Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

”Ungdomstrinn i utvikling”

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "”Ungdomstrinn i utvikling”"— Utskrift av presentasjonen:

1 ”Ungdomstrinn i utvikling”
Presentasjon. To innspel frå salen på refleksjonsoppgåver. Spørsmålsøkt i prinsippet til slutt, men tek mot opp klarande spørsmål langs med. Sidan eg ofte «låner» bilde frå mine kollegaer, er det diverre ei herleg språkblanding. Beklagar! Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane Loen Jetvard Kalland

2 Mål for økta! Informere og auke kunnskap og forståinga for satsinga «Ungdomstrinn i utvikling». Vere med å skape eit grunnlag for at UDF vert ein aktiv og interessert part i satsinga.

3 Ungdomstrinnssatsinga 2013 - 2017 http://www. udir
Etter at Kunnskapsløftet vart innført, har det kome ein del stortingsmeldingar som tek for seg elevane si læring. Bakgrunn for prosjektet finn vi i fleire av meldingane på 2000-talet. Kultur for læring 03/04, Kvalitet i skolen 07/08, og På rett vei 12/13. Strategi for ungdomsstegssatsinga kom i Då starta også pilotprosjektet der tre kommunar i Sogn og Fjordane var med. (Fjaler, Jølster og Stryn) Ungdomstrinnsatsinga har eiga heimeside knytt til Utdanningsdirektoratet si heimeside. Syne side!

4 Overordna plan- og rammeverk
To dokument som utdjupar strategidokumentet. Rammeverket har fire målgrupper: Skuleeigarar/skuleleiarar. Universitet og høgskular. Nasjonale senter. Dei som skal støtte skuleeigarar, skuleleiarar og lærarar: utviklingsrettleiarar og ressurslærarar. Rammeverket inneheld: Nasjonale rammer og prinsipp. Roller og organisering av skulebasert kompetanseutvikling i klasseleiing, rekning, lesing og skriving. Definisjonar av god klasseleiing, rekning, lesing og skriving. «Plan for skolebasert kompetanseutviklng » Gjev føringar for korleis arbeidet med skulebasert kompetanseutvikling skal skje i satsinga «Ungdomstrinn i utvikling».

5 Den laaange oversettelsen!
Direktorat Skole- eier skoleleder utviklingsgruppen Bildet er henta frå ei forelesing som Torbjørn Lund frå Universitetet i Tromsø hadde på Eid Seier vel i eit nøtteskal noko om utfordringar med organisering og påverknad. Mange skular har organisert ei prosjektgruppe/utviklingsgruppe med administrasjonen, plasstillitsvald og ressurslærar. Fore- satte kollegiet elevene

6 Kven er med? Illustrasjonen er henta frå «Plan for skulebasert kompetanseutvikling på ungdomstrinnet ». GNIST starta som eit rekrutteringssamarbeid for å få fleire til å byrja på lærarutdanning. Er eit samarbeid mellom dei store arbeidstakarorganisasjonane, staten ved KD, KS og Høgskulesystemet. Prosjektperioden var Samarbeidet er vedteke å halde fram gjennom jamlege møter på stat og fylkesnivå og omfattar opplæringsspørsmål. Ingen tvil om at koordineringa i eit så stort prosjekt er utfordrande. Skuleeigar «eig» prosjektet, men mykje ligg på rektor med utviklingsrettleiarane svevande i bakgrunnen.

7 Refleksjonsoppgåve: Tenk individuelt i eit minutt.
Kva veit du om Ungdomstrinnsatsinga? Kva meiner du bør leggast vekt på i satsinga? Drøft deretter med sidemannen i to min. To innspel på spørsmål to!

8 Haldning til dialog?

9 Eit eksempel på ei mengde av filmsnuttar som kan brukast som bakgrunn for refleksjon i ei organisasjonsutvikling.

10 Kari Edvardsen og Julie Lysberg, Nordland
Satsinga i eit bilde PRAKTISK FOKUS PÅ: KLASSELEDELSE REGNING LESING SKRIVING TILTAKENE: Skolebasert kompetanseutvikling VARIERT ungdomstrinnet Undervisninga skal vere motiverande gjennom å vere praktisk, variert og relevant. Satsingsområda er klasseleiing, rekning, lesing og skriving, der vurdering for læring og organisasjonsutvikling ligg som eit grunnlag for arbeidet. Ein møter faguttrykk som for eksempel rekning i alle fag og grunnleggande ferdigheit i lesing. Tiltaka er skulebasert kompetanseutvikling, nettressursar og nettverksarbeid. Utviklingsrettleiar si oppgåve er å støtte kommuneleddet og skuleleiarane i satsinga. RELEVANT ORGANISASJONSLÆRING VURDERING FOR LÆRING Lærende nettverk Kari Edvardsen og Julie Lysberg, Nordland

11 Ungdomstrinn i utvikling 2013 - 2017
Satsinga skal konsentrere seg om grunn-leggande ferdigheit i lesing, skriving og rekning. Klasseleing Praktisk, variert og motiverande undervisning Vurdering for læring Illustrasjonen er frå framsida til melding til Stortinget i 2010. Nasjonal målsetting med satsinga: Elevane skal oppleve motivasjon og mestring for betre læring gjennom meir praktisk og variert undervisning ved at skulene får ny kompetanse og utviklar god praksis innanfor klasseleiing, rekning, lesing og skriving.

12 Satsingsområda i SKU Lesing Skriving Rekning Klasseleiing Organisasjonslæring og vurdering for læring Dei nasjonale kompetansesentera vert bruk i kompetanseheving på samlingar i regi av Udir, særleg for ressurslærarane. Det var dei same som vart nytta i skoleringa i Ny Giv. Organisasjonslæring og Vurdering for læring må vere grunnsteinane for å få til ei kvalitetsheving i klasserommet.

13 Kvar vert vi gode lærarar. http://www. sb
Frå foredrag Skuleleiarkonferansen i Loen Elaine Munthe er proffessor i pedagogikk. Dekan ved Universitetet i Stavanger, humanistiske fag, med mellom anna ansvar for lærarutdanninga. Viktig med rettleiing, særleg i starten av yrkeskarrieren. Også for å behalde gode lærarar og kanskje og rettleie nokre ut av yrket på eit tidleg stadium, både for skulen og den tilsette si skuld. Har introdusert «Lesson study» som verktøy for skulebasert kompetanseutvikling. Mange av utviklingsrettleiarane introduserer ein lett-versjon til skuleleiarane.

14 Diskutere og reflektere
«Lesson study light»? Mål Planlegge Utføre og observere Diskutere og reflektere Formidle Tema – Fastsette læringsmål. Planlegge to og to. Utføre og observere elevane sitt læringsutbytte. Drøfte og reflektere over kva som verka. Formidle til teamet. «Lesson study» - sirkelen. Observasjon kan kombinerast med skulevandring der ein frå administrasjonen er med og observerer kombinert med ein førsamtale og ei refleksjonsøkt.

15 Ungdomstrinnsatsinga 2013 – 2017
Ungdomstrinnsatsninga Sogn og Fjordane Åsmund Berthelsen Jetvard Kalland Tove Hanne Ommedal Inger Marie Evjestad Utviklingsrettleiar Utviklingsrettleiar Utviklingsrettleiar Prosjektl.Gnist/Utv. 1. januar mars mars – jan 2014 – Pulje 1 Hausten 2013: Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Jølster Pulje 2 Hausten 2014 Solund, Flora u-skule, Førde, Gaular, Naustdal, Eid, Selje Pulje 3 Hausten 2015: Bremanger, Gloppen, Balestrand, Hornindal, Leikanger, Stryn, Vågsøy Pulje 4 Hausten 2016: Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal, Eikefjord skule. Ungdomstrinnsatsinga 2013 – 2017 Lesing, skriving, rekning, klasseleiing Grunnleggjande ferdigheiter, vurdering for læring, gjennomføring. SKU SKU SKU SKU Satsinga i Sogn og Fjordane. Alle ungdomsskulane og kombinerte skular får tilbod om 3 semester med skulebasert kompetanseheving, SKU. Skulane er delt inn i puljar for tidspunktet når denne startar. Flora er einaste kommune i Sogn og Fjordane som har delt skulane sine. Eikefjord skule kjem først i pulje 4. Dei fire Utviklingsrettleiarane har i utgangspunktet ansvar for kvart sitt geografiske område, men har eit omfattande samarbeid, både her i fylket og med Hordaland og Rogaland. Ein har valt å fylgje ei tilnærma regioninndeling i den skulebaserte kompetansehevinga etter kommunane sine ynskje. (HAFS, Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.)

16 Ungdomstrinn i utvikling 2013-2017
Hvordan kan grunnskolene bidra til å gi flere elever forutsetninger for å fullføre videregående skole? Fra Utdanningsnytt.no Det er ingen tvil om at fråfallet i vgo er bakgrunn for satsinga. Mål frå Strategi for ungdomstrinnet (s. 5) (Strategi for ungdomstrinnet: Motivasjon og mestring for bedre læring, KUF, 2012) «Ved å gjøre opplæringen på ungdomstrinnet mer praktisk og variert og styrke opplæringen i regning, lesing og skriving, skal elevene få flere opplevelser av mestring og økt motivasjon og læring. Styrking av klasseledelse og satsingen på regning, lesing og skriving skal komme alle elever til gode, også de faglig sterke elevene. Satsingene skal inngå i alle fag.» (s. 5) Mål: Alle skal inkluderes og oppleve mestring. Alle skal beherske grunnleggende ferdigheter. Alle skal gjennomføre videregående opplæring. Ungdomstrinn i utvikling

17 Her er statistikk for to ungdomskull som gjekk ut av grunnskulen i g Sogn og Fjordane er i toppen. Likevel ca. ¼ som ikkje fullfører etter 5 år. I Yrkesfag er den ned mot 60%.

18 Auka gjennomføring i vidaregåande opplæring
6% 6%6% Vg 3 skule 8,5% 8,5% Påbygg 22% 2% 2 GS 25,5% 5,5% VG1 VG 2 29% Læretid Tala er henta frå dei som gjekk ut av grunnskulen i 2007 i Sogn og Fjordane. (2012) Det store fråfallet er før læreplass og stryk på påbygg. Elevane vil gjerne gå påbygg fordi då kan dei vere russ i saman med kameratane. Mange får ikkje læreplass - korleis kan vi få auka tal læreplassar? Korleis kan dei vidaregåande skulane bidra til å sikre eleven ein læreplass? Trengs støttande tiltak for eleven/lærlingen. Støttande tiltak for bedrifter. 1,9% 5,7% 7,6% 6,2% ,3% (23,7%) ,3% (29,3% 8,8,1% % 55,8% ,8% Prosjektkoordinator Ny

19 Tenk individuelt i eit minutt.
Refleksjonsoppgåve: Tenk individuelt i eit minutt. Kva kan Ungdomssteget gjere med fråfallet i VGO? Snakk deretter med sidemannen i to min. Klår samanheng mellom karakternivå når ein går ut av ungdomssteget og fråfall i vgo.

20 Er dette utfordringa? Dette er vel populær-versjonen. Vi må erkjenne at bildet nok er meir samansett.

21 Skulebasert kompetanseutvikling Pedagogiske ressursar Lærande nettverk
Betre GRF, Meir praktisk og variert undervisning – meir samarbeid om undervisninga til elevane Lokalt handlingsrom I «Ungdomstrinn i utvikling» er samhandling ein nøkkelfaktor for skuleutvikling Å mobilisere energi og begeistring Å møte skulane og skuleeigarane sine opplevde behov Ny GIV! Utviklings-arbeid på ungdoms-steget Samarbeid Attende til prosjektet Ungdomssteg i utvikling. (UiU) GRF står for grunnleggande ferdigheit. Å kunne uttrykke seg munnleg, skriftleg, å kunne lese og rekne og bruke digitale verktøy. I læreplanane kjem det til uttrykk gjennom kompetansemål.

22 1. Skulebasert kompetanseutvikling
Skulebasert kompetanseutvikling – Skulen, med leiing og alle tilsette, deltek i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass der målet er å utvikle samla kunnskap, haldning og ferdigheit på skulen når det gjeld læring, undervisning og samarbeid. Grundig arbeid med Ståstadanalysen eller anna vurderingsverktøy på skulane. (SWOT) Kompetanseutvikling for skuleeigarar og skuleleiarar (UDIR) Skulering av resurslærarar. (Statlege kompetansesenter) Rettleiing av lærarar frå Universitet og Høgskular. Mål – Forarbeid – Tiltak!

23 Grunnlaget for å bli betre er å vite kvar ein står
Grunnlaget for å bli betre er å vite kvar ein står. Ulike verktøy som ein finn på Skoleporten. I tillegg ein del bruk av SWOT. Skape arenaer for refleksjon.

24 Eksempel. Henta frå foredrag av Severin Roald februar 2014
Eksempel! Henta frå foredrag av Severin Roald februar SWOT av norsk skule?

25 Rettleiing av Høgskulen i Sogn og Fjordane
Kvar ungdomsskule får besøk av to rettleiarar to gonger per semester i tre semester. (pulje 2) Observasjon i klassar. Refleksjonsøkter med lærar/team. Fagsamling med heile kollegiet. Skulane har valt tema. Mest klasseleiing, lesing og rekning. Organisering og innhald vert avtala mellom administrasjonen på skulane og rettleiar frå høgskulen. Høgskulen i Sogn og Fjordane er kanskje den høgskulen som er mest ute på skulane. Eit spesialtilbod frå HSF er påbygging i vidareutdanning i klasseleiing til 15 stp.

26 Lærarane Læraren har ansvar for den faglege og sosiale utviklinga til elevane og for at opplæringa er praktisk, variert og tilpassa elevføresetnadene. Dei skal legge til rette for at undervisninga blir opplevd som relevant, og at elevene opplever auka meistring og motivasjon. Forventningar: Planlegge, organisere, gjennomføre og vurdere undervisninga ut frå profesjonelt skjønn, erfaring og forsking på god praksis. Delta aktivt i den skulebaserte kompetanseutviklinga. Samarbeide med kollegaer og dele erfaringar med sikte på å auke eiga og kollegiet sin kompetanse. Legge til rette for elev-medverknad. Samarbeide med foreldra om elevmotivasjon og læring. Henta frå Strategidokumentet; «Motivasjon og mestring for bedre læring, felles satsing på klasseledelse, regning, lesing og skriving.»

27 Skuleleiinga Har ansvaret for at skulen gjennomfører vurdering av læringsmiljøet og læringsutbytet til elevane og for at skulen utviklar seg til ein lærande organisasjon der lærarane som eit kollegium samarbeider for å betre undervisningspraksisen. …(må) ha jamleg dialog med skuleeigar om resultata i skulen og utviklinga. s. 147 Sitatet henta frå St.meld Rapport frå NTNU etter at pilotering var gjennomført, synte at det var leiinga på skulen som gjorde den største skilnaden. Rapporten heiter: «En gavepakke til ungdomstrinnet?»

28 Skuleeigar ...har ansvaret for å vurdere kvaliteten på
opplæringa og til å ta initiativ til og gjennomføre nødvendige utviklingstiltak. s. 147 Forventningar i strategien: Støttar skulane sitt arbeid for å få til meir praktisk og variert undervisning på ungdomstrinnet Analyserer skulane sine behov og legge til rette for den skulebaserte kompetanse-utviklinga Samarbeider med, følgjer opp og legg til rette for at skuleleiarane og lærarane har tid til å følgje opp arbeidet med strategien Legg til rette for deltaking i nettverk for kompetansedeling både for lærarar og skuleleiarar og deltek aktivt i lokalt og regionalt samarbeid om strategien Sitat St. meld

29 Utviklingsrettleiar sine oppgåver.
Utviklingsrettleiarane skal hjelpe kommunane slik at skuleeigar og skuleleiarar lukkast i arbeidet med: Å utvikle skulene som lærande organisasjonar Å analysere skulen sin trong for kompetanse og utvikling Å skape gode arenaer for kompetanse- og erfaringsdeling på og mellom skolar Å bruke av tilgjengeleg støtte- og rettleiingsmateriell Å organisere og legge til rette for skulane sin bruk av ressurslærarar Å legge til rette for lokale nettverk, samordne tiltaka innan for skuleutvikling og ha god dialog med alle aktørar innanfor satsinga (Udir, UH, KS, FM, UDF) Henta frå «Plan for skolebasert kompetanseutvikling, Skolebasert kompetanseutvikling på ungdomstrinnet » Å nytte seg av tilbodet er i stor grad opp til kommunane og skulane. Det har vorte tilsett noko fleire utv.rettleiarar enn intensjonen var frå Udir. I Sogn og Fjordane var det tenkt 3, men er 4. Den 4. stillinga må kommunane sjølve dekke. Sogn og Fjordane er ikkje åleine, slik at det per no er 57 Utviklingsrettleiarar i heile landet. Oslo har ikkje tilsett utv.rettleiarar.

30 Ressurslærar sine oppgåver.
Ressurslærar skal støtte lærarane i arbeidet med klasseleiing og å gjere opplæringa i rekning, lesing og skriving meir praktisk, variert og relevant Det er viktig at ressurslærarane kjenner og tek i bruk dei ulike dokumenta og ressursane som ligg på udir.no/ungdomstrinnet1 Ressurslærar må ha god læreplanforståing og kunnskap om lokalt læreplanarbeid. Dei må kunne identifisere grunnleggande ferdigheiter i kompetansemåla, kunne operasjonalisere kompetansemål og bruke desse for å lage pedagogiske opplegg som fremmar elevane sin dugleik i rekning og lesing og skriving. Dei bør kunne nytte kompetansen sin på tvers av fag, og bruke prinsippa for god undervegs vurdering for å fremme læring Resurslærarane bør og ha innsikt i suksesskriteria for endrings- og utviklingsarbeid i skulen og ha kunnskap om og erfaring med observasjon og rettleiing i et personale. Henta frå «Plan for skolebasert kompetanseutvikling, Skolebasert kompetanseutvikling på ungdomstrinnet » Det er rektor sitt ansvar at ressurslærarane vert nytta på ein god måte og at arbeidsoppgåvene står i høve til frigjeringsressurs. Intensjonen frå Udir var at ein ressurslærar skulle dekke 4 skular. I pulje 2 er praksis ein ressurslærar per skule. HAFS har valt å samarbeide og har tilsett 4 stk., medan Jølster som og var i pulje 1 har ein per skule. (Solund har eigen ressurslærar.)

31 Utdanningsforbundet si rolle…
Saksa frå strategidokumentet! I tillegg vil eg føye til: Vere ein diskusjonspartnar på organisering og tilrettelegging for skulen sin bruk av ressurslærarar, plangruppe, utviklingsgruppe ……… (økonomi) Bidra til å etablere og oppretthalde god dialog med alle aktørane innanfor satsinga. Halde fram samanhengen med profesjonsetiske plattform.

32 Refleksjonsoppgåve: Korleis kan dei lokale tillitsvalde i Utdanningsforbundet i kommunen din bidra til ei kompetanseheving gjennom prosjektet? Diskuter med sidemannen.

33 Refleksjon!

34 2. Pedagogiske ressursar:
Lesing: Rekning: Skriving: Klasseleiing: Nettressurs om klasseledelse8 Lett tilgjengelege! Veldig god kvalitet, og dei er relevante. Behov for revidering og supplering. Vesentleg å kjenne ressursane godt. Gjerast kjende mellom lærarane. Dei nasjonale læresentra utarbeider undervisningsopplegg. Kontinuerleg arbeid å løfte fram og oppmode til bruk og spreiing. Det ligg mykje ressursar på nett som diverre er ukjende for mange lærarar. Udir har samla mykje og det ligg både på dei nasjonale sentera og nynorsksenteret og ein nettstad som heiter «Skole i praksis». Tek og med ein filmsnutt som Kunnskapsdep. har lagt ut på Youtube. Legg merke til høgre sida, her er mange val.

35 Pedagogiske ressurser på udir.no/ungdomstrinnet
Skriving i naturfag Lesing i matematikk Nokre klipp! Gjer særleg merksam på «Ramma» for organisasjonsutvikling. Her ligg mykje god kunnskap. Regning i engelsk

36 3. Lærande nettverk. Det meste føregår lokalt.
Arbeid i nettverk er i gang og det er tilrettelagt for dette i ulik grad. Er det læring i nettverka? Nasjonalt nettverk for utviklingsrettleiarar/nettverk i fylket. Nokre nettverk i regi av Udir og NTNU. Kva som kjenneteiknar eit lærande nettverk er tema på samlingar! Bidra i nettverk for eigen og andre si læring …deltek i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass der målet er å utvikle samla kunnskap, holdning og ferdigheit på skulen når det gjeld læring, undervisning og samarbeid. Å drifte nettverk for skuleleiarar og ressurslærarar er i stor grad utviklingsrettleiar si oppgåve i Sunnfjord. Dette varierer, viktig at skuleeigar tek ansvar her.

37 Arbeid i lærande nettverk. Lærande møter.
«Læring skjer ofte i gapet mellom ulikheter i nettverk» Nils Ole Nilsen, UiN «Nettverk er ideer på vandring» Torbjørn Lund

38 Dialogkonferansen. (Torbjørn Lund)
Blanda grupper Plenum Skulegrupper Plenum Dialog Idear Teori Ny kunnskap Vert brukt i implementeringsfasen og i vedlikehald for å halde trykket oppe. Refleksjon Nye planer God praksis Kritisk praksis Thorbjørn Lund (UiT) sin modell for ein dialogkonferanse. Fast deltaking, minst 5-7 frå kvar skule inkl. leiar. Forpliktande å delta. Delta kvar gong. Må dele opplegg og erfaringar frå eigne tiltak. Boksane kan skiftast om. Nettverket må gå over fleire år. Konferanse ein gong i halvåret. To dagar kvar gong. Modellen kan tilpassast møter i kollegiet. Kjem attende til det.

39 Lærande møter. (Knut Roald)
- Førebuing ut frå definerte problemstillingar. - Kvar deltakar spelar inn sine idear før drøfting. - Gruppedrøfting før plenum. - Utelet motførestellingar i søkefasen. - Vurderer positive innspel før negative. - Distribuerer ansvar for møteleiing/referat Informasjon gjennom andre kanalar. Ein forløpar for IGP. (Individ-Gruppe-Plenum) Prøver å gjere møta meir effektive og med betre utbytte. Knut sitt yndlingsuttrykk: «Skal det vere møte på bedehuset eller i Forsøksringen?» På bedehuset tek ein imot. I Forsøksringen drøftar ein praksis i høve til resultat. Praksis må ha hovudfokus!

40 «Dialogmøtet»! Teori! Felles forståing Praksisforteljingar!
Plenum Grupper Teori! Felles forståing Praksisforteljingar! Erfaring frå klasserommet Teori og praksis bunde saman Refleksjon og utvikling Idear og dialog Refleksjon Blanda grupper Refleksjon Nye planer Team Dette er ein variant av «dialogkonferansen» tilpassa eit to timars utviklingsmøte. Ideen er henta frå ein rektor i Sandnes, Lurahammaren skole. Modellen er og godt tilpassa eit nettverksmøte. Thorbjørn Lund kallar det dei fire romma som alle er nødvendige for at det skal gje utbytte.

41 Refleksjonsoppgåve: Kvifor? Diskuter med sidemannen.
I kva fag/område har du erfart at de på teamet, skulen eller i kommunen din, er gode på samarbeid? Kvifor? Diskuter med sidemannen.

42 Lærande møter? Eg måtte berre ta med denne!

43 Ungdomstrinn i utvikling, Telemark
Veien videre Må ta med litt reklame for «oppdragsgjevar». Utdanningsdirektoratet har kanskje den beste og mest innhaldsrike heimesida i både praktisk og teoretisk pedagogikk som eksisterer. Ungdomstrinn i utvikling, Telemark

44 «Det er det som skjer i klasserommet som avgjør
om skolen endrer seg». Michael Fullan (2001)

45 Spørsmål??? Er det slik vi agerer?


Laste ned ppt "”Ungdomstrinn i utvikling”"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google