Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Opplæringslova.

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Opplæringslova."— Utskrift av presentasjonen:

1 Opplæringslova

2 Medråderett, rettar og plikter m.m.
Lov- og avtalesystemet Stortinget Partar Hovudavtalen Del A Forhandlingsordningar Del B Medråderett, rettar og plikter m.m. Lover Tariffavtalar Barnehagelova Opplæringslova Arbeidsmiljølova Ferielova Folketrygdlova Arbeidstvistlova Hovudtariffavtalen Særavtalar Sentrale SGS/SFS Lokale særavtalar Som de ser er det mange aktuelle lover å sette seg inn i. Som tillitsvalde vil de komme i kontakt med alle desse lovene på ein eller annan måte. På dette kurset tek vi tak i barnehagelova og opplæringslova. Andre lover vil verte tema på seinare kurs.

3 Kvifor skulere i desse lovene?
Lovene med forskrifter inkl. rammeplan og læreplanverket er det rettslege grunnlaget for skulen og barnehagen Kunnskap om lov og forskrifter er eit viktig grunnlag for godt tillitsvaldarbeid Bruke lov og forskrift som ei kjelde til å ivareta medlemmene sine interesser og Utdanningsforbundet sin politikk Det rettslege grunnlaget for opplæringsverksemda i skulen og barnehagetilbodet finn ein i opplæringslova og barnehagelova med føreskrifter. Rammeplan for barnehage og læreplanverket i skulen er føreskrifter. Lov og føreskrifter gir skulen og barnehagen mandat frå samfunnet til å drive si verksemd samstundes som dei regulerer verksemda. Kommunar, barnehagar og skular er og bundne av ei rekkje andre lover t. d. forvaltningslova og kommunelova som gjeld offentlege barnehagar og skular, og arbeidsmiljølova. Barnehagelova og opplæringslovene, føreskrifter, læreplan og rammeplan er regelverk som alle lærarar, førskulelærarar og leiarar burde vere godt kjende med, og arbeidsgivar bør drive skulering av arbeidstakarane i sentrale bestemmingar i lov og føreskrift. For den tillitsvalde er kunnskap om lov- og føreskriftsverket i mange tilfelle avgjerande for å kunne gjere ein god jobb for medlemmene og ein føresetnad for å kunne møte arbeidsgivar sin representant som ein likeverdig part i drøftingsmøte. Poenget med å skulere tillitsvalde i desse lovene er å motivere til bruk av lov og føreskrift som ei viktig kjelde til å ivareta medlemmene sine interesser og som utgangspunkt for å fremje Utdanningsforbundet sin politikk. Gjennom skuleringa skal dei tillitsvalde bli kjende med dei nasjonalt fastsette kvalitetsrammene. Vi syner til Utdanningsforbundet sin føremålsparagraf, der det heiter at Utdanningsforbundet skal ivareta medlemmene sine interesser når det gjeld lønns- og arbeidsvilkår, og når det gjeld utdanningspolitiske spørsmål. Det vil vere lett å sjå at barnehagelova og opplæringslova er viktige grunnlag for den tillitsvalde sitt arbeid når ein veit noko om det viktigaste innhaldet i lova. Opplæringslova tredde i kraft 1. august 1999 som ei felles lov for grunnskule og vidaregåande opplæring. Tidlegare hadde vi separate lover for grunnskule, vidaregåande opplæring og fagopplæring i arbeidslivet. Opplæringslova har gått gjennom ei rekkje endringar frå den tredde i kraft og fram til i dag.

4 Kor finn eg gjeldande lover og forskrifter?

5 Kva regulerer opplæringslova?
Formålet med opplæring Rett og plikt til opplæring Gratisprinsippet og nærskuleprinsippet Retten til spesialundervisning Innhald og vurdering i opplæringa Elev- og foreldremedverknad Til lysbilete 6 og 7: svært omfattande – peiker her på noko, mest vekt lagt på tillitsvalgt sin rolle-det som er knytt til arbeidstakar sine rettar og mindre på det du bør vite som lærar… Opplæringslova var eit ledd i moderniseringa av offentleg sektor på 1990-talet. Lova skulle sikre omsynet til nasjonale mål for opplæringa og eit likeverdig tilbod og samstundes ta omsyn til det lokale sjølvstyret. Det likeverdige opplæringstilbodet skulle sikrast gjennom individuelle rettar og statleg styring av innhaldet mellom anna gjennom nasjonale læreplanar. Kommunane skulle i stor grad stå fritt til å organisere opplæringsverksemda ut frå lokale tilhøve. Mange av endringane i lova sidan 1999 har gått i retning av større lokal handlefridom og meir rammeprega regulering i lovverket. Bruken av rettslege standardar som grunnlag for ei skjønnsmessig vurdering av om opplæringa er forsvarleg, har auka på kostnad av meir presise (t. d. talfesta) plikter og rettar. Kva regulerer opplæringslova? Opplæringslova regulerer elevane (evt. foreldra) sine rettar og plikter. Borgarane sine rettar vil i lovverket ofte korrespondere med at einkvan – oftast eit forvaltningsorgan – har tilsvarande plikter. Opplæringslova regulerer plikter for staten, kommunar og fylkeskommunar, skulen, skuleleiinga, personalet, lærebedrifta og elevar/foreldre. Den viktigaste pliktbestemminga er tydeleggjering av kommunane sitt ansvar for at krava i opplæringslova blir oppfylte og stille dei nødvendige ressursar til disposisjon (§ 13-10). Som vi ser er opplæringslova med føreskrifter eit grunnlag for den tillitsvalde til å vurdere både utdanningspolitiske spørsmål og ein del spørsmål om arbeidsvilkår (personalet sine plikter). Nokre av dei viktigaste forholda som er regulerte i opplæringslova er: elevane sin rett og plikt til opplæring, gratisprinsippet og nærskuleprinsippet (retten til å gå på nærmaste skule), retten til spesialundervisning, innhald og vurdering i opplæringa, elev- og foreldremedverknad, kompetansekrav ved tilsetjing, organisering av undervisninga og leiing, funksjonar, utstyr og læremidlar, skulemiljøet, kommunen sine plikter og statleg tilsyn og kontroll.

6 Kva regulerer opplæringslova?
Organisering av opplæringa og leiing, funksjonar og læremidlar Elevane sitt skulemiljø Personalet i skulen Kommunen sine plikter Statleg tilsyn og kontroll

7 §1.Tilpassa opplæring og tidleg innsats
       Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven.       Opplæringa i fellesfaga skal vera tilpassa dei ulike utdanningsprogramma Tilpassa opplæring har vore eit mantra dei siste åra. Har i det siste hatt forkus på kva som gjer det vanskeleg å yrkesrette fellesfaga (sentral felles eksamen, samanslåtte klassar, mangel på fagstoff i lærebøkene). Nytt av i år; Knutepunktskule i kvart fylke med 3 ressurspersonar som har ansvar for yrkesretting i engelsk, norsk og matte i fylket. Læreplanen i engelsk er endra for med læreplanmål med tilpassing til utdanningsprogram. Men framleis sentral skriftleg eksamen.

8 § 3-47 Føring av fråvær i vgo
Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar For inntil samanlagt 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan ein elev krevje at følgjande fråvær ikkje blir ført på vitnemålet eller på kompetansebeviset dersom det kan dokumenterast at fråværet skyldast: a) helse- og velferdsgrunnar b) arbeid som tillitsvald c) politisk arbeid d) hjelpearbeid e) lovpålagt oppmøte f) representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå. Nytt i fjor.

9 § 3-47 forts. For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet eller på kompetansebeviset, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.

10 § 4- 3. Kontakten med heimen i vidaregåande opplæring
Skolen skal halde kontakt med foreldra til elevar som ikkje er myndige etter verjemålslova § 1 gjennom heile opplæringsåret. Skolen skal i starten av opplæringsåret på Vg1 og Vg2 halde eit foreldremøte der foreldra informerast om skolen, innhaldet i opplæringa, medverkinga til foreldra, rutinar og anna som er relevant for foreldra. Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om utviklinga til eleven i lys av privatskolelova § 1-1 og den læreplanen skolen har fått godkjend etter privatskolelova § 2-3. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Nytt i fjor. Korleis organiserer de dette utan meirarbeid for lærarane?

11 § 4- 3. Kontakten med heimen i vidaregåande opplæring
Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter § 3-11 tredje ledd og halvårsvurdering i fag etter § 3-13. Foreldra til ikkje myndige elevar skal få munnleg eller skriftleg a) varsling om eleven sitt fråvær b) varsling dersom det er fare for at det ikkje er grunnlag for vurdering i fag, orden og oppførsel eller fare for at eleven kan få karakteren nokså godt eller lite godt i orden eller oppførsel, jf. § 3-7 c) informasjon om eleven og foreldra sine rettar etter opplæringslova og forskrifta d) anna viktig informasjon om eleven, med mindre denne er underlagd teieplikt etter anna lovgiving.

12 § 5.1 Rett til spesialundervisning
Elevar som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. Organisering HFK: 4-gruppene består, men 4-6 elevar i gruppa tidlegare 8-gruppeelevar anten i vanlege klassar eller eigne klassar (+ kr ,- pr. elev)

13 § 8 Organisering 8-2. Organisering av elevane i klassar eller basisgrupper        I opplæringa skal elevane delast i klassar eller basisgrupper som skal vareta deira behov for sosialt tilhør. For delar av opplæringa kan elevane delast i andre grupper etter behov. Klassane, basisgruppene og gruppene må ikkje vere større enn det som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg.        Klassen eller basisgruppa skal ha ein eller fleire lærarar (kontaktlærarar) som har særleg ansvar for dei praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla som gjeld klassen eller basisgruppa og dei elevane som er der, mellom anna kontakten med heimen Back to bacis, i fjor kom bestemmelsen om klasser som gikk ut i 2003, tilbake . Det som ikke er på plass er det gamle klassedelingstallet. Det er mye snakk om dette politisk, SV var med på å fjerne det i 2003, men snakker nå om norm for lærertetthet ,men bare for grunnskolen. Skal vera sendt til høyring, men kjenner ikkje innhaldet. Viktig for vgo. No ekstra fokus i fellesfaga YF og dei store SST-klassane som veks fram.

14 § 9-1 Leiing Kvar skole skal ha ei forsvarleg fagleg, pedagogisk og administrativ leiing.        Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar. Rektorar kan tilsetjast på åremål.        Departementet kan etter søknad gjere unntak frå reglane i andre ledd og gi høve til andre måtar å organisere leiinga på. Man må ikke ha rektorer på alle skoler, men all skoler må ha en rektor. En rektor kan være rektor på flere skoler, men må da kunne holde seg fortrolig med den daglige driften. Det er ikke lengre lov med administrasjonslærere. Utenom rektor kan man organisere ledelse mye som man vil: inspektører, avdelingsledere, teamledere. For oss er det viktig med tydelig struktur på ledelsen. Hver lærer må ha en overordnet som de kan gå til, søke hjelp hos og som har ansvar for de. Vi ønsker ikke å dele for flatt utover ressurs (jmf barnehage og pedagogiske ledere) man kan ikke organisere seg vekk fra lederansvaret. Døme fellesrektor: Voss.

15 § 9 a Elevane sitt skulemiljø
9a-1. Generelle krav        Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Elevane sin arbeidsmiljølov – kan vera nyttig for oss i høve ressursar, rom, fysiske rammer… 9a-2 Fysiske krav Det fysiske miljøet i skolen skal vere i samsvar med dei faglege normene som fagmyndigheitene til kvar tid anbefaler. Dersom enkelte miljøtilhøve avvik frå desse normene, må skolen kunne dokumentere at miljøet likevel har tilfredsstillande verknad for helsa, trivselen og læringa til elevane. Veileder til forskrift om miljøretta helsevern i barnehage og skole Arealark frå Trond. Sak inne sentralt om tryggleiksaspektet. Nasjonalt tilsyn førre skuleår, grs. §9a-2 og 9a-3 opphøger alle ”bør” til ”skal” når det gjeld elevane sitt arbeidsmiljø.

16 §9a Elevane sitt arbeidsmiljø
§9a-3 Det psykososiale miljøet Skolen skal aktivt og systematisk arbeide for å fremje eit godt psykososialt miljø, der den enkelte eleven kan oppleve tryggleik og sosialt tilhør. Dersom nokon som er tilsett ved skolen, får kunnskap eller mistanke om at ein elev blir utsett for krenkjande ord eller handlingar som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal vedkommande snarast undersøkje saka og varsle skoleleiinga, og dersom det er nødvendig og mogleg, sjølv gripe direkte inn. Dersom ein elev eller forelder ber om tiltak som vedkjem det psykososiale miljøet, deriblant tiltak mot krenkjande åtferd som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme, skal skolen snarast mogleg behandle saka etter reglane om enkeltvedtak i forvaltningslova. Om skolen ikkje innan rimeleg tid har teke stilling til saka, vil det likevel kunne klagast etter føresegnene i forvaltningslova som om det var gjort enkeltvedtak.

17

18 § 10-1 Kompetansekrav for undervisningspersonell
Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, skal ha relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Departementet gir nærmare forskrifter om krav til utdanning og praksis for den som skal tilsetjast i undervisningsstillingar på ulike årssteg og i ulike skoleslag.

19 Krav til tilsetjing vgo §14-3, SST
a) Den som skal tilsetjast i undervisningsstilling i studieførebuande fag i den vidaregåande skolen, må fylle eitt av desse krava: - Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 240 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning - Faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning - Lærarutdanning, jf. § 14-2, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.

20 § 14-3 forts. yrkesfag - Yrkesfaglærarutdanning, jf. nasjonal rammeplan, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning, jf. § 14-5 - Universitets- og/eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng inklusive pedagogisk utdanning etter § 14-1, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning – Faglærarutdanning, jf. nasjonale rammeplanar, for undervisning i fag/på fagområde der vedkommande har minst 60 studiepoeng relevant utdanning

21 Forts. yrkesfag - Fagbrev, sveinebrev eller fullført og bestått anna yrkesfagleg utdanning i vidaregåande opplæring, 2 års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og 4 års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring, for undervisning i fag/på fagområde som utdanninga/bakgrunnen er relevant for. I tillegg krevst pedagogisk kompetanse etter § 14-1 - Lærarutdanning, jf. § 14-2, med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng, dersom hovudoppgåva er spesialundervisning eller behova til elevane gjer slik utdanning ønskeleg.

22 § 10-4 Utlysing av stillingar
Undervisningsstillingar og rektorstillingar skal lysast ut offentleg. Kravet om slik utlysing gjeld ikkje for stillingar som er ledige for eit kortare tidsrom enn seks månader, eller når arbeidsgivaren skal tilby stillinga til ein arbeidstakar eller tidlegare arbeidstakar i verksemda med heimel i arbeidsmiljøloven §§ 14-2 om førerett til ny tilsetjing og 15-7 om oppseiingsvern. Gjeld heller ikkje ved IA-saker. Deltidstilsette har dersom dei er kvalifiserte til å undervisa i faget, rett til å utvide stillinga si før evt utlysing. Atv inne på: -Vurderinga av kva som skal lysast ut Utlysingstekst Kven som skal inn til intervju Intervju Samtale og innstilling Evt. Klage og stopping av tilsetjing ved forbigåing – hastesak!

23 § 10-5 Val mellom fleire søkjarar
Når ein må velje mellom fleire søkjarar til den same stillinga, skal det leggjast vekt på utdanning og praksis, kva undervisningsbehov tilsetjinga skal ta sikte på å dekkje, og kor kvalifisert søkjaren elles er for stillinga.

24 Kap.14 Tilsyn og kontroll Statleg tilsyn med kommunane og private skular – delegert til fylkesmannen To viktige tilsyn HFK: - Årsrammetimetal elevar, 2008 - Inneklima og arbeidsmiljø, Oppfylgingstilsyn 2010 Kommunalt tilsyn – elevar som ikkje går på skule - heimeundervisning

25 F § 3. Vurderingsforskrift
3.1 generelle føresegner -Formålet med vurdering i fag er å fremje læring undervegs og uttrykkje kompetansen til eleven, lærlingen og lærekandidaten undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faget. Vurderinga skal gi god tilbakemelding og rettleiing til elevane, lærlingane og lærekandidatane. Har skapt mykje rabalder – lite av dette er eigentleg grunna i teksten i forskrifta. Viktig å vera klar over kva som vert krevd i forksrifta, og kva forventningar/krav skuleeigar har. Vis til Fjeld sitt dokumenteringskrav og prosessen fram til rettleiar for vurdering i HFK. I forhold til vurdering kan ein ta viktige debattar i skjæringspunktet mellom profesjon og arbeidstid. Rundskriv fra direktoratet – 90 sider- sier lite konkret, men understreker at det er LITE i forskrifta om byråkratisering, skriftleggjering og slikt. Fylkesmannen og klagemenmdene sin krav styrer òg mykje av behovet for dokumentering.

26 Meir om vurdering Viktige omgrep: Undervegsvurdering
Halvtårsvurdering i fag Kompetansemål i fag Undervegsvurdering: alt anna enn sluttvurderinga Sluttvurdering: standpunktkarakterar og all vrudering skal gjevast opp mot kompetansemål. Forskrifta er ganske tydelig på kva som kan verke inn på karakter og kva som ikkje kan: innsats kan ikkje til dømes. Grunnlaget for vurdering i fag er dei samla kompetansemåla i læreplanane for fag slik dei er fastsette i læreplanverket, jf. § 1-1 eller § 1-3.        I vurderinga i fag skal ikkje føresetnadene til den enkelte, fråvær, eller forhold knytte til ordenen og åtferda til eleven, lærlingen eller lærekandidaten trekkjast inn. I grunnskolen skal det i faget kroppsøving i vurderinga leggjast vekt på både oppnådd kompetanse og føresetnadene til eleven. I vidaregåande opplæring skal ikkje elevens føresetnader trekkjast inn i vurderinga i faget kroppsøving.        Læraren og instruktøren skal så langt råd er, skaffe tilstrekkeleg grunnlag for å vurdere kompetansen til eleven, lærling og lærekandidaten, slik at retten eleven, lærlingen og lærekandidaten har etter § 3-1, blir oppfylt. Det gjeld òg dersom stort fråvær eller andre særlege grunnar gjer vurdering vanskeleg. Eleven, lærlingen eller lærekandidaten skal møte til og delta aktivt i opplæringa slik at læraren eller instruktøren får grunnlag for å vurdere eleven, lærlingen eller lærekandidaten sin kompetanse i faget. Stort fråvær, manglande deltaking i planlagde vurderingssituasjonar eller andre særlege grunnar kan føre til at grunnlaget for halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter manglar.

27 Rettar Eleven, lærlingen og lærekandidaten har minst éin gong kvart halvår rett til ein samtale med kontaktlæraren eller instruktøren om sin utvikling i forhold til kompetansemåla i faga. Samtalen kan gjennomførast i samband med halvårsvurderinga utan karakter, jf. § 3-13 og i samband med samtalen med foreldra etter § 20-3 og § 20-4. HFK sitt rettleiingshefte om vurdering Korleis vert dette gjort? Dokumenteringskrav SkoleArena: Terminkarakter og sluttvurdering. Undervegskarakterar dersom det er sett. Dette kravet er redusert i den nye vurderingsforskrifta.


Laste ned ppt "Opplæringslova."

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google