Presentasjon lastes. Vennligst vent

Presentasjon lastes. Vennligst vent

Arbeidsplassar i barnehagen Kontaktforum barnehage 18. november 2014

Liknende presentasjoner


Presentasjon om: "Arbeidsplassar i barnehagen Kontaktforum barnehage 18. november 2014"— Utskrift av presentasjonen:

1 Arbeidsplassar i barnehagen Kontaktforum barnehage 18. november 2014
«Min arbeidsplass på badet på avdelingen» Utdanningsforbundet har starta ein aksjon på Facebook for å dokumentere arbeidsforholda i barnehagar og skular. Du vert oppmoda om å sende inn bilde. Mange pedagogar i barnehagar har ikkje tilfredstillande kontorarbeidsplassar. Blir det forventa at ein skal bruke av «planleggingstida» i barnehagen må ein ha gode arbeidsplassar som er i tråd med lov og forskrift. Dette er ei utfordring. Utdanningsforbundet hadde 20. oktober ei nettsak om dette. I den forbindelse bad dei medlemmer om å legge ut bilder av kontorarbeidsplassen sin. Dette er eit av bilda. De veit sikkert om mange liknande tilfelle. Vi skal ikkje snakke mykje om situasjonen ute i barnehagane, men meir om kva ein skal gjere dersom ein ikkje har tilfredsstillande kontorarbeidsplass. Det finst krav til korleis ein kontorarbeidsplass skal utformast. Dette seier Arbeidsmiljølova med forskrifter noko om. Det kjem vi tilbake til, men først litt om stoda i barnehagane.

2 «Har du en ordentlig kontorplass?»
2013 medlemsundersøking (respons analyse) Dette var overskrifta på saka på Utdanningsforbundets nettside. I 2013 foretok respons analyse ein undersøkelse blant 950 førskulelærarar om nettopp det. SPM: Finnes det et egnet, avskjermet kontor i barnehagen, der du kan arbeide i ro når det passer deg? Ca. 28% har sagt NEI 44% har svart: DELVIS Kun 28% har svart JA

3 Spørjeundersøking i barnehagane i Hedmark, hausten 2013
Har barnehagen egna kontorarbeidsplassar til individuell planleggingstid? JA: Kommunale: 62% Private: 74% Ca. 1 av 3 svarar at styrar sitt kontor er egna som kontorarbeidsplass Ca 1 av 4 svarar at pauserommet er egna Ca 1 av 5 svarar at «spespedrom» er egna Her blir det spurt om egna kontorarbeidsplassar og talet er mykje høgare enn i den andre undersøkelsen. Men når ein spør dei kva dei reknar som egna kontorplassar svarar : 1 av 3 at styrers kontor er en egnet kontorarbeidsplass 31% i de kommunale svarer dette 45% i de private svarer dette 1 av 4 1 av 5 kommunale svarer at pauserommet er egnet kontorarbeidsplass 1 av 3 private svarer det samme 1 av 5 svarer også at spespedrom er egnet kontorarbeidsplass – dette gjelder både kommunale og private Er det egna kontorarbeidsplassar?

4 Arbeidsmiljølova Arbeidsplassforskrifta
AML § 2-3 om å medvirke ved utforming, seie i frå om feil og manglar AML § 3-1 om krav til systematisk helse, miljø og sikkerheitsarbeid AML § 4-1 om fullt forsvarleg arbeidsmiljø AML § 4-4 Krav til det fysiske arbeidsmiljøet Vi har seks arbeidsmiljøforskrifter, to av dei er aktuelle når det gjeld kontorarbeidsplassar: «Forskrift om organisering, ledelse og medvirkning» «Arbeidsplassforskrifta» Dagslys og belysning Luft og ventilasjon Utforming og innreiing Støy og vibrasjonar Arbeidsbord og stol Litt om kva ein finn i lova og i forskriftene.

5 Arealnorm for kontorarbeidsplassar
I «veiledende kommentar til forskriften til arbeidsmiljøloven» § 4-4 heiter det at eit arbeidsrom bør ha eit golvareal på minst 6 kvadratmeter. Norma er sett for å oppfylle menneskets grunnleggande behov for tilstrekkeleg personleg rom rundt seg (Atil). Ikkje eit absolutt krav med 6 m2, men eit absolutt krav at arbeidsplassen skal vere forsvarleg (Atil) Areal som reknast med er det faktiske arbeidslokalet. Anna areal som stillerom, møterom, fellesareal og gongar skal ikkje takast med. Ved nybygg, påbygg og omfattande rehabilitering skal arbeidsforholda til lærarane alltid vurderast. I «veiledende kommentar til forskriften til arbeidsmiljøloven» § 4-4 heiter det at eit arbeidsrom bør ha eit golvareal på minst 6 kvadratmeter. Ein stad å starte dette arbeidet er ved påbygg, oppussing og nybygg. Her må hovudtillitsvalgt inn i bildet (nybygg) Atil skal godkjenne alle nye bygg. Der må dei ha planer for kontorarbeidsplassar.

6 «Tilpasset arbeidets art»
Arbeidsforskrifta seier at «arbeidsplasser skal være dimensjonert, innrettet og tilpasset arbeidets art, arbeidsutstyret og den enkelte arbeidstaker.» Kva trengs for å ha ein god arbeidsplass i barnehagen? Kva må til for at kontorarbeidsplassen skal vere tilpassa arbeidsets art og kva andre rom treng ein i tillegg? For at ein skal vite om ein arbeidsplass er tilfredsstillande må ein kartlegge behovet. Kva legg vi i «arbeidets art» for pedagogar i barnehagen og korleis må kontoret vere for at det skal fungere i praksis? Å kunne jobbe uforstyrra, utan at barn eller vaksne kjem og hentar ein ved behov på avdelinga Å kunne ha nok tid til å fordjupe seg i det ein skal jobbe med At det er stille og roleg i rommet At det ikkje er mange som går gjennom, innom eller spring utanfor døra At det er plass til ein eller fleire som kan jobbe samtidig At ein har plass til tinga sine At ein har tilgang på telefon, pc, printer osv

7 Andre viktige krav til kontorarbeidsplass
(Arbeidsplassforskrifta) Støy og vibrasjonar Dagslys og utsyn Belysning Klima, ventilasjon, luftkvalitet Arbeidsbord og arbeidsstol Tilrettelegging Støy - stillerom og rom for arbeid som krev konsentrasjon (beskytta mot støy og vibrasjonar) Dagslys og utsyn (For å oppfylle krava bør ingen faste arbeidsplassar ligge meir enn 10 meter frå eit vindauge) Belysning (Tilfredstillande belysning, Klima, ventilasjon, luftkvalitet (temperatur, fuktighet, trekk, luftkvalitet og sjenerande lukt) Arbeidsbord (Tilstrekkelig stort, arbeidshøgda skal kunne tilpassast) Arbeidsstol (regulerbar) Tilrettelegging (Arbeidstakere med nedsatt funkjonsevne)

8 Om du ikkje har ein ordentleg kontorarbeidsplass, kva gjer du då?
Er det greitt å seie at det er i orden med ein arbeidsplass som ikkje er i tråd med lov og forskrift? Kven er det greitt for og kven er det ikkje greitt for? Skal det vere opp til kvar enkelt å vurdere om arbeidsplassen er god nok? Arbeidstilsynet seier det må føretakast ei konkret vurdering av kvar arbeidsplass, men står ein fritt til å godta forholda? Vil vi få gode nok arbeidsplassar om vi ikkje stiller krav? Er det greitt å ikkje følgje lov og forskrift? Kva signaliserer vi når vi tar til takke med for dårlege arbeidsplassar? Diskuter…….

9 Partssamarbeid mellom leiing, verneombod og tillitsvald
Samarbeide om eit godt arbeidsmiljø og god kvalitet på arbeidet Utvikle arbeidsmiljøet som del av det daglege arbeidet Viktig å ha eit godt samarbeid i «fredstid». For å f til eit godt samarbeid om gode arbeidsplassar er det viktig å ha gode rutiner for samarbeid. Det er også viktig å ha eit godt HMS-arbeid i botnen.

10 Samarbeid mellom tillitsvald og verneombod Ulike roller – same mål
Vurdering av kontorarbeidsplassar er i hovudsak eit arbeidsmiljøspørsmål og ligg innanfor verneombodet sine oppgåver. Oppgåver heimla i arbeidsmiljølova. Tillitsvald Ivaretaking av medlemmer i forhold til arbeidsplaner og avtaler er tillitsvald si rolle. Oppgåver heimla i hovudavtale Godt samarbeid viktig. Skolering av verneombud viktig, ikkje berre tv

11 Meld avvik Dersom du meiner det er forhold på arbeidsplassen som ikkje er i tråd med lover, forskrifter eller barnehagens HMS-avtaler må du melde avvik til næraste overordna. Viktig med gode rutinar for å melde avvik. Det er vanleg at kvar verksemd lagar eit skjema som skal brukast for avviksmelding. Leiar har ansvar for at avvik skal rapporteras til arbeidsmiljøutvalet (AMU). Bruk retten til medbestemmelse og medinnflytelse Bruk drøftingsretten Bruk bedriftshelsetenesta Bruke alle kanalar for å nå fram

12 Meld sak til arbeidsmiljøutvalet
Arbeidsmiljøutvalets oppgåver AML §7-2 «Arbeidsmiljøutvalget skal virke for gjennomføring av et fullt forsvarlig arbeidsmiljø i virksomheten. Utvalget skal delta i planleggingen av verne- og miljøarbeidet, nøye følgje utviklingen i spørsmål som angår arbeidstakernes sikkerhet, helse og velferd.» Litt om arbeidsmiljøutalets rolle Verksemder med minst 50 tilsette må ha AMU 20-50 når ein av partane ynskjer det

13 Vi har meldt avvik og det skjer ingenting. Kva gjer vi då?
Ein skal ikkje godta at det ikkje skjer noko. Meld avvik ein gong til, og føl opp saka i AMU. Ta kontakt med verneombodet. Ta kontakt med lokallaget. Be Arbeidstilsynet om hjelp Ikkje gje opp……

14 Utføre arbeid i heimen Eg vel sjølv å jobbe heime.
Eg må jobbe heime fordi det ikkje er tilfredsstillande kontorarbeidsplass på jobben. Arbeidstilsynet: Forskrift om arbeid som utføres i arbeidstakers hjem: Litt om heimekontor Det er forskjell på om eg vel å jobbe heime og om eg må jobbe heime fordi det ikkje er tilfredsstillande kontorarbeidsplass på jobben. Vise til det arbeidstilsynet seier om heimekontor og til forskrifta.

15 Kva gjer vi vidare? Jobbe for at alle arbeidsplassar har tillitsvald og verneombod Skolere våre tillitsvalde på alle nivå i arbeidet med å få tilfredstillande arbeidsplassar i tråd med lov og forskrift Jobbe for at tillitsvalde og verneombod samarbeider godt Lage brosjyre retta mot medlemmer Eit viktig arbeid for våre medlemmer. Minner om spørsmåla side 6 og 8.


Laste ned ppt "Arbeidsplassar i barnehagen Kontaktforum barnehage 18. november 2014"

Liknende presentasjoner


Annonser fra Google