Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

KURS I AFP OG OFFENTLEG TENESTEPENSJON 1. 2 TEMA SOM BLIR OMHANDLA I KURSET 1.Innleiing og generelt om pensjon 2.AFP (62–64 år og 65–67 år) 3.Offentleg.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "KURS I AFP OG OFFENTLEG TENESTEPENSJON 1. 2 TEMA SOM BLIR OMHANDLA I KURSET 1.Innleiing og generelt om pensjon 2.AFP (62–64 år og 65–67 år) 3.Offentleg."— Utskrift av presentasjonen:

1 KURS I AFP OG OFFENTLEG TENESTEPENSJON 1

2 2 TEMA SOM BLIR OMHANDLA I KURSET 1.Innleiing og generelt om pensjon 2.AFP (62–64 år og 65–67 år) 3.Offentleg tenestepensjon ved 67 år 4.Uførepensjon, kvar finn ein noko om:"Min pensjon". Oppsummering

3 UTDANNINGSFORBUNDET SITT ARBEID MED PENSJONSSPØRSMÅL UDF arbeider heile tida med pensjonsspørsmål på alle nivå i organisasjonen. Det er hovudorganisasjonen Unio som forhandlar om pensjon på vegner av medlemsorganisasjonane. UDF arbeider saman med Unio og andre medlemsorganisasjonar om kva politikk Unio skal føre når det gjeld pensjon. UDF og Unio meiner: Offentleg tenestepensjon er ein viktig del av lønns- og arbeidsvilkåra til medlemmene våre.

4 4 TARIFF 2009 - PENSJONSOPPGJERET 30 – 65 – 66 VÅRE KRAV I TARIFFOPPGJERET: Bruttopensjons- ordning God tidleg- pensjonsordning (AFP)

5 TEMA 1.Innleiing og generelt om pensjon 2.AFP (62–64 år og 65–66 år) 3.Offentleg tenestepensjon ved 67 år 4.Uførepensjon. Kvar ein finn noko om eigen pensjon. Oppsummering AFP og tjenestepensjon i offentlig sektors5

6 6 KORT OM PENSJON Pensjon er dei pengane ein skal leve av etter at ein er blitt pensjonist, ei form for lønn. Ein kan sjølv påverke kor stor pensjonen blir. Dette må ein tenkje på så tidleg som råd, helst frå ein er i 30- årsalderen. Heile pensjonssystemet blei revidert frå 2011. Det vil få konsekvensar for alle som er og blir pensjonistar. Pensjonssystema er ulike i privat og offentleg sektor.

7 7

8 8 KORLEIS ER PENSJONEN BYGD OPP? Det norske pensjonssystemet er bygt opp av to hovudelement: folketrygd og tenestepensjon. I tillegg kan ein ha eiga privat pensjonssparing.

9 9 DESSE PERSONANE HAR MANGE SPØRSMÅL OM PENSJON Kva verknader får pensjonsreforma for Reidar? Kva får Anne i AFP-pensjon dersom ho tek ut 100% pensjon ved 62 år? Kva får Per i AFP-pensjon i prosent av sluttlønn, dersom han tek ut full pensjon ved 65 år? Kva får Berit i pensjonspoeng, dersom ho tek ulønna omsorgspermisjon i eitt år? Reidar - 1943 -1943 Anne - 1948 1944 - 1953 Per – 1958 1954 - 1962 Berit – 1970 1963 -

10 10 PENSJON Pensjonsnivåa Pensjonskassane i stat og kommune Pensjonsalder og aldersgrense Grunnbeløp Bruttopensjonsordning Pensjonsgrunnlag og sluttlønn Indeksering Levealdersjustering Folketrygd - gammal og ny ordning

11 11 PENSJONSNIVÅA

12 12 PENSJONSKASSANE I STAT OG KOMMUNE STATENS PENSJONSKASSE PENSJONSORDNINGAR I KOMMUNESEKTOREN – Desse pensjonsordningane går ofte under fellesnemninga "tenestepensjon”. – Statens pensjonskasse er nedfelt i eiga lov. – Kommunale pensjonsordningar er fastsette i eige regelverk som er ein del av tariffavtalane i kommunal sektor.

13 13 PENSJONSALDER - ALDERSGRENSE Pensjonsalderen i offentleg tenestepensjon er 67 år. Aldersgrensa for offentleg tilsette er 70 år. Ein del tilsette i offentleg sektor har særaldersgrense og kan pensjonere seg tidlegare enn ved 67 år. Frå 2011 er pensjonsalderen i folketrygda fleksibel frå 62 år til 75 år.

14 14 GRUNNBELØP: G 1 G = 82.122 kr frå 1.5.2012 Kvart år i juni regulerer Stortinget grunnbeløpet i folketrygda i forhold til lønnsveksten. Før Stortinget si handsaming har det vore drøftingar om G-regulering mellom partane i trygdeoppgjeret. Her er Unio og UDF med. Grunnbeløpet skal drøftast også etter 2011 og regulerast i takt med lønnsveksten.

15 Pensjon i prosent av sluttlønn 15 492 732 316 864 396 080 821 220 985 464

16 BRUTTO- OG NETTOORDNING s16

17 17 PENSJONSGRUNNLAG /SLUTTLØNN I OFFENTLEG TENESTEPENSJON Pensjonsgrunnlag/sluttlønn er som oftast den lønna du har når du går av. Det er denne lønna som gir pensjonsgrunnlaget. Har du 453 000 i årslønn og har hatt minst 30 år i heil stilling, blir pensjonen på minst 66 % av årslønna, altså ein pensjon på ca. 300 000 kr Dersom du har gått ned i årslønn, men har full opptening før lønna gjekk ned, blir heile pensjonsgrunnlaget rekna ut frå den høgaste avlønninga. Går du ned i lønn før full opptening, får du rekna ut oppteningstid både før og etter nedgang i lønn.

18 18 REGULERING Pensjon blir lågare regulert enn lønnsveksten for yrkesaktive frå 1. januar 2011. Stortingsvedtak: "Pensjoner under utbetaling reguleres i samsvar med lønnsveksten og fratrekkes deretter 0,75 %." Lønnsvekst for yrkesaktive 4 % Pensjonsauke: 300 000 * 0,04 = 12 000 Pensjonsauke: 300 000 * 0,0322 = 9.660 "Tap": 2.340

19 19 LEVEALDERSJUSTERING Levealdersjustering blei innført med den nye pensjonsreforma frå 2011. Levealdersjustering vil seie at pensjonen skal justerast ned i forhold til kor mange leveår det er forventa at ditt årskull har att på det tids- punktet ein tek ut alderspensjon. Frå 2011 skal den opptente pensjonen fordelast på tal år det er forventa at ein lever. Offentlege tenestepensjonar blir levealdersjusterte for alle kull som er fødde etter 1943. Dei som er fødde før 1959, har ein garanti på at pensjonen ikkje kan levealdersjusterast lenger ned enn til 66 % av sluttlønn dersom ein har full opptening.

20 LEVEALDERSJUSTERING OG FORHOLDSTAL FORHOLDSTAL Gammal opptening, levealdersjustert årleg yting Eksempel: Anne ved 67 år: 300 000 kr: 1,025 = 292 700 kr ----"----- 62 år: 300 000 kr : 1,316 = 228 000 kr DELINGSTAL Ny oppteningsmodell Pensjonsbehaldning: delingstal = årleg yting Eksempel: 4 000 000 kr: 20 = 200 000 kr 4 000 000 kr: 22 = 182 000 kr 20

21 21 LEVEALDERSJUSTERING – KONSEKVENSAR År Antatt antall leveår etter 67 Pensjonsnivå gitt uendret pensjalder Høyere pensjalder med 66% 201016 år66 % 202018 år63 % 66 % * + 1 år 203019 år60 % + 2 år og 2 mnd. 204020 år57 % + 3 år 205021 år54 % + 3 år og 11 månad (1943 i 2010) (1953 i 2020) (1963 i 2030) (1973 i 2040) (1983 i 2050)

22 22 FOLKETRYGD GAMMAL ORDNING Folketrygda er grunnmuren i pensjonsordningane vi har i Noreg. Folketrygda vart innført i 1967. Gjeld for dei som er fødde før 1954 og gradvis for dei som er fødde mellom 1954 og 1962. Full opptening er 40 år mellom 17 år og 70 år. Det er dei 20 beste oppteningsåra (Besteårsregelen) som betyr mest for kva du vil få i pensjon.

23 23 FOLKETRYGD NY ORDNING Gjeld alle som er fødde etter 1953, fødde mellom 1953 og 1963 får ei blanding av ny og gammal ordning, fødde etter 1962 berre ny ordning. Ein opparbeider ein pensjonsbehaldning, som ein kan ta ut frå ein er 62 år. Ein får opptening for all inntekt, også overtid, frå 13 år til 75 år (alleårsopptening). 18,1 prosent av inntekt opp til 7,1 G. Får opptening også for omsorgsarbeid.

24 24 PENSJONSBEHALDNING (NY FOLKETRYGD)

25 Alderspensjon fra folketrygden – film fra SPK 25

26 ARBEIDSOPPGÅVER DEL 1 Kva er levealdersjustering og kva konsekvensar får levealdersjusteringa for ein som er fødd i 1953, samanlikna med ein som er fødd i 1943, ved 67år? Kva er hovudskilnaden mellom ny og gammal folketrygd? Kva er bruttoprinsippet som var så viktig for Unio å få gjennomslag for i 2009? Eit ungt medlem spør: ”Eg er nettopp ferdig med utdanninga mi, og det er evigheiter til eg skal gå av med pensjon. Kan de gje meg gode grunnar til at eg skal orke og setje meg inn i pensjonsreforma som alle masar om?

27 TEMA 1.Innleiing og generelt om pensjon 2.AFP (62–64 år og 65–66 år) 3.Offentleg tenestepensjon ved 67 år 4.Uførepensjon. Kvar ein finn noko om eigen pensjon. Oppsummering s27

28 28 ALTERNATIVE VAL VED 62 ÅR Ein kan arbeide vidare 100 %. Ein kan ta ut AFP 100 %. Ein kan kombinere AFP og arbeid. Ein kan kombinere arbeid 100 % og ta ut folketrygd, heil eller delvis. Ein kan ta ut folketrygd, heil eller delvis.

29 29 PENSJONSNIVÅA

30 30 Reidar Fødd i 1943 (1942 og tidlegare) Heil stilling som lærar Lønn: 455 000 kr Kva får Reidar i tenestepensjon ved 67 år? Reidar lurer på kva han kan tene i tillegg til tenestepensjonen etter 67 år, og om han får avkorting i pensjonen?

31 31 Anne Fødd i 1948 (1944-1953) Heil stilling som adjunkt Lønn: 455 000 kr Kva får Anne i AFP-pensjon dersom ho tek ut 40 % pensjon ved 62 år? Kva får Anne i AFP-pensjon dersom ho tek ut full pensjon ved 65 år? Kva får Anne i offentlig tenestepensjon ved 67 år?

32 32 Per Fødd i 1958 (1954 til 1962) Heil stilling som adjunkt Lønn: 455 000 kr Per er sikra grunnlovsgarantien ved 67 år. Kva betyr det for han? Per lurer på om han kan ta ut folketrygd ved 62 år og arbeide i 100 % stilling i tillegg fram til han er 67 år. Kan han det, og kva konsekvensar får det for pensjonen hans ved 67 år?

33 33 Berit Fødd i 1970 (1963 og seinare) Heil stilling som adjunkt Lønn: 398 000kr Berit lurer på om ho har bruttopensjon, har ho det? Korleis kan Berit finne ut pensjonsbehaldninga ho har i folketrygda i 2011?

34 34 AFP 62–64 ÅR Kven kan få AFP frå 62 år / 65 år? Korleis søkjer ein om AFP? Korleis kan ein kombinere AFP og arbeid? Kva får ein utbetalt mellom 62 og 64 år – og frå 65–67 år? Kva kan ein tene i tillegg til AFP, og når får ein avkorting i pensjonen? Korleis påverkar pensjonsreforma AFP i offentleg sektor? Som alderspensjon i folketrygda AFP-tillegg på 20 400 kr per år 62 år

35 35 AFP 62–64 ÅR AFP (avtalefesta pensjon) er ei tidlegpensjonsordning som er framforhandla av partane i arbeidslivet, og som staten er med på å delfinansiere. Ordninga gjer det mogleg å gå av med tidlegpensjon frå 62 år. For våre medlemmer i offentleg sektor gjeld ordningane: AFP – Stat for medlemmene av Statens Pensjonskasse (her er undervisningspersonale med ) AFP – Kommunal sektor for medlemmer av KLP, medlemmer av kommunale pensjonskassar og tilsette i kommunal sektor som har pensjonsordning i forsikringsselskap. AFP i offentleg sektor blir ført vidare etter pensjonsreforma.

36 36 KVEN KAN TA UT AFP FRÅ 62 ÅR? Må ha fylt 62 år. Ein kan tidlegast gå av månaden etter at ein fyller 62 år. Må vere i inntektsgivande arbeid på pensjonerings- tidspunktet med ei inntekt som overstig 1 G, og tilsvarande året før pensjonering. Må ha minst 10 år i folketrygda med pensjonspoeng frå fylte 50 år til og med året før uttak, ev. ha minst 10 års medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning etter fylte 50 år.

37 37 KORLEIS SØKJER EIN OM AFP FRÅ 62 ÅR? Søknadsskjema får du hos arbeidsgivaren din, hos pensjonskassen eller på ditt lokale NAV-kontor. Du og arbeidsgivaren din skal saman fylle ut søknadsskjema og sende dette til SPK/KLP. Søknaden må sendast til pensjonskassen minst 3 månader før du har tenkt å gå av med pensjon. Du må gi opp kor stor forventa bruttoinntekt i månaden i tillegg til AFP vil bli.

38 38 KOMBINASJON ARBEID OG AFP-PENSJON FRÅ 62 ÅR I den statlege og kommunale AFP-avtalen kan ein kombinere arbeid og AFP-pensjon. Søknadsprosedyren er den same som ved søknad om 100 % AFP. Ein søkjer om t.d. 20 % eller 40 % redusert stilling hos arbeidsgivar. I søknaden til NAV opplyser ein kor mykje ein forventar å tene i arbeidsinntekt kvar månad. NAV reknar ut prosenten. Arbeidsgivar må samtykkje i at ein går av med delvis AFP. I den statlege AFP-ordninga må ein minst ha 60 % av full stilling i arbeid.

39 39 KVA FÅR EIN UTBETALT I AFP-PENSJON MELLOM 62 OG 64 ÅR? Frå 62 år får ein det ein ville fått frå folketrygda ved 67 år pluss eit AFP-tillegg. Pensjonen er i hovudsak delt i tre komponentar: Grunnpensjon + Tilleggspensjon + AFP-tillegget. Grunnpensjonen er 1 G for einslege og 0,85 G for par. Tilleggspensjonen byggjer på kva ein har tent opp i folketrygda. AFP-tillegget er statens bidrag og er på 20 400 kr brutto.

40 40 Eks:Anne tek ut 100 % AFP ved 62 år

41 41 Eks:Anne tek ut 40 % AFP og arbeider 60 %

42 42 KVA KAN DU TENE VED SIDA AV AFP, OG NÅR FÅR DU AVKORTING I PENSJONEN? I vedtektene for AFP heiter det : ”Dersom avviket mellom faktisk inntekt og inntektsanslaget blir mer enn 15 000 kroner på årsbasis, skal det foretas etteroppgjør” Beløpet på 15000 kr er eit avviksbeløp for eventuell ny utrekning av pensjon og ikkje eit fribeløp. Det som blir lagt til grunn for kor mykje ein kan tene før ein får avkorting, er ”tidlegare inntekt”. Kva gir ikkje avkorting? Etterslepsinntekter som skriv seg frå avslutta arbeidsforhold, t.d. feriepengar frå året før ein gjekk av med pensjon.

43 43 KORLEIS PÅVERKAR PENSJONSREFORMA AFP-PENSJONEN I OFFENTLEG SEKTOR? I lønnsoppgjeret i 2009 vart partane samde om at AFP i offentleg sektor skal vidareførast. AFP-pensjonan skal ikkje levealdersjusterast. AFP skal regulerast fram til 67 år. Frå 1. januar 2011 kan ein gå av med AFP eller alderspensjon frå folketrygda, men ein kan ikkje ha begge ordningane samtidig. For dei som er fødde etter 1953, vil oppteningsreglane i folketrygda endre seg og difor også grunnlaget for AFP frå 62 år til 64 år.

44 TEMA 1.Innleiing og generelt om pensjon 2.AFP (62–64 år og 65–66 år) 3.Offentleg tenestepensjon ved 67 år 4.Uførepensjon. Kvar ein finn noko om eigen pensjon. Oppsummering s44

45 45 AFP 65–66 ÅR Arbeidstakarar som går av med AFP - pensjon når dei er 65 år eller 66 år, får pensjonen utrekna etter reglane i SPK/KLP. Dette er ei AFP - ordning ein har avtalefesta i offentleg sektor. Pensjonen blir 66 % av pensjonsgrunnlaget/sluttlønna dersom ein har hatt full opptening minst 30 år i full stilling. Har ein ikkje full opptening eller har hatt redusert stilling, får ein forholdsmessig redusert pensjonen. Ein kan også velje folketrygdberekna AFP + AFP - tillegget, dersom ein kjem betre ut med den ordninga. 65 år - Tenestepensjonsberekning 66% -Ikkje AFP

46 46 AFP 65–66 ÅR – KVEN KAN FÅ AFP FRÅ SPK/KLP VED 65 ÅR, OG KORLEIS SØKJER EIN? Når ein fyller 65 år, er det reglane for utrekning av AFP i SPK/KLP som gjeld. Ein må ha hatt minst 10 års medlemskap i ei offentleg tenestepensjonsordning etter fylte 50 år. Ein må ha vore i lønna arbeid og medlem av SPK/KLP fram til ein tek ut AFP. Ved 65 år kan ein gå direkte over til denne AFP - ordninga frå folketrygdberekna AFP 62–64 år. Dette går automatisk, men ein må gi melding dersom ein vil ha delvis AFP. Dersom ein vel kombinasjonen AFP og arbeid, er det dei same reglane som for AFP ved 62 år som gjeld.

47 47 AFP 65–67 ÅR – KVA KAN EIN FÅ UTBETALT DERSOM EIN TEK UT AFP VED 65–67 ÅR? Frå 65 år bereknar ein AFP som ein tenestepensjon. Ved full opptening får ein 66 % av sluttlønn. Dei aller fleste får høgare pensjon etter denne regelen enn etter folketrygdberekna AFP-pensjon. Har du tatt ut heil eller delvis AFP tidlegare, vil denne bli G-regulert fram til 65 år for utrekning av sluttlønn. Det er ulike inntektsreglar i SPK og KLP etter 65 år. Reglane for kva du kan tene i tillegg til pensjonen i SPK, er dei same som for AFP ved 62 år. "Toleransegrensa” er 15 000 kr. Anna ordning i KLP.

48 AFP – film fra SPK 48

49 49 KORLEIS PÅVERKAR PENSJONSREFORMA TENESTEPENSJONS-AFP VED 65 ÅR? Ordninga vi har i dag med AFP frå 65 år i offentleg sektor, er vidareført etter 2011. Dette var det viktigaste kravet Unio hadde i pensjonsforhandlingane våren 2009, og vi nådde fram med kravet fordi organisasjonane stod samla. 30 – 65 – 66 Pensjon: 66 % av sluttlønn ved 65 år med 30 års full opptening. AFP ved 65 år er regulertert, men ikkje levealdersjustert.

50 50 62 år 67 år Folketrygd ved uttak frå 67 år LØNN OG PENSJON I NY FOLKETRYGD Lønn Folketrygd frå uttak v/62 år Opptjent folketrygd 62 – 67 år

51 51 Anne-folketrygd frå 62, tenestepensjon frå 67, arbeider 100 % frå 62 til 67 år

52 52 ARBEIDSOPPGÅVER TIL DEL 2 AFP Eit medlem som er 61 år, vurderer å gå av med AFP når han blir 62 år. Medlemmet spør: Korleis går eg fram når eg søkjer om AFP? Kva vil de svare? Eit medlem har gått av med AFP og har fått spørsmål om å ta ein del vikartimar. Det ynskjer ho. Kor mykje kan ho tene utan å få avkorting i pensjonen, og kva må ein passe på som ikkje skal reknast inn i "toleransebeløpet"? Eit medlem har 30 heile års opptening i SPK, og har tatt ut 100% AFP ved 62 år. Medlemmet spør kva som skjer med pensjonen når han blir 65 år?

53 TEMA 1.Innleiing og generelt om pensjon 2.AFP (62–64 år og 65–66 år) 3.Offentleg tenestepensjon ved 67 år 4.Uførepensjon. Kvar ein finn noko om eigen pensjon. Oppsummering s53

54 54 OFFENTLEG TENESTEPENSJON VED 67 ÅR Kven kan få offentleg tenestepensjon ved 67 år? Korleis søkjer ein om offentleg tenestepensjon? Kva får du utbetalt i pensjon ved 67 år? Korleis kan du kombinere offentleg tenestepensjon og arbeid ved/etter 67 år? Kva kan du tene i tillegg til offentleg tenestepensjon frå 67 år, og når får du avkorting i pensjonen? Korleis påverkar pensjonsreforma offentleg tenestepensjon frå 67 år?

55 55 OFFENTLEG TENESTEPENSJON VED 67 ÅR Pensjonsalderen for offentleg tenestepensjon i stat og kommune i Norge er 67 år, dersom ein ikkje har særaldersgrense. Dei som er omfatta av ordninga er: medlemmer av Statens pensjonskasse, medlemmer av KLP og medlemmer av kommunale pensjonskassar og tilsette i kommunal sektor som har pensjonsordning i forsikringsselskap. Må ha hatt minst 35 % stilling I SPK, I KLP minst 14 timar i veka. Må ha vore medlem i minst 3 år (SPK). Pensjonsopptening ved permisjonar. Samordning av tenestepensjon og folketrygd.

56 56 KORLEIS SØKJER DU OM ALDERSPENSJON FRÅ 67 ÅR? Arbeidsgivar må sende inn pensjonsmelding med korrekte opplysningar om deg til pensjonskassen din minst tre månader før pensjonering. Pensjonskassane har alt mange opplysningar om deg som er viktige for utrekning av pensjon. SPK/KLP trekkjer ut grunnlagsdata for pensjonsberekning. Deretter bereknar dei pensjonen og eventuell samordning med folketrygda. NAV utbetaler pensjonen. For å ha rett til pensjon frå offentleg pensjonskasse er det ein føresetnad å søkje tilsvarande ytingar frå folketrygda.

57 57 KVA FÅR DU UTBETALT I PENSJON VED 67 ÅR? Pensjonen blir rekna ut frå kor mange år du har vore medlem av pensjonskassen og storleiken på stillinga. 30 år i heil stilling gir rett til full pensjon. Ved full pensjon er ein garantert minimum 66 % av sluttlønn. Har du ikkje 30 år i heil stilling, er det dei åra med høgast stilling som blir lagt til grunn. Ved 67 år blir pensjonen frå SPK/KLP samordna med folketrygda, og dei fleste får meir enn 66 % av sluttlønn. For å få full utteljing i samordninga må ein ha 40 års opptening i folketrygda. Dei fleste får mellom 68 % og 72 % av brutto sluttlønn og +/- 80 % av netto lønn.

58 58 ANNE - PENSJON VED 67 ÅR

59 59 KVA KAN EIN TENE I TILLEGG TIL PENSJONEN NÅR EIN BLIR 67 ÅR? Pensjonskassane og folketrygda har ulike reglar for korleis arbeidsinntekt påverkar pensjonen. Inntekt fører ikkje til avkorting i folketrygda. Inntekt frå offentleg sektor fører til prosentvis avkorting i pensjonen frå pensjonskassane. Inntekt frå privat sektor påverkar ikkje pensjonen. Arbeider ein for pensjonistlønn i offentleg sektor, får ein heller ikkje avkorting i pensjonen frå SPK/KLP. Ein må gi melding til SPK/KLP om alle endringar i arbeidsinntekt.

60 60 KORLEIS PÅVERKAR PENSJONSREFORMA ALDERSPENSJONEN VED 67 ÅR? I tariffoppgjeret i 2009 vart partane i offentleg sektor samde om at bruttopensjonsordninga i stat og kommune med garanti om ein samla pensjon på 66 % frå 67 år skal vidareførast med nødvendige tilpassingar til folketrygda. Tilpassingane er at pensjonen skal indekserast og levealdersjusterast. Dei som er fødde før 1959, har fått ein individuell garanti på at pensjonen ikkje kan levealdersjusterast lenger ned enn til 66 %. Nytt er og at ein kan ta ut folketrygd frå 62 år. For dei som nyttar seg av dette, blir pensjonsgrunnlaget redusert ved 67 år.

61 GRUNNLOVSVERN OG INDIVIDUELL GARANTI Fagbevegelsen arbeider for ein rettsleg prøving av levealdersjusteringa, for å sikre at grunnlovsvernet blir ivareteke. Det blir gitt ein individuell garanti for opptente rettar i tenestepensjonsordningane pr. 1 januar 2011. Garantien fører til at medlemmer av offentlege tenestepensjonsordningar med 15 år eller mindre att til aldersgrensa pr. 1. januar 2011 er sikra 66 prosent av pensjonsgrunnlaget ved 67 år. (Gjeld for dei som er fødde før 1959) AFP og tjenestepensjon i offentlig sektors61

62 62 EKS: KORLEIS PÅVERKAR REFORMA ALDERSPENSJONEN VED 67 ÅR? Anne fødd i 1948, pensjonsgrunnlag: 455 000 kr I 2010 Frå 1.januar 2011 Pensjon: 310 000 kr 310 000/1,025 = 302 400 kr 68,1 % av sluttlønn 66,4 % av sluttlønn - 7600 kr

63 KOR LENGE "LØNNER” DET SEG Å ARBEIDE ETTER FYLTE 67 ÅR? Ein får mest i pensjon dersom ein tek ut folketrygd og tenestepensjon samtidig. Best utteljing når forholdstalet er 1. Arbeider ein etter dette tidspunkt, blir den totale pensjonen redusert. Dette gjeld for dei som er fødde mellom 1943 og 1953. AlderFolketr.TenesteTotalt 67 år234 00077 000311 000 68 år248 00072 000320 000 69 år263 00058 000321 000 70 år280 00042 000322 000

64 64 PENSJONSOPPTENING VED ULØNNA OMSORG Omsorg for barn, funksjonshemma og eldre. Kompensasjon for bortfall av inntekt som gir pensjonspoeng. Frå 2011 får ein opptening på 18,1 % av 4,5 G for omsorg for barn til dei fyller 6 år. Avgjerande er det kva tid mora er fødd. Gjeld for mødrer som er fødde i 1954 eller seinare, full utteljing for mødrer som er fødde i 1963 eller seinare. Tilbakeverknad for år før 1992 i nytt system –Vurdere tilsvarande ved pleie av eldre, sjuke og funksjonshemma.

65 65 OVERFØRINGSAVTALEN Dersom ein skiftar arbeidsgivar innan offentleg sektor, vil ein eigen overføringsavtale sikre at tida hjå dei ulike ordningane blir slått saman. Overføringsavtalen betyr at dersom du har tent opp pensjonsrettar i andre ordningar, blir dei overførte til den siste og utbetalande ordninga. Pensjonen blir rekna ut etter den samla oppteningstida, og utbetalt etter reglane i den ordninga ein var sist medlem av. Nordisk overføringsavtale: Samordning av pensjonsrettar mellom statlege pensjonsordningar i dei nordiske landa.

66 66 ARBEIDSOPPGÅVER DEL 3 OFFENTLEG TENESTEPENSJON Kva får eg utbetalt i offentleg tenestepensjon ved 67 år dersom eg har full opptening i SPK og folketrygda? Eg er fødd i 1948, er gift og har ei lønn på 460.000 kr. Eg er fødd i 1953. Eg har full opptening i folketrygda og i SPK. Kva er det økonomisk gunstigaste tidspunktet for meg å ta ut pensjon? Eg blir 67 år i 2011 og vil ta ut folketrygd og tenestepensjon. Eg kan tenke meg å arbeide vidare. Kva konsekvensar får dette for pensjonen?

67 TEMA 1.Innleiing og generelt om pensjon 2.AFP (62–64 år og 65–66 år) 3.Offentleg tenestepensjon ved 67 år 4.Uførepensjon. Kvar ein finn noko om eigen pensjon. Oppsummering s67

68 Uføretrygd Uførepensjon frå folketrygda i dag Uførepensjon i offentleg sektor i dag Ny uføretrygd i folketrygda Ny uførepensjon i offentleg sektor Arbeidsslitasje

69 UFØRETRYGD I FOLKETRYGDA I DAG Krav til uføretrygd er at arbeidsevna er varig nedsett med 50%. Må ha vore medlem av folketrygda dei tre siste åra før ein vart ufør, og fortsatt vere medlem. Ein kan ikkje kombinere uføretrygd frå folketrygda og AFP i offentleg sektor. Pensjonsnivået vert berekna etter reglane om alderspensjon,med grunnpensjon og tilleggspens. Overgang til alderspensjon er 67 år Friinntekt: inntil 1 G etter å ha vore trygda i eitt år. Behovsprøvd ektefelle- og barnetillegg.

70 UFØREPENSJON I SPK I DAG Uføretrygd i Spk/Klp er ei bruttoordning Uførepensjon er 66 % av lønn på uføretidspunktet,dersom ein har full opptening som er 30 år.Færre år gir lavare pensjon Uføretrygd frå Spk/Klp kan ein få fram til ein er 70 år. Uførepensjon kan ein få heil eller delvis,ingen nedre grense Åra frå ein blir ufør og fram til aldersgrensa,vert rekna med i oppteningstida. Afp og uførepensjon frå Spk kan kombinerast. Fleksibel alderspensjon og uføretrygd frå Spk kan kombinerast Søknadsskjema med veiledning får ein hos Spk.no

71 71 NY UFØRETRYGD Ny uføretrygd, og ny alderspensjon til uføre, skal tre i kraft i 2015. Dagens alderspensjonistar som tidlegare har mottatt uførepensjon, vert ikkje berørt. Dagens uføre vil bli berørt av reforma, men i mindre grad Krav til uføretrygd er at arbeidsevna er varig nedsett med 50%. Kan senkast til 40 % dersom ein har hatt arbeidsavklaringspengar. Overgang til alderspensjon ved 67 år

72 NY UFØRETRYGD: PENSJONSNIVÅ Uføretrygd vert berekna av 66 % av tidlegere inntekt opp til 6 G. Berekningsgrunnlag for ny uførestønad: Gjennomsnitt av dei tre beste av dei fem siste før uføretidspunktet. Minsteytelse 2,48 G for einslege. 2,28 G for par. Uføretrygd skal regulerast lik lønnsveksten Skattlegging som lønnsinntekt Kravet om 40 års butid i Norge for å få full uføretrygd vert vidareført

73 NY UFØRETRYGD: Kva kan ein tene i tillegg til uføretrygd ? 1 G = 79.216 pr. 1. mai 2011, Gjennomsnitts G for 2011: 78.024 kr Nytt: Arbeidsinntekt opp til 0,4 G ca. 31.700 kroner gir inga reduksjon av uføretrygda. Inntekt over 0,4 G, vert avkorta med 66 %. Dagens uføre får eit fribeløp på 60.000 kroner fram til 2019 Blir inntekta over 80 % av tidlegere inntekt, fell uføretrygda bort 73

74 Levealderjustering, barnetillegg Levealderjustering frå 2011, ca.halv levealderjustering Skjerminga utgjer 0,25 prosentpoeng pr. nytt årskull Dette gjeld årskulla 1944 – 1951 Ny skjermingsordning vert vurdert i 2018 Dagens behovdprøvde barnetillegg på 0,4 G vert vidareført på dagens nivå. Blir vurdert på nytt i tilknytning til Brochmann-utvalet si innstilling 74

75 Ny uføretrygd i offentleg sektor ” Regjeringa legg til grunn at offentlege tilsette si uføretrygd skal aukast så mykje at skatteomlegginga ikkje fører til redusert kjøpekraft, og vil invitere organisasjonane til ein prosess om utforming av uføreytelsen i dei offentlege ordningane ” 75

76 ALDERSSLITASJE 64 ÅR Ein kan etter denne regelen gå av med bruttopensjon 66 % av sluttlønn ved 64 år. Treng ikkje vore 12 månader sjukemeldt. Ein må vere fysisk eller psykisk utsliten pga. alder. Lege må grunngi og anbefale at arbeidstakaren bør slutte pga. aldersslitasje. Må ha vore i samanhengande teneste i minst 5 år.

77 77 INFO OM PENSJON http://www.utdanningsforbundet.no/Hovedmeny/Pensjon /

78 78 INFOADRESSER OM PENSJON http://www.nav.no (din pensjon)http://www.nav.no http://www.spk.no http://www.klp.no www.udf.no www.seniorpolitikk.no www.norskpensjon.no www.forsvarpensjon.no www.nyafp.no www.fafo.no www.minpensjon.no www.pensjonseksperten.no

79 79 STATENS PENSJONSKASSE INFORMASJON OG"MITT MEDLEMSKAP"

80 80

81 81 NAV INFORMASJOM OG"DIN PENSJON"

82 82 KVA BETYR DEN NYE PENSJONSAVTALEN FOR REIDAR ? Reidar fødd i 1943 (1943 eller før) Beheld dagens folketrygd Beheld dagens tenestepensjon INGEN levealdersjustering Ny indeksering

83 83 KVA BETYR DEN NYE PENSJONSAVTALEN FOR ANNE ? Anne fødd i 1948 (fødd 1944–1953) Gammal folketrygd Beheld dagens AFP (62 til 66 år) Opptening AFP, gammal ordning Offentleg tenestepensjon Levealdersjustering, men individuell garanti Ny indeksering

84 84 KVA BETYR DEN NYE PENSJONSAVTALEN FOR PER ? Per fødd i 1958 (fødd 1954 – 1962) Kombinasjon av ny og gammal folketrygd Beheld dagens AFP (62 til 66 år) Opptening AFP 5/10 ny, 5/10 gammal Offentleg tenestepensjon Levealdersjustering, men individuell garanti for dei som er fødde før 1959 Ny indeksering

85 85 KVA BETYR DEN NYE PENSJONSAVTALEN FOR BERIT? Berit fødd i 1970 (fødd etter 1962) Ny folketrygd Beheld dagens AFP (62 til 66 år) Opptening AFP ny, Offentleg Tenestepensjon Levealdersjustering Ny indeksering

86 86 KVEN BESTEMMER KVA? STORTINGET HAR VEDTEKE: Folketrygda Indeksering Levealdersjustering PARTANE I TARIFFORHANDLINGANE: Tenestepensjon i offentleg sektor AFP i offentleg sektor

87 87 TARIFF 2009-PENSJONSOPPGJERET

88 88 HOVUDKRAVET TIL UNIO/UDF I DET VIDARE ARBEIDET MED PENSJONSREFORMA Unio og Utdanningsforbundet sitt fremste krav i det vidare arbeidet med pensjonsreforma: Grunnlovsvern for opptente rettar. Det blir gitt ein garanti for opptente rettar i tenestepensjonsordningane før 1. januar 2011. Garantien må innebere at medlemmer av offentlege tenestepensjonsordningar, som har opptent rettar før 1. januar 2011, er sikra 66 prosent av pensjonsgrunnlaget ved 67 år. Dette gjeld for det som er opparbeidd før 2011. Pensjonsutfordringers88

89 UTSETTE OG UBEHANDLA SPØRSMÅL Uførepensjon i folketrygda Uførepensjon i offentleg tenestepensjon Alderspensjon for uføre Etterlatne - og barnepensjon Særaldersgrenser Lovarbeid Omkampar AFP og tjenestepensjon i offentlig sektors89

90 90 ARBEIDSOPPGÅVER DEL 4, PENSJON I OFFENTLEG SEKTOR Du får som tillitsvald ein telefon frå eit medlem som er 61 år og han spør kor han kan finne ut kva han vil få i AFP - pensjon ved 62 år og ved 65 år og kva han vil få i offentleg tenestepensjon ved 67 år. Kva svar vil du gje han? Kva er dei fem viktigaste punkta medlemmene bør kjenne til når det gjeld sin eigen pensjon ? Korleis bør UDF/Unio arbeide, organisatorisk og politisk, for å få gjennomslag for grunnlovsvernet? Dette gjeld opptente rettar fram til 2011. Korleis bør UDF/UNIO førebu seg best på å møte omkampar om pensjonsreforma i offentleg sektor? Korleis vil du legge opp pensjonsarbeidet i eige fylkeslag og i eige lokallag?

91 NYTTIGE VEDLEGG 1.Kor lenge må ein arbeide for å nå forholdstalet 1? 2.Forholdstal-tabell 1943- 1953 3.Innfasing av nye oppteningsreglar i folketrygda 4.Pensjonering i skoleverket 5.Pensjonsgivande inntekt 6.Pensjonspoeng 7.Skatt på pensjon frå 2011 8. Utbetaling av AFP- pensjon ved 62 år 9.Levealdersjustering av pensjon ved 67 år 10.Pensjonistavlønning 11.Samordning ved 67 år 12.Samordning folketrygd 62 år og peneste- pensjon ved 67 år 13.Ord og uttrykk

92 KOR LENGE MÅ DEI ULIKE ÅRSKULLA ARBEIDE FOR Å NÅ FORHOLDSTALET 1,0? Årskull67 år i:Forholdstalet 1 1943201067 år 1944201167 år + 1 månad. 1945201267 år + 2 månad. 1946201367 år + 4 månad. 1947201467 år + 5 månad. 1948201567 år + 6 månad. 1949201667 år + 7 månad. 1950201767 år + 8 månad. 1951201867 år + 9 månad. 1952201967 år + 10 månad 1953202068 år

93 93. SLUTT

94 Innfasing av nye oppteningsreglar 94

95 PENSJONERING I SKULEVERKET 2009 UFØREPENSJON1059 38 % 57,0 ÅR AFP930 34 % 62,9 ÅR PENSJONS- ALDER 762 28 % 66,3 ÅR 272161,6 ÅR

96 96 PENSJONSGJEVANDE INNTEKT I SPK/KLP Inntekt opp til 12 G Årslønn (bruttolønn) i stillinga Faste tillegg som er knytte til stillinga (kontaktlærar, samlingsstyrar). For at eit tillegg skal reknast som fast, krevst det at tillegget blir utbetalt med same månadsbeløp over ein lengre periode, og kjem til utbetaling også under sjukdom og ferie. Fungering i høgare stilling i minst to år. Variable tillegg: Pensjonsgjevande- dersom det er inngått tariffavtale om det. Arbeid som førekjem regelmessig gjennom året. (Statens personalhandbok § 7.10.4)

97 97 KVA ER PENSJONSPOENG? –Pensjonspoeng tener ein opp kvart år ein har arbeidsgjevande inntekt over 1 G. –Ein må ha 40 års opptening i folketrygda for å få full pensjon. –Dei 20 beste åra er dei viktigaste (Besteårsregelen) Årleg pensjonspoeng: –Årslønn - Gjennomsnitt G / Gjennomsnitt G –453 000 kr – 75.641 kr/75.641 kr = 5,00 pensjonspoeng

98 SKATT PÅ PENSJON FRÅ 2011 Trygdeavgifta blir auka til 4,7 %. Minstefrådraget uendra: 62.950 kr Nytt skattefrådrag for alders- og AFP - pensjonistar : 15,3 % under 242 000 kr og 6 % over 242 000 kr Særfrådraget for alder blir fjerna. Særfrådraget for uføre blir heva til 2667 kr pr. månad. Knekkpunktet for tap/vinn: 318 000 kr

99 99 KVA KAN EIN FÅ UTBETALT I AFP- PENSJON VED 62 ÅR? Kva får ein i AFP-pensjon frå 62 år, om ein har hatt i snitt 5,30 pensjonspoeng dei 20 beste åra, og 40 års opptening? Grunnpensjon : 1 G (0,85 G) = 75.641 kr Tilleggspensjon: 1 G * 5,30 * 19/40 * 45/100 = 85.692 kr Tilleggspensjon: 1 G * 5,30 * 21/40 * 42/100 = 88.397 kr AFP – tillegget : = 20.400 kr Årleg utbetalt pensjon = 270.130 kr

100 100 PENSJONISTAVLØNNING I SKULEVERKET B – rundskriv 6/2005 Statens personalhandbok § 10.12.2 Sats pr. 1. januar 2011 Skuleverket: B.T: 165 kr * 1400/ 988 = 234 kr U.T: 165 kr * 1400/885 = 261 kr Feriegodtgjering etter ferielova sine reglar Sjukepengar i inntil 3 månader kvart kalenderår Betaling for omskiftelege helgedagar

101 101 SAMORDNING AV PENSJON VED 67 ÅR Samordninga skjer ved 67 år. Då vert pensjonen frå folketrygda og frå SPK/KLP samordna. Samordninga skjer slik at ytingane frå folketrygda vert betalte fullt ut, medan pensjonen frå SPK/KLP vert redusert med eit samordningsfrådrag. Samordningsreglane sikrar mange ein samla alderspensjon som er høgare enn 66 % av pensjonsgrunnlaget.

102 102 DØME: SAMORDNING AV PENSJON VED 67 ÅR Fødd i 1953- ved 67 år- pensjonsgrunnlag i tenestepensjonsordning: 350 000 kr Folketrygda: 195 000 kr Samordningsfrådrag: 171 000 kr Tenestepens.231 000231 000/1,053 219 000 Samordning171 000171 000/1,053 162.400 ----------------------------------------------------------------------------- Netto tenest. 60 000 56.600 + Folketrygd195 000195 000/1,053 185 000 Pensjon255 000 241.600

103 103 SAMORDNING AV ALDERSPENSJON VED 62 ÅR OG TENESTEPENSJON VED 67 ÅR Fødd i 1953- ved 67 år- pensjonsgrunnlag i tenestepensjonsordning: 350 000 kr Folketrygda: 195 000 kr Samordningsfrådrag: 171 000 kr Tenestep.231 000231 000/1,053 219 000 - Samordning171 000171 000/1,053 162.400 ----------------------------------------------------------------------------- Netto tenest. 60 000 56.600 + Folketrygd195 000195 000/1,341 145 000 Pensjon255 000 201.600

104 104 PENSJON- ORD OG UTTRYKK


Laste ned ppt "KURS I AFP OG OFFENTLEG TENESTEPENSJON 1. 2 TEMA SOM BLIR OMHANDLA I KURSET 1.Innleiing og generelt om pensjon 2.AFP (62–64 år og 65–67 år) 3.Offentleg."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google