse og realfagleg kompetanse vidare i utdanningsløpet. HOVUDMÅL: Barna skal bli kjent med og glad i naturen ved å oppleve, undre seg, leike, eksperimentere, undersøke og lære om og av mangfoldet i naturen. Barna si nysgjerrigheit og spontanitet skal danne grunnlag for viktige prosessar på vegen til å forstå samanhengar og til logisk tenking. FOR Å NÅ MÅLET MÅ ALLE VAKSNE I BARNEHAGEN : Sørge for god planlegging og gjennomføring av turar i naturen og anna uteleik i tråd med måsettingane. Ta barna med inn i den digitale verden som eit middel til motivasjon, fordjuping og forståing. Vere åpne og undrande til alt som skjer rundt oss. Ta seg tid til å stoppe opp og ta barna sitt perspektiv i stor grad. Vere fleksible og kunne legge bort planer til fordel for spontane innspel frå barna. Vere lyttande og merksame på kva barna uttrykkjer gjennom leik, samtalar og kvardagsaktivitatar. Legge til rette for at barna får varierte erfaringar slik at dei får grunnlag for å vere nysgjerrige og forskande på stadig nye område. Ta utgangspunkt i barna sine interessar, nysgjerrigheit og føresetnadar. Stimulere barna til å oppleve med alle sansar, observere og undre seg over fenomen i naturen og teknologien. Legge til rette for eksperimentering både ute og inne. Vere bevisste på variasjon i metodebruk. Formidle praktisk informasjon og tips til heimane i høve metodebruk. Gi barna erfaringar som hjelper dei til å bli trygge i samhandling og problemløysing saman med andre. Bruke ny lærdom aktivt i det daglege arbeidet. Reflektere over eigen praksis og dele erfaringar. 17

18 18 - BARNEHAGEN MIN - AUGUST OG SEPTEMBER FELLES FOR HEILE BARNEHAGEN K var avdeling lager sin bursdagskalender og bildecollage/ bilder i garderoba der barna får sjå bilete av seg sjølv. Dei yngste barna tar med bilete heimefrå som t.d. vert brukt til å lage album. Personalet skal hjelpe barna å utforske barnehagen både inne og ute. Barna skal vite kvar ein skal gå for å finne ulike leiker, aktivitetar, garderoba, badet, andre avdelingar, kontoret o.s.v. Dei skal også lære reglane til barnehagen og nokon får til og med vere med på å utarbeide reglar Med dette vert barna kjende med barnehagen sin. Vi gjer vårt ytterste for å gi barn og foreldre omsorg, tilhørigheit og tryggheit. DELMÅL : Barna skal bli kjent med si avdeling, dei andre barna, dei vaksne og uteplassen. Barna skal få sette sitt preg på innemiljøet. Gi barna ein god start på dagen. Finne ein god dagsrytme der kvart barn m.a. får dekt sitt behov for søvn/ kvile. Foreldre skal gå ifrå barna kvar morgon med ei god kjensle og ved henting bli møtt av eit barn som er fornøgd med dagen! HOVUDMÅLSETTING : Skape tilhørigheit, tryggleik og gi omsorg til barna. Barna skal bli kjent med barnehagen.

19 19 NASSE NØFF Delmål for barnegruppa: Oppleve og glede seg over naturen slik at barna får begynnande forståing for plantar og dyr, landskap, årstider og ver. Gode opplevingar innan musikk, song og kreative aktivitetar. Tidleg og god språkstimulering gjennom verbal og nonverbal kommunikasjon. Styrking av sosial kompetanse gjennom fellesopplevingar og aktivitetar. Utvikling av matematisk kompetanse gjennom utforsking og leik med matematiske begrep. Tiltak: I år skal vi på Nasse Nøff bruke boka «Den veldig travle edderkoppen» som utgangspunkt for leik og læring. Fokuset vil vere på natur, dyr, matematikk, språk, sosial kompetanse og skaparglede. Boka omhandlar 11 dyr som vi skal bli kjent med. Innhaldet i boka er eit godt utgangspunkt for språkstimulering/begrepstrening og den inneheld matematiske begrep, fargar,storleik,tal,rom,form, samanlikning,og sortering. Morgonstund med dagtavle, song, musikk, bilder, dramatisering og leik vil vere sentralt i arbeidet med boka og fagområda generelt. Vi vil også legge til rette for smågrupper med formingsaktivitetar, matteleik, språkleik, IKT og fysisk aktivitet. Vi vil også vektlegge turar med opplevingar i naturen som mål. Boka vil vere den raude tråden gjennom det heile. For å gi barna tilhørigheit til barnehagen sin, skal dei få høve til å sette sitt preg på innemiljøet på avdelinga. Dette kjem best til syne gjennom dei ulike formingsaktivitetane barna skal ta del i. Vi legg vekt på at barna skal vere aktive deltakarar i all leik og aktivitet, og barna vil ofte bli delt inn etter alder og modning. For å gi barna gode kjenslemessige opplevingar, vil vi i små og store grupper legge vekt på glede, humor og estetiske opplevingar. Dette vil vere med på å styrke det enkelte barn sin sosiale kompetanse, skape vennskap og styrke fellesskapen i gruppa. For å styrke den verbale og nonverbale kommunikasjonen, vil vi bruke «teikn til tale» i barnegruppa. I utetida vil vi gi barna ein begynnande kjennskap til det flotte turområdet vi har på Roald og undre oss over naturen ilag med barna. Naturen er ein fantastisk arena for leik med matte og språk samt for utvikling av sosial kompetanse og skaparglede. Det vil vi nytte oss av både på tur og på barnehagen sitt uteområde.

20 20 KENGUBARNET Delmål for barnegruppa: Få erfaring innen matematiske begrep, tal, mengde og formar gjennom leik, samling og aktivitetar. bruke rim og regler, song og musikk som ein del av kvardagen. kjennskap til dyr, planter og grønnsaker. undre oss over det som skjer rundt oss i utetida. legge til rette for gode felles opplevingar i smågrupper, leik og aktiviteter Tiltak: Eventyret om «Geitekillingen som kunne telle til ti» samt endringane som skjer rundt oss i naturen vil vere eit gjennomgåande tema dette barnehageåret. Ved å bli kjent med eventyret om «Geitekillingen som kunne telle til ti» får barna erfaringar innan matematikk samtidig som dei får god språkstimulering. Ved hjelp av konkretar vil barna få ei betre forståing av kva som vert formidla. Dramatisering vil også vere ein naturleg del av formidlinga, der barna får trening i å vere i fokus. Med eventyret som utgangspunkt skal barna bli godt kjent med dyra vi møter i boka. Fleire av dyra møter vi i nærmiljøet vårt. Vi legg også opp til ulike formingsaktivitetar knytta til fortellinga. Ved å bruke «kalenderen vår» med gjennomgong av dagen i dag, ser vi på veret samt årstida vi er inne i. Dette gir grunnlag for samtale og undring og også leik og forming. Det vert ein naturleg del av kvardagen, der vi også ser på kva som skjer rundt oss i naturen når vi er ute. Rim,regler, song og musikk som har ein samanheng med eventyret og årstidene, tar vi inn i samlingsstunder, i gruppeaktivitetar og ute på tur. Når våren kjem vil vi så frø og følgje prosessen frå frø til blomst/grønnsak. Gjennom året legg vi kvar veke opp til aktivitetar i små grupper. Her vil barna få erfaringar med matematiske aktivitetar, spel, forming, gymaktivitetar og høgtlesing. I små grupper har vi muligheit til å ha ein tettare dialog om dette med å ta omsyn til kvarandre, øve på turtaking, samarbeide med kvarandre og hjelpe kvarandre. Barna skal gjennom aktivitetane oppleve mestring og glede.

21 21 OLE BRUMM Delmål for barnegruppa: øve seg på å observere, undre seg, eksperimentere og samtale om det som skjer i naturen rundt oss. få erfaringer med tal, former, mønster, vekt og plassering legge til rette for at barna skal oppleve meistring som gruppe, samt som eigen person utvide barna si ord- og begrepsforståing som blir brukt i kvardagen og i temaarbeid få opplevingar som gir impulser og inspirasjon til leiken styrke gruppetilhørigheit og inkludering gjennom leik og aktiviteter i smågrupper og i kvardagsaktiviteter Tiltak: Vi vil legge til rette for at barna skal oppleve «uterommet» som ein god arena for leik, opplevelsar, aktivitetar og samvær. Natur, miljø og teknikk er eit spanande fag der barna får bruke heile seg, sin forskartrang, nysgjerrigheit og kreativitet. Å følgje med på endringar gjennom årstidene vil gi oss mange erfaringar og nyttig lærdom om naturen som m.a. det skiftande veret, fargane, lyset, skogen, dyr og fuglar. Ulike eksperiment fra fagområdet vil vi utføre både inne og ute. Gjennom barnas medverknad stopper vi opp og sjekker ut det barna observerer og vil vite meir om. Da er det nyttig å ha i-pad, kamera og faglitteratur med på tur. Denne hausten har barna vore særleg opptekne av snegler. Som har gitt oss ny kunnskap og inspirasjon til formingsaktiviteter. «Vegen blir til mens vi går, og vi går den saman.» Ved bruk av dokumentasjon får barna mulighet til å sjå, oppleve og samtale om det vi har jobba med. I løpet av veka vil vi jobbe i små grupper som leike/ aktivitets- grupper og parstasjonar. Tema-arbeid, forming, eksperiment, sang, rim og regler, spel og trening i å samhandle er noko av innhaldet i desse gruppene. I mindre grupper er det enklere å sjå det enkelte barnet og ha gode samtaler med kvarandre., øve på turtaking, samarbeide og hjelpe kvarandre.

22 22 TIGERGUTT Delmål for barnegruppa:. Gjennom turar, opplevingar, refleksjonar og undringar skal vi gi barna eit utgangspunkt for ei slags forståing av korleis ting heng saman i nærmiljøet og i «diverse andre» verdenar.. Formingsaktivitetar, andre praktiske aktivitetar samt oppslagsverk/litteratur vil bli brukt for å forsterke denne forståinga.. Gjennom aktivitetar i små grupper vil vi gi barna vidare erfaringar med tal, former, vekt, plasseringar og målingar..Vi legg til rette for at barna skal få felles opplevingar som gir glede og meistring. Tiltak: For å nå desse måla er det naturleg for oss å ta barna med til kjende omgjevnadar og jobbe/utvide utifrå dette. Vi vil ta utgangspunkt i årstidene med månadar, ver, vind og dyrelivet knytt til dette. Vi vil sjå på livet i fjøra, til havs og livet på bondegården og finne ut kva dette livet er med på å gi oss menneskjer…nemleg mat ! Sidan fjøra er nær og vi har garder i nærmiljøet er det naturleg for oss å bruke dette aktivt for å gi barna gode og meiningsfylte opplevingar. For at barna skal få ei litt «breiare» forståing av verda rundt oss, skal vi mykje ut på eventyr saman med Ville, Rosa, Klara og Bambus.. Med alt dette som ramme samt barna sin naturlege spontanitet skal turane våre og både ute-og innetida vår vere prega av nysgjerrigheit og undring. Vi vil at dette året skal gi barna noko å fundere over og at vi vaksne skal fundere og undre oss ilag med dei. Dette vil vi mellom anna gjere ved å gjennomføre ein del eksperiment og stadig prøve ut nye ting. Dette skal vere både «vaksenbestemte» ting som vi henter frå idebankar, men barna sine interesser vert også tatt på alvor og fulgt opp. Kanskje lurer nokon på om det går an å få paprika av paprikafrø? Kanskje er det nokon som lurer på korleis ein kan lage slush lik den dei hadde på den fornøyelsesparken der dei var i sommar? Ja; då prøver vi ut! « Skal tru kvifor at..» vil vi skal bli ei frase barna skal ta opp igjen-og opp igjen gjennom dette året både i barnehagen og heime. Samtidig som vi vaksne skal stille dette spørsmålet tilbake til barnet og ikkje gi fasitsvar..! «Ja, ska tru, kva trur du at skjer da osv..» Den matematiske gleda som barna har vist gjennom matteprosjektet skal vi ta vare på gjennom spel, aktivitetar og samtalar. Vi henter inspirasjon frå «Mattesekken» samt andre idebankar der vi finn praktiske matteaktivitetar.

23 23 TEMA - JUL OG PÅSKE - JUL HOVUDMÅL : Bli kjent med julebodskapen. Bli kjent med nokre julesongar. Skape gode forventningar til jul. Styrke fellesskapet på tvers av aldersgruppene. For å nå desse måla skal vi ha adventsstund kvar dag. Vi tenner lys, syng julesongar og les bøker som handlar om juletradisjonar og julebodskapen. Vi har julekalender på kvar avdeling, lager julegåve, julepynt og baker deilige julekaker som vi skal kose oss med gjennom adventstida. Vi har juleverkstad på tvers av avdelingane, og øver inn eit julespel der alle tar del. Nissefest i barnehagen i desember og Julefest på Mjølner i januar. Framføring av julespelet på julefesten. Julegudsteneste i Vigra kyrkje veka før jul. Det er mulig å reservere seg frå gudstenesta for dei som ynskjer det. Dei barna dette eventuelt gjeld, vil få eit alternativt opplegg i barnehagen mens dei andre er på gudsteneste. Andre faste tradisjonar: Sjå eige punkt og barnehageruta. PÅSKE HOVUDMÅL : Bli kjent med påskebodskapen. Bli kjent med påsketradisjonar. Lære påskesalmar og –songar. Lære om nytt liv. For å nå desse måla skal barna gjennom samlingstund og aktivitetar bli kjende med påskebodskapen, lære påskesongar og bli kjende med andre påsketradisjonar. Vi vil også ha fokus på kva som skjer i naturen om våren; nytt liv. Det vert påskegudsteneste i Valderøy kyrkje. Det er mulig å reservere seg frå gudstenesta for dei som ynskjer det. Dei barna dette eventuelt gjeld, vil få eit alternativt opplegg i barnehagen mens dei andre er på gudsteneste. Tradisjonen tro vil familiane bli invitert til den koselege påskefrukosten i barnehagen siste fredagen før palmesøndagen.

24 Overgang barnehage- skule Vigra barnehage har eit tett samarbeid med Vigra skule. Etter jul er det jamnlege besøk til 1.klassa på skulen. Pedagogisk leiar på Tigergutt er i dialog med rektor og 1.klasse-lærar for å sikre ein god overgang til skulen. Skriftlege rutinar for samarbeid mellom barnehage og skule er revidert og ligg på heimesida vår. Det er viktig å skilje mellom skule og barnehage. I barnehagen skal vi ikkje ha undervisning slik som i skulen. I barnehagen er kvardagssituasjonane og leiken hovudarenaer for læring. I førskulegruppa førebur vi barna til skulestart på denne måten: -Barna øver seg på å arbeide med ei oppgåve medan dei sit i gruppe ved bordet. -Barna øver seg på blyantgrepet. -Barna lærer ulike begrep. -Barna får kjennskap til tal, mengder og former. -Barna får kjennskap til bokstaver, bokstavlyder og skriveretning. -Barna øver på å rekke opp handa. -Barna øver seg på å vente på tur. -Barna øver seg på å lytte til dei andre barna og dei vaksne. -Barna øver seg på å vere ein god ven. -Barna øver seg på å ta omsyn til kvarandre. -Barna øver seg på å følge reglane dei har vore med på å bestemme. -Barna øver seg på å kle på seg sjølve. -Barn og vaksne følgjer med på veret for å finne ut kva klær vi treng å ha på oss når vi skal ut. 24

25 TRADISJONEN TRO…… 25 PÅSKETRADISJONAR Påskegudsteneste i Valderøy kyrkje. Påskefrukost i barnehagen for heile familien. ANDRE TRADISJONAR Besteforeldrekaffi Karneval i samband med fastelavn. Vinteraktivitetsdag; ute ein snødag. Barna vert delt inn på tvers av avdelingane og har ulike aktivitetar. 17.mai – feiring, Vi øver til den store dagen Sommar-OL,uteaktiviteter på tvers av avdelingane med premiering og stas til alle. Overnatting i barnehagen for Tigergutt Sommarfest med underhaldning frå barnehagen og koldtbord frå foreldre. Vi markerer at året er omme og at nokon skal over i «skulekvardagen». BURSDAGSSAMLING Vi flaggar ute når bursdagsbarnet kjem. Samling med stol, kappe og krone der barnet er i sentrum heile samlinga. Vi synger bursdagssong. Vi lager raketter til borna- antal år dei blir, får velge farge på rakettene. Bursdagsbarnet får velge songar vi skal synge eller bok å lese. JULETRADISJONAR Felles adventstund på avdelingane. Lucia-tog for dei eldste barna på Vigra omsorgssenter. Nissefest for alle. Julebord for dei eldste. Julegudsteneste. Julefest for heile familien på Mjølner.

26 26 BARNEHAGERUTA 2015 / 2016 August / September Barnehagen stengt : Planleggingsdagar 13. og 14. august. Foreldremøte tirsdag 15.september. Oktober / NovemberBarnehagen stengt: Planleggingsdag fredag 13.november. Foreldresamtalar. Desember Luciafeiring 11.desember ( Tigergutt til Vigra omsorgssenter ). Julegudsteneste i Vigra kyrkje 16.desember. Ope i romjula for dei som har behov for det. Bindande påmelding innan 1. desember. Januar Første dag etter juleferien er mandag 4.januar. Julefest på Mjølner torsdag 7.januar. FebruarKarneval fredag 5. februar. Barnehagen stengt : Planleggingsdag mandag 22.februar. Mars / April Påskegudsteneste i Valderøy kyrkje 15.mars. Påskefrukost i barnehagen fredag 18.mars for barn, foreldre og syskjen. Ope i påskeveka for dei som har behov for det. Påmelding innan 1.mars. Foreldresamtalar. Mai 1.Mai frist for påmelding sommaropning. Overnatting for 5 /6 –åringane. Eiga fane i 17.mai toget; foreldrerepr. har ansvar. Øving i barnehagen 13.mai. OL i barnehagen 24.mai. Barnehagen stengt : Planleggingsdag fredag 6.mai. Juni / Juli Sommarfest for born, foreldre og søsken tirsdag 7. juni. Sommaropning frå veke 25 t.o.m. veke 32. Alle skal ha min. 3 veker samanhengande ferie i denne perioden.


Laste ned ppt "1 ÅRSPLAN VIGRA BARNEHAGE 2015 / 2016 - EIN GOD STAD Å VERE, LEIKE OG LÆRE - ”Det er stort å vere liten i Vigra barnehage”"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google