Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Åmot ungdomsskole Nynorsk grammatikk. BØYING AV SUBSTANTIV Hankjønn Hovudregel: Hankjønnsorda får endingane –ar og –ane i fleirtal EINTALFLEIRTAL UBESTEMT.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Åmot ungdomsskole Nynorsk grammatikk. BØYING AV SUBSTANTIV Hankjønn Hovudregel: Hankjønnsorda får endingane –ar og –ane i fleirtal EINTALFLEIRTAL UBESTEMT."— Utskrift av presentasjonen:

1 Åmot ungdomsskole Nynorsk grammatikk

2 BØYING AV SUBSTANTIV Hankjønn Hovudregel: Hankjønnsorda får endingane –ar og –ane i fleirtal EINTALFLEIRTAL UBESTEMT FORMBESTEMT FORMUBESTEMT FORMBESTEMT FORM ein gutgutengutargutane ein jegerjegerenjegerarjegerane

3 Hankjønn Unntak frå hovudregelen Ord som ender på-nad og – a kan også ha –er og –ene i fleirtal: For å gjere det enkelt, held dokker til hovudregelen med –ar, -ane EINTALFLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORMUBESTEMT FORMBESTEMT FORM ein månadmånadenmånadar/månadermånadane/månadene ein søknadsøknadensøknadar/søknada r søknadane/søknadene ein pizzapizzaenpizzaar/pizzaerpizzaane/pizzaene

4 Hankjønn Ver merksam på Nokre ord kan ha både vokalskifte og –er, -ene i fleirtal eller andre avvik i bøyinga Hankjønnsord som endar på -ar EINTALFLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORMUBESTEMT FORM BESTEMT FORM ein sonsonensønersønene ein fotfotenføterføtene Ein turnarturnarenturnararturnarane

5 Hokjønn Hovudregel: Hokjønnsorda får endingane –er og –ene i fleirtal: EINTALFLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORMUBESTEMT FORM BESTEMT FORM ei jentejentajenterjentene ei vognvognavognervognene

6 Hokjønn Unntak frå hovudregelen Ei stor gruppe ord som ender på –ing får endingane –ar og –ane i fleirtal: EINTALFLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORMUBESTEMT FORM BESTEMT FORM Ei dronningdronningadronningardronningane Ei øvingøvingaøvingarøvingane

7 Inkjekjønn Hovudregel: Inkjekjønnsorda får inga ending i ubunden form fleirtal og endinga –a i bunden form fleirtal: Bøyinga i denne gruppa er enklast, fordi alle inkjekjønnsord kan følgje hovudregelen EINTALFLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORMUBESTEMT FORM BESTEMT FORM eit hushusethushusa eit frimerkefrimerketfrimerkefrimerka

8 Samandragning av bøyingsformer Reglane for samandragning er avhengige av kjønnet til substantivet. Hankjønnsord har samandragning berre i fleirtal: EINTALFLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORMUBESTEMT FORM BESTEMT FORM ein himmelhimmelenhimlarhimlane ein vintervinterenvintrarvintrane

9 Samandragning av bøyingsformer Hokjønnsord kan ha samandragning i både eintal og fleirtal. Endingane er som etter hovudregelen –er og –ene. EINTALFLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORMUBESTEMT FORM BESTEMT FORM ei akselakslaakslerakslene ei hulderhuldrahuldrerhuldrene ei dotterdotteradøtrerdøtrene ei mormoramødrermødrene

10 Samandragning av bøyingsformer Inkjekjønssorda er meir innvikla: Ver merksam på: EINTALFLEIRTAL UBESTEMT FORM BESTEMT FORMUBESTEMT FORM BESTEMT FORM Eit fengselfengs(e)letfengselfengsla Eit lagerlageretlagerlag(e)ra EINTALFLEIRTAL UBESTEMT FORMBESTEMT FORMUBESTEMT FORMBESTEMT FORM Eit augeauget/augaauge/augoauga/augo Eit hjartehjartet/hjartahjarte/hjartohjarta/hjarto Eit øyreøyret/øyraøyre/øyroøra/øyro

11 Personlege pronomen og determinativ Ord som kan erstatte substantiv i ei setning. Til dømes: I staden for jente kan vi seie ho, i staden for å skrive: Det er Karis pc, kan vi skrive: Det er pc-en hennar/det er hennar pc. Legg særleg merke til 2. person fleirtal Determinativ = bestemmarord inkl. eigedomsord Determinativ bøyast i samsvar med kjønnet med substantivet dei står til, og etter om det er eintal eller fleirtal. Til dømes: Bilen min, boka mi, huset mitt, bilane mine

12 Personlege pronomen og determinativ NB! Når vi på nynorsk skal vise til eit substantiv, brukast han/ho/det, i staden for den, avhengig av kjønnet på substantivet. Til dømes: Eg kjøpte ei jakke i dag, og eg er veldig nøgd med ho. Eg møtte ein hund i dag, og han såg snill ut.

13 Personlege pronomen og determinativ EINTALSubjekstformObjektsformDeterminativ: eigedomsord 1. personeg (jeg)meg (meg)min/mi/mitt/mine (min/mitt/mine) 2. persondu (du)deg (deg)din/di/ditt/dine (din/ditt/dine) 3. personhan, ho, det (han, hun, det) Han, henne/ho, det (han/ham, henne, det) hans, hennar (hans, hennes) FLEIRTAL 1. personvi/me (vi)oss (oss)vår (vår) 2. personde/dokker (dere) dykk/dokker (dere) dykkar/dokkar (deres) 3. persondei (de)dei (dem)deira (deres)

14 Andre determinativ Sin Nokon, ingen, annan Bøyast også i samsvar med kjønnet på substantivet dei står til, og etter om det er eintal eller fleirtal HankjønnHokjønnInkjekjønnFleirtal (bilen) sin(boka) si(huset) sitt(bilane) sine nokon (bil)noka (bok)noko (hus)nokre (nokon) (bilar) (ein) annan (bil)(ei) anna (bok)(eit) anna (hus)andre (bilar) ingen (bil)inga (bok)ikkje noko (hus)ingen (bilar)

15 Adjektiv Dei fleste reglane i denne ordklassen er enkle og stort sett kan du bøye adjektiva som på bokmål. HankjønnHokjønnInkjekjønnFleirtal ein god elevei god aviseit godt svargode svar ein billig bilei billig bokeit norsk skipnorske skip

16 Adjektiv Legg merke til følgande reglar: Adjektiv som endar på vokal eller diftong (–ei, –au, -øy) får dobbel t i inkjekjønn: HankjønnHokjønnInkjekjønnFleirtal ein grei gutei flau jenteeit greitt svar eit flautt svar greie svar flaue svar ein grå genserei grå jakkeeit grått skjørtgråe klede

17 Adjektiv Adjektiv som endar på –en, bøyer vi slik: Som open, altså med same forma i hankjønn og hokjønn, bøyer vi adjektiv som doven, galen, gretten, naken, vaken HankjønnHokjønnInkjekjønnFleirtal ein open portei open døreit ope husopne dører den opne portenden opne døradet opne husetdei opne dørene

18 Adjektiv Eigen og liten har derimot eigne former i alle kjønn, slik vanleg er i mange dialektar: Denne bøyinga med –en i hankjønn og –a i hokjønn, gjeld berre desse to orda HankjønnHokjønnInkjekjønnFleirtal ein liten bilei lita hytteeit lite hussmå hytter min eigen bilmi eiga jentemitt eige barnmine eigne ungar den vesle gutenden vesle jentadet vesle barnetdei små ungane

19 Adjektiv Adjektiv som endar på –leg eller –ig, fleirstavingsord og nasjonalitetsord som endar på –sk, får ikkje ending i inkjekjønn eintal, korkje på nynorsk eller bokmål. HankjønnHokjønnInkjekjønnFleirtal Adjektiv som endar på –lig eller -ig ein viktig time, ein hyggeleg tur ei viktig prøve, ei hyggeleg melding eit viktig møte, eit hyggeleg selskap viktige møte, hyggelege selskap Fleirstavings- ord som endar på -sk ein fantastisk film ei fantastisk bokeit fantastisk hopp fantastiske filmar Nasjonalitets- ord som endar på -sk ein dansk byei dansk kroeit dansk skipdanske skip

20 Gradbøying av adjektiv Den regelrette bøyinga har endingane –are og –ast i komperativ og superlativ: Legg merke til at former som på bokmål har samandragning (farligst, vanskeligst) alltid har full form på nynorsk: farlegast,vanskelegast. PositivKomparativSuperlativ kvitkvitarekvitast farlegfarlegarefarlegast

21 Adjektiv Nokre uregelrette adjektiv som du må lære deg skikkelig! PositivKomperativSuperlativ fåfærrefærrast vondverreverst mykjemeirmest mangefleireflest gammaleldreeldst godbetrebest

22 Verb Verb blir oftast bøygd i dei fire hovudtidene infinitiv, presens, preteritum og presens perfektum. To hovudgrupper: SVAKE- OG STERKE VERB InfinitivPresensPreteritumPresens perfektum å kjøpekjøperkjøptehar kjøpt å dansedansardansahar dansa å rororroddehar rodd å skriveskrivskreivhar skrive å leseleslashar lese å finnefinnfannhar funne

23 Svake verb Svake verb er delt inn i ulike grupper etter korleis dei blir bøygde. Felles for svake verb er at dei har ending i preteritum: -a, -te, -de, -dde

24 A-verb (kaste-gruppa) Regel: a-verb får endinga –ar i presens. I preteritum og presens perfektum får dei endinga –a. Dette er den aller største gruppa av svake verb. Eit verb som på talemålet ditt og på bokmål endar på –a eller –et i preteritum er a-verb InfinitivPresensPreteritumPresens perfektum å kastekastarkastahar kasta å skåreskårarskårahar skåra å vaskevaskarvaskahar vaska å trylletryllartryllahar trylla

25 E-verb (kjøpe-gruppa) Regel: e-verb får endinga –er i presens både på nynorsk og bokmål Nesten alle e-verb har endinga –te i preteritum: styrte, kjøpte Nokre verb må likevel ha –de i preteritum: levde, arbeidde Har endingane –t eller –d i presens perfektum Ver merksam på to verb som på bokmål er sterke, men som er svake e-verb på nynorsk Nynorsk: å hjelpe-hjelper-hjelpte-har hjelpt Nynorsk: å treffe-treffer-trefte-har treft

26 E-verb (kjøpe-gruppa) InfinitivPresensPreteritumPresens perfektum å kjøpekjøperkjøptehar kjøpt å sendesendersendesendt å styrestyrerstyrtehar styrt å arbeidearbeiderarbeiddehar arbeidd å greiegreiergreiddehar greidd/greitt

27 E-verb (kjøpe-gruppa) Som kjøpe går desse verba: kjøpe, lære, tenkje/tenke, reise, hyle, koke, føre, suse, studere, diskutere, treffe, hjelpe Som sende går desse verba: hende, vende, ringje/ringe, slengje/slenge, nemne Som arbeide går desse verba: byggje/bygge, leige, leve, love Som greie går desse verba: breie, dreie, leie Fem verb å merke seg er: høyre, køyre, drøyme, gløyme og gøyme å høyre – høyrer – høyrde – har høyrt

28 Kortverb (nå-klassen) Bøyinga av desse verba er svært lik kvarandre på nynorsk og bokmål, men kan ha –tt i presens perfektum InfinitivPresensPreteritumPresens perfektum å trutrurtruddehar trudd å nånårnåddehar nådd/nått å sysyrsyddehar sydd/sytt å buburbuddehar budd å rororroddehar rodd å snusnursnuddehar snudd

29 J-verb (fortelje-gruppa) Har j i infinitiv Inga ending i presens, på same måte som sterke verb InfinitivPresensPreteritumPresens perferktum å forteljefortelfortaldehar fortalt å spørjespørspurdehar spurt å veljevelvaldehar valt å krevjekrevkravdehar kravt/kravd

30 Sterke verb Uregelrett bøying Dei får ikkje ending i presens: skriv, lyg, veks Dei får ikkje ending i preteritum: skreiv, drakk, voks Dei får oftast vokalskifte: finn-fann- har funne I ordlista står alltid bøyinga av dei sterke verba oppført med fulle former. Ein del av dei er likevel så vanlege at du bør lære dei!!! Sjå elles s i Basisboka

31 Uregelrette verb Dei uregelrette svake verba brukar vi ganske ofte. InfinitivPresensPreteritumPresens perfektum å viteveitvisstehar visst å bøyebøyerbøygdehar bøygd å seieseiersa(gde)har sagt å teieteiertagdehar tagd å eigeeigåttehar ått å gjeregjergjordehar gjort å haharhaddehar hatt å leggjeleggLa(gde)har lagt

32 Legg merke til…. Nynorsk har diftong i mange ord: Heim, meir, leike, ein, ei, eit, haust, raud, mjølk, lauk, graut…. Aldri hv-ord i nynorsk, men kv: Kven, kva, korleis, kvifor, kvile, kviskre, kvarandre… Endinga –som i bokmål får endinga – sam på nynorsk: Takksam, hjelpsam….. Endinga –ende på bokmål = endinga –ande på nynorsk: Gåande, ståande, tiande…. Endinga –lig på bokmål = endinga –leg på nynorsk Nydeleg, hyggeleg….

33 Legg merke til…. Verb på –st Til dømes: å synast- synest – syntest – har synst ALDRI MAN, MEN EIN! Hugs eg, ho, ikkje, berre osv…. Unngå å leggje til (e)s til eit verb slik vi gjer på bokmål (passiv), skriv i staden: Mange les boka - ikkje boka leses av mange Brevet blir sendt/skal sendast - ikkje brevet sendes Unngå bruk av genitiv -s, skriv om: Huset til familien – ikkje familiens hus (bruk preposisjon) Skipskapteinen – ikkje skipets kaptein (samskriving) Den engelske dronninga – ikkje Englands dronning (omskriving)

34 Legg merke til…. Ord som på bokmål endar på –het, -else og begynner med an- og be- har ofte anna skrivemåte på nynorsk, til dømes: Begynnelse = Begynning, byrjing Benytte = nytte, bruke Beskrivelse = beskriving, skildring Bestemmelse = avgjerd, vedtak Besvare = svare på Deltakelse = deltaking Forståelse = forståing Forberedelse = førebuing Undersøkelse = undersøking Frihet = fridom Samvittighet = Samvit Sjå elles nynorskboka s ; Skriveråd


Laste ned ppt "Åmot ungdomsskole Nynorsk grammatikk. BØYING AV SUBSTANTIV Hankjønn Hovudregel: Hankjønnsorda får endingane –ar og –ane i fleirtal EINTALFLEIRTAL UBESTEMT."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google