Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule. Erfaringsdeling i høve lekse om samarbeid To og to: Kva var oppgåva til elevane? Kva la elevane vekt på.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule. Erfaringsdeling i høve lekse om samarbeid To og to: Kva var oppgåva til elevane? Kva la elevane vekt på."— Utskrift av presentasjonen:

1 Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule

2 Erfaringsdeling i høve lekse om samarbeid To og to: Kva var oppgåva til elevane? Kva la elevane vekt på når det gjaldt godt samarbeid? Hadde det å snakke om samarbeid på førehand noko å seier for korleis samarbeidet vart? Deling i plenum

3 Klasseleiing - læringsleiing Mykje meir enn reglar og rutinar! Klasseleiingsbordet: Ein integrert kompetanse

4 3. bordbein: Struktur, reglar og rutinar Kva er kva? Reglar: Uttrykkjer standardar for korleis ein vil ha det, td. ordensreglar. Rutinar: Skildring av forventa åferd som ein lyt øve på. Desse kan vere knytt til oppstart, avslutning og ulike aktivitetar, td. våre skal-reglar og rutinar. Struktur: Sosial struktur seier noko om korleis handlingane i ei gruppe er bygd opp og styrt, medan fagleg struktur handlar om korleis læraren legg det faglege stoffet til rette for at elevane skal lære.

5 Kvifor er struktur, reglar og rutinar viktig for god klasseleiing? Det motsette av struktur er kaos. Verkemiddel for å få til god læring og effektivitet i klassa. Viktig fordi det gir gruppa felles referanse, skaper dermed fellesskap og normer for samhandling. Gjer undervisningssituasjonen framsynt og gjer det lettare for elevane å innordne seg. Bidreg til eit inkluderande fellesskap, skaper integrasjon og gir signal om ønska sosialt samspel. NB! Ein positiv relasjon mellom lærar og kvar enkelt elev er ein føresetnad for å lukkast med velfungerande reglar og rutinar!

6 Læringsmiljøsenteret: «Flere studier peker på viktigheten av å kommunisere forventet atferd tydelig til elevene, og å gjenta dette når atferden bryter med vedtatte regler og etablerte rutiner (Doyle, 1986).» «Regelledelse er den andre av tre avgjørende kompetanser en lærer trenger for å øke elevers læring, i følge metaanalysen gjort av Nordenbo med flere (Nordenbo et al., 2008).» (Den første er relasjonskompetanse, den tredje didaktisk kompetanse).

7 Kva oppgåve har dei ulike reglane våre? Ordensreglement: Alle skular pliktige til å ha slike. Rektor har ansvar for at alle lærarar handhevar ordensreglementet. Sanksjonar i høve brot på reglane skal vere nedfelt og framgangsmåte for handsaming av brot på reglane skal stå klart. Ligg til grunn for karakter i orden og åtferd, vi må kunne dokumentere grunnlag for karakter, difor noterer vi merknader ved brot på reglane. Elevar som følgjer reglane bør få ros og positiv merksemd, medan elevar som bryt reglane, bør sanksjonerast i samsvar med ordensreglementet. Elevane må vere kjent med konsekvensane på førhand og forstå innhaldet i reglane. Læreren har ansvaret for konsekvensar ved regelbrot, her må vi ha mest mogeleg lik praksis på tvers av klasser og årssteg.

8 Tenkjeskriving Er praksis for handheving av ordensreglementet på skulen vår god nok? Deling i par Deling i plenum

9 Struktur og rutinar Skal-reglane har vore ein del av praksisen ved VUS sidan byrjinga av 1990-talet. Rektor den gong var Terje Kjøde. Var tidleg ute! F:\R02 Skal-reglar og -rutinar.doc Behov for meir struktur i klasseromet og gjenreise læraren som autoritet. Rektor såg til at dei vart gjennomført. Erling Roland. Klasseromsreglar har kome inn seinare, elevane med på å utvikle desse. Film struktur, reglar og rutinar

10 Samtale i par Er skal-reglane våre «up to date», burde noko leggjest til? Kvifor treng vi både ordensreglar, skal-reglar og klasseromsreglar? Deling i plenum

11 Elevkollektivet – Erling Roland Sosialt vakuum Kort periode når ei klasse møtest for første gong der sosialt handlingsmønster og normer ikkje er etablert endå. Sterk og tydelig leiing fra første stund gir læraren ein optimal sjanse til å setje preg på det sosiale samspelet i klassa. Gir høve til å innføre reglar og rutinar og stå fram som autoritet i klasseromet. Om ikkje lærar grip sjansen, vil elevane gjere det… Roland snakka om den omsorgsfulle læraren med autoritet - tillit frå elevane. Fagleg struktur Ein dyktig lærar legg det faglege stoffet til rette slik at elevane ser samanheng mellom ulike delar og det dei har lært før. Repetisjon skaper struktur- er all god læring si mor.

12 Å lære å følgje reglar Gi tydelige og få beskjedar slik at det ikkje er tvil om kva du meiner. Ver tydeleg om kva åtferd om er ønskeleg. Bruk direkte beskjedar, få kontakt med enkeltelevar, ikkje gi oppmoding eller still spørsmål når reglane ikkje vert følgde. Bruk åtvaring når beskjedar ikkje når fram. Ei åtvaring skal uttrykkje kva som vil skje dersom den uønska åtferda held fram. Elevane bør vere kjende med konsekvensar av regelbrot

13 Struktur og reglar i ditt klasserom Noter stikkord og diskuter i par: Kor medviten og «tru» er du i høve handheving av reglar og rutinar vi er samde om? På kva område har du/vi forbetringspotensiale? Kva reglar/rutinar har du i ditt klasserom som ikkje står nokon plass? Korleis åtvarar og konfronterer du elevar som bryt reglar? Deling i plenum Klasseteama: Går saman og diskuterer samordning og lik praksis i høve reglar/rutinar for klassa og handheving av ordenseglement og skal-reglar. Ein i teamet skriv, leverer notat til til meg.

14 Kjelder Roland Erling «Elevkollektivet», Rebell forlag, 1995 http://www.udir.no/Upload/Ungdomstrinnet/Rammeverk/Ungdomst rinnet_Bakgrunnsdokument_klasseledelse http://www.udir.no/Upload/Ungdomstrinnet/Rammeverk/Ungdomst rinnet_Bakgrunnsdokument_klasseledelse http://www.udir.no/Utvikling/Ungdomstrinnet/Klasseledelse/Om- klasseledelse/Hovedartikkel-om-klasseledelse/Struktur-og-regler/ http://www.udir.no/Utvikling/Ungdomstrinnet/Klasseledelse/Om- klasseledelse/Hovedartikkel-om-klasseledelse/Struktur-og-regler/ http://www.skola.umea.se/ersangsskolan/omoss/omersangsskolanf6 /normerochregler http://www.skola.umea.se/ersangsskolan/omoss/omersangsskolanf6 /normerochregler http://laringsmiljosenteret.uis.no/klasseledelse/regler-og-prosedyrer- article80345-12545.html#regler http://laringsmiljosenteret.uis.no/klasseledelse/regler-og-prosedyrer- article80345-12545.html#regler


Laste ned ppt "Ungdomstrinn i utvikling på Volda ungdomsskule. Erfaringsdeling i høve lekse om samarbeid To og to: Kva var oppgåva til elevane? Kva la elevane vekt på."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google