Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule. Klasseleiing - læringsleiing Mykje meir enn reglar og rutinar! Klasseleiingsbordet: Ein integrert kompetanse.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule. Klasseleiing - læringsleiing Mykje meir enn reglar og rutinar! Klasseleiingsbordet: Ein integrert kompetanse."— Utskrift av presentasjonen:

1 Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule

2 Klasseleiing - læringsleiing Mykje meir enn reglar og rutinar! Klasseleiingsbordet: Ein integrert kompetanse

3 4. bordbein: Tydlege forventningar og motivering Tydlege forventningar er avgjerande for at elevane skal realisere sitt potensiale for læring. Elevane treng vite hensikta og forventningar i høve ein aktivitet, slik kan dei vere medvitne om eiga læring. Ei oppsummering til slutt om kva elevane har lært, vil styrkje elevane si innsikt i eiga læring (metakognitiv kompetanse). Elevane bør møte høge, men realistiske forventningar som står i høve til føresetnadar. Læringsaktivitetane bør vere utfordrande og ha høgt driv.

4 Tankekart Beskriv eigenskapane til ein lærer du sjølv har hatt, som du meiner gjorde slik at du vart motivert til arbeidsinnsats og læring. Plenum

5 Motivasjon: Den pris ein person er villig til å betale for å få eller oppnå noko(Smith 2007). Læringsutbytte i form av ny kunnskap, høve til vidare utdanning, status hos jamaldra, det å tilfredsstille lærar/foreldre, gleda over å meistre og liknande, må vere så attraktivt at ein er villig til å yte for å oppnå dette. Utfordringa i skulen er at måla knytt til læring ikkje alltid er like attraktive for alle elevar. Derfor er det ulikt i kva grad elevar er villig til å yte ein innsats for å få eit godt læringsutbytte. Her vil sjansane for å meistre/ lukkast vere avgjerande. Snakkar gjerne om indre og ytre motivasjon, begge er like viktig.

6 Motivasjon= meistring Elevar som opplever meistring byggjer eit positivt sjølvbilde. Motivasjon treng ikkje vere til stades før du lærer, den kjem gjennom arbeidet når ein får det til og får lyst til å lære meir. Elevane sin motivasjon og meistring kan styrkje konsentrasjonen om arbeidet og gi mindre sosiale og emosjonelle vanskar. Å ikkje meistre, vil kunne svekke eigne forventningar om meistring og bidra til låg motivasjon. Elevar som opplever frykt for nederlag kan utvikle negative meistrings- strategiar, dette kan vere bråk og uro for å sleppe unna vanskelege/ utfordrande oppgåver. Mangel på forventningar og sjansen for å ikkje meistre noko, kan gjere at eleven finn andre ting å halde på med…

7 Thomas Nordal: «Mangel på forventninger er en straff du må bere med deg resten av livet» Albert Camus: «I Monsieur Germains timer…..» Film forventningar og motivasjon

8 Tenkjeskriving Kva gjer du i høve læringsarbeid og prøver for å skape motivasjon og meistring hos alle elevane? Deling i par Plenum

9 Kjenneteikn på god læring Thomas Nordahl: Tydeleg og strukturert undervisning Høge faglege krav og høge forventningar til elevane God førebuing Kontinuitet og oversikt Presis start og avslutning på undervisninga

10 John Hattie: suksessfaktorar i høve læring Eit trygt og positivt læringsmiljø Tydlege og tilpassa læringsmål Tilbakemeldingar på arbeid Elevmedverknad Variasjon og struktur i organisering av undervisninga Lærar sine faglege kunnskapar over minstekrav spelar liten rolle... ”Lærerens mål skal ikkje vere å ha spennande undervisning, å kome igjennom stoffet eller å oppnå gode prøvekarakterar, men å oppnå ønska læringseffekt hos kvar enkelt elev.” Skal ein obsevere kvarandre som lærarar skal ein ikkje sjå på undervisninga, men læringseffekten, poenget er kva elevane får ut av det... Intervju John Hattie

11 Ein god lærar/leiar får til motivasjon ved å: Stille krav og ha høge forventningar til seg sjølv som leiar og lærar. Ha positive og høge forventningar til alle elevane sin arbeidsinnsats og læringsutbytte. Signalisere tydelege forventningar i høve åtferd. Motivere elevane til arbeidsinnsats. Ha gode fagkunnskapar som gir høve til fleksibel og tilrettelagt undervisning. Vere engasjert i faget og dermed skape nysgjerrige og engasjerte elevar. Ha didaktisk kompetanse og innsikt i klassa som sosialt system. Greie å skape eit arbeidsfellesskap med elevane der felles mål er læring.

12 Slik kan du leggje til rette for mestring og motivasjon: Aktiviser forkunnskapane til elevane Avklar forventingar til læring og åtferd på førehand Forklare nøye kva elevane skal gjere Gi positive tilbakemeldingar Støtt elevar undervegs i arbeidet Repeter Alle får alltid til noko og det er alltid noko å rose Oppsummer kva dei har lært Gi høve til eigenvurdering

13 Skilnad på ein god og «dårleg» time Den gode time Hyggjeleg oppstart av timen. Faglege mål formidla (på tavla). Kollektiv formidling i starten med tydelege beskjedar og instruksjonar. Elevene vert engasjert, alle er med, fokus på læring. Sjekk på om elevar forstår, tilbakemeldingar. Bruk av ros og oppmuntring. Klar avslutning med oppsummering. Den «dårlege» time Fråvær av faglege mål og lite fokus på innhald. Vektlegging av aktivitetar og utydelege beskjedar. Einsidige aktivitet, berre ind. arbeid, berre formidling, osv. Lærar skiftar ikkje strategiar. Elevane som skal tilpasse seg. Lite/ ingen respons, ros og oppmuntring. Lærar går i diskusjon med elevar. Mykje negativ korrigering då reglar ikkje vert følgt.

14 Ein time i samfunnsfag 1.Oppstart: Læringsmål på tavla: -Vite kva imperialisme tyder -Kunne seks årsaker til imperialismen frå 1870-1914 2. Gjennomgang på tavla, elevane noterer -Forklaring imperialisme - å herske, kartet over Afrika - Tankekart, teikningar/symbol i tillegg til tekst 3. Arbeidsøkt - Elevane les stilt og arbeider med oppgåver 4. Oppsummering -Elevane legg att bøker, forklarer i par til kvarandre kva imperialisme er -Ramser opp dei seks årsakene -Plenum, kven greier å seie dei seks årsakene til imperialisme? Neste time: Kort sjekk(skriftleg) i starten i høve læringsmåla frå sist

15

16 Lekse til neste gong: Planlegg og gjennomfør ein god time der du sjekkar at elevane har kjent meistring og følt at dei har lært noko. Vi delar erfaringar neste gong.

17 Kjelder: http://www.udir.no/Utvikling/Ungdomstrinnet/Klasseledelse/Motivasjon- og-forventninger/Video---Laringskultur23/ http://www.udir.no/Utvikling/Ungdomstrinnet/Klasseledelse/Motivasjon- og-forventninger/Video---Laringskultur23/ http://www.udir.no/Utvikling/Ungdomstrinnet/Klasseledelse/Om- klasseledelse/Hovedartikkel-om-klasseledelse/Motivasjon-og- forventninger/ http://www.udir.no/Utvikling/Ungdomstrinnet/Klasseledelse/Om- klasseledelse/Hovedartikkel-om-klasseledelse/Motivasjon-og- forventninger/ http://www.haugalandsloftet.no/wp- content/uploads/2013/02/Forelesning-Nordahl-010213.pdf http://www.haugalandsloftet.no/wp- content/uploads/2013/02/Forelesning-Nordahl-010213.pdf file:///C:/Users/Bruker/Downloads/Klasseledelse_thomas_nordahl%20(1). pdf file:///C:/Users/Bruker/Downloads/Klasseledelse_thomas_nordahl%20(1). pdf http://www.folkeskolen.dk/529555/laerere--det-er-jer-der-kan-loefte- folkeskolen http://www.folkeskolen.dk/529555/laerere--det-er-jer-der-kan-loefte- folkeskolen

18 Val av eit satsingsområde innan klasseleiing, vidare arbeid og samarbeid med Høgskulen Vi vel eit av dei fire «beina» i høve klasseleiing:


Laste ned ppt "Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule. Klasseleiing - læringsleiing Mykje meir enn reglar og rutinar! Klasseleiingsbordet: Ein integrert kompetanse."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google